American Pie trilogien
I 1999 kom brødreparet Weitz i lag med Adam Herz ut med det som er ein av dei meir vellykka tenåringskomediane sidan den moderne varianten av sjangeren oppstod på starten av 1980-talet. «American Pie» er, ved sidan av å vere den filmen eg har sett flest gonger i løpet av livet mitt, ei vellykka blanding av på-kanten humor og hjerte. Her får me for første gong møte Jimbo, Kevin, Finch og Oz… og Stifler. Desse fire (eksl. Stifler) er faretruande nær å fullføre high school som jomfruer og inngår ei pakt om å støtte kvarandre til «pakke ut pikken og faktisk bruke den», om Stifler (Seann William Scott) skal siterast.
«American Pie» byr i all enkelheit på fire delvis ukontrollerbare tenåringsskjebnar, nokon meir enn andre, som blir forsøkt overvunne. Jimbo (Jason Biggs) fungerar som ein slags hovudperson og filmseriens bindeledd og gir oss den eine flaue episoden etter den andre, episodar me kan trekke lærdom av viss me legg veldig mykje kreativt tankearbeid i prosessen. Far til Jim er eit morsomt sidekick her som mellom anna tek far/sønn-samtalen til dei grader ut av proporsjon og legg ny meining i ordet forståelsesfull.

Kevin er den i gjengen som allereie har kjærast og ventar på det rette augeblikket. Finch er rar, men smart og Oz er sportsfyren som prøver å bli følsom for å vinne damer via utappa resurssar som skulens kor. I den første filmen skal desse tre absolutt ikkje oversjåast, men det vil vere uheldig å bruke for mykje tid på å fortelje deira personlege sider rundt ein film som «American Pie».
Det flotte med filmen ved sidan av at den byr på mange morsomme augeblikk er at den tek for seg ei veldig viktig side ved å vere tenåring; å finne ut kven ein er og kva ein vil. At karakterane her har ulikt hell på område betyr lite, når dei 90 minuttane filmen varer er over sit ein ikkje igjen med kjensla av å ha sett pur rølpekomedie, sjølv om fleire av dei komiske augeblikka her strengt tatt er på kanten til usmakeleg opplever eg «American Pie» på heilt anna vis enn f.eks. nyare «National Lampoon» eller spinoff-serien «American Pie Presents» som strengt tatt ikkje har noko med dei tre første filmane å gjere. Historiane til karakterane har komme gjennom skalet og vegen gjennom dei tre siste vekene av high school går i behageleg tempo der viktige trinn undervegs får akkurat nok merksemd.
«American Pie» vart ein stor suksess og at «American Pie 2» kom to år etter var ingen bombe. Første år på college er over og forutan Oz sitt har liva stort sett stått stille. Ein lang og kjedeleg sommar, grunna politiet sitt aktive arbeid mot private festar, står for døra då Kevin kjem med ideen om å leige eit sommarhus ved innsjøen (les: Lake Michigan) og jobbe/feste gjennom 12 veker, noko bror hans (Casey Affleck returnerar her i sin ukrediterte rolle frå «American Pie») gjorde. Jobbing åleine kan ikkje dekke utgiftene og Stifler (Seann William Scott) må bli med, takk og pris, utan denne bølla hadde spesielt «American Pie 2» vore merkbart mindre moro.
Film nummer to når ikkje opp til den første, filmen involverar ikkje alle på like godt grunnlag som den første, dette betyr ikkje at eg mislikar «American Pie 2», som meget sannsynleg er den filmen eg har sett nest mest gonger i løpet av livet mitt. Tema her er mellom anna å bli vaksen, eit møte desse ungdommane stod ovanfor i «American Pie», men som fleire av dei strengt tatt har skyvd litt framfor seg gjennom første år på college. Det handlar om å innsjå at livet er i ferd med å forandre seg og det som var viktig tidlegare ikkje nødvendigvis bidreg til lykke for dei no. Dette sagt, «American Pie 2» køyrer høgare tempo, fleire tullete komiske innslag og meir festing. Serien kunne ha tent seg med å stoppe etter denne, då det er ein verdig nok avslutning. For dei spesielt interesserte er det gøy å sjå at både Adam Brody («The O.C.») og Nora Zehetner («Brick») dukkar opp som High School Guy og Girl at Party tidleg i filmen, blant dei første rollane til begge.
Så kom «American Wedding», aka «American Pie 3 - The Wedding», viss du har lyst til å leve i uvissa omkring kven som skal gifte seg så har du vel allereie stoppa å lese. Synd du såg på bilde til høgre forresten, så du kan vel like godt fortsette å lese.
College er over, utan så mykje om og men, kva som har skjedd med folk sidan sist har blitt neglisjert og nysgjerrigheita den hardbarka fansen måtte ønske stilt blir aldri gjort særleg med, fleire av birollane har blitt fjerna fordi skaparane ikkje kunne finne storylines til dei, Oz (Chris Klein) er det einaste tapet, grunna andre innspelingar i dette tilfelle, som er verdt å trekke ned for - han utgjorde tross alt 1/4 av den harde kjerna i dei to første filmane. I staden har Stifler blitt henta inn i større grad, kva han har gjort sidan film 2 blir aldri diskutert, men det er klart at han kombinerar bussjåfør og trenarjobb for highschoolfotball.
Det er altså bryllaup på gong, Jim og Michelle skal gifte seg, per definisjon av tenåringskomedie skil altså denne tredje filmen seg ut, men beheld Jim som meisteren av flaue scener, kvalme innslag med Stifler og spenninga mellom Finch og Stifler grunna Stifler’s Mom. Kevin hamnar er alltid tilstades, men gjer aldri noko viktig. Kombinasjonen av bryllaup og tullehumor fungerar ikkje så altfor bra, fleire av karakterane er blitt kjedelege med alderen. Den nemnte spenninga mellom Finch og Stifler utviklar seg til å bli konkurranse når den heite søstra til Michelle dukkar opp, her byr filmen på si beste sidehistorie.
«American Wedding» har eg kun sett ein gong tidlegare, den har ikkje spesielt høg gjensjåingsverdi, men går glatt ned som midt på treet humor. Eg blir i det sentimentale hjørne som tidlegare var forbeholdt slutten på «American Pie 2» av å sjå «American Wedding»,
blanda med skuffelse over at dette aldri går spesielt i djubda på nokre av karakterane sine og at oppbygginga av historia rundt bryllaupet er ribba for originalitet: 1. Møte og imponere svigers. 2. Utdrikkingslag. 3. Kaos før bryllaupet. 4. Lykkeleg slutt. Filmen har ikkje så mykje den vil fortelje av meining som dei forrige, å velge bryllaup som filmens senter er å bevege seg i naturleg retning når det gjeld livets store augeblikk, men kor blei det av collegegraduation? «The next step» som tidlegare har vore viktig har dei vakse av seg, men eg sit med den ærlege opinionen om at «the next step» rundt collegegradutation hadde gjort seg betre, likeheitene til highschoolgradutation til tross.
Eg vil ikkje trekke «American Wedding» ned i dritten, over åra har eg blitt for glad i castingen til å avsjå fillmen fullstendig, men den har fatale manglar og heng dårleg saman med resten av serien. Som avlslutning er den også berre halvt verdig. Den legg seg på eit nivå altfor mange av tenåringskomediane gjer, viss me igjen skal inkludere den i sjangeren. Som komedie byr den likevel på nokre ubetalege scener, og kva filmseriar gjeld er eg tilhengar av å køyre løpa fullt ut.
American Pie: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
American Pie 2: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
American Wedding: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
