Zelig (1983)

IMDb: 7.6/10 (11,905 votes)

ZeligTulledokumentaren om Leonard Zelig, kamelonmannen, som forandrar seg til typen folk han omgir seg med, er utført i god blanding. Filmavis, standard tv-dokumentar med intervju og arkivfoto, det er aldri tvil om at Allen har peiling, dette er stadig, over 20 år etter, friskt redigert. Faktisk så godt at eg gir den status som favoritt tulledokumentar. Allen portretterar Zelig som fot i hose, typisk nok ein nevrotisk person, me får lære å kjenne han på avstand og litt om gongen slik som anna dokumentarfilm ofte fortel om historiske personar, dette passar perfekt. Med 1t 12min held «Zelig» seg frisk heile vegen til endes.

8/10

Everything You Always Wanted to Know About Sex * But Were Afraid to Ask (1972)

IMDb: 6.8/10 (11,222 votes)

Everything about sexBasert på ei bok av David Reuben har Woody Allen fått laga ein tullete kortfilmkompliasjon om seksuelle tema. Dei ulike delene varierar i stor grad frå morosame til middels, av det som gjorde seg mest bemerka var nok legen som blei forelska i ein armensk fjellsau, Dr. Frankenstein-kopien sitt feilslåtte eksperiment som resulterar i ein gigantisk pupp på avvegar og ei vitskapleg framstilling av dei indre kroppslege mekanismane knytta opp mot seksuelt samkven, der Burt Reynolds er blant dei tilsette i hjernen. Som heilheit blir diverre kompilasjonen småkjedeleg i lengden, Allen fungerar best når han har ei god, samanhengande handling.

5/10

Olsenbandens siste bedrifter (1975)

(IMDb)

Olsenbandens siste bedrifterEtter ein svak femte film i serien, var det duka for ein god «Olsenbanden»-film etter klassisk mønster. Alt tullet frå den forrige filmen er vekke. Då tenkjer eg først og fremst på uheldige sjangerblandingar, for lite fokus på sjølve banden og for lite framdrift. No er både spenningsdelen og den komiske delen gjennomført på ein betre måte. Denne gongen er det Knut Andersen som er regissør, og han gjer ein god jobb med å få filmserien tilbake på rett spor.

Medan Egon har sete inne i kasjotten, har han knytt bekjentskap til advokten til Rockefeller Holm-Hansen Jr., ein internasjonal svindlar i den store klassen. Svindlarane har eit pengeskap, som tilhøyrte direktør Hallansen, dei treng å få opna. Sidan Egon er ein ekspert på å opna pengeskap vil dei ha han til å gjera jobben. Egon seier seg villeg til å ta jobben, mot at han får 25% av innhaldet i skapet. Dermed tek han farvel med sine kompanjongane Benny og Kjell for å reisa utanlands og kunne jobba med dei store svindlarane. Men dei nye forretningforbindelsane til Egon viser seg å vera heller upålitelege. Han vert lurt trill rundt og forlatt utan noko pengar. 

Tilbake i Oslo er Egon allereie i gang med å pønska ut banden sin neste plan. Han planlegg ei grusom hemn; han veit nemleg om storsvindlarane sin neste plan. Det dreiar seg om dei berømte Bedford-diamantane som skal skifta eigar på ein tildekka måte i Oslo. Hovudmannen bak er sjølvsagt Rockefeller Holm-Hansen Jr., og Egon har lyst å seia takk for sist på sin eigen og banden sin måte. 

PÃ¥ sporet

Banden er tilbake med mange artige scener og spennande planar. Det er jo som oftast planlegginga og sjølve utføringa av planen som er høgdepunktet i filmane, og i denne filmen er det genialt utført. Birollane er også godt besett. Rolf Søder gjer ei god rolle som sleipe Rockefeller Holm-Hansen Jr., medan Oddbjørn Hesjevoll (frå Jostedalen) er god som konstabel Holm, sidestykket til den etterkvart meir rutinerte og mindre arbeidsmotiverte Hermansen, som vanleg glimrande spelt av Sverre Wilberg. Skal heller ikkje gløyma bandemedlemmane, alle tre gjer ein god jobb. Spesielt Carsten Byhring, som her viser ei anna side av den redde og forsiktige Kjell ved å stengja Egon sin rival Biffen inne i eit makinkontrollhus og ved å setja banden sin sjef skikkeleg på plass mot slutten av filmen. Sjølve slutten av filmen er litt uvanleg til ein «Olsenbanden»film å vera, heldigvis vil vel dei fleste seia.

Dei danske filmskaparane Erik Balling og Henning Bahs hadde i utgangspunktet tenkt å avslutta den populære filmserien med denne filmen, som du sikkert veit er alle dei norske filmane (med unntak av ein) basert på dei danske orginalfilmane. Men publikum ville sjå fleire filmar med banden sine artige planar og påfunn, og filmskaparne såg at det kunne vera mogleg å vidareutvikla filmserien med nye idear og figurar, allikevel med ein fast «Olsenbanden»-formel der dei geniale planane og kuppa framleis skulle stå sentralt i filmane. Dei lot seg dermed overtale til å halda fram med filmserien, og godt var det.

Verdt å nemna er at dei norske filmkritikarane, som stort sett hadde slakta alle dei fem første filmane, denne gongen var meir positiv med kritikken sin og såg at filmkvaliteten hadde forbetra seg ein god del frå dei første filmane. VG slo forøvrig til med ein sjeldan firar på terningen, noko som må seiast å vera bra å få som karakter frå dei ofte sære og strenge filmkritikarane.

Vurdering: 8 av 10.

The Day After (1983)

IMDb: 6.8/10 (3,621 votes)

The Day After«The Day After», viss tittel ikkje må forvekslast med den middelmådige «The Day After Tomorrow», er ei grafisk beskriving av «kva viss dette skjer» der «dette» er scenarioet mange var redde under den kalde krigen, atomangrep. Laga for tv-stasjonen ABC i 1983 gjekk filmen over til å få kinodistribusjon i blant anna Noreg året etter, dette gav meg håp og forventingar til ein god film. På skodespelarsida har me dessutan John Lithgow, John Cullum frå «Northern Exposure» og Amy Madigan frå «Carnivale», for å nemne få.

Tittelen spelar tydeleg på at det er etterverknadane som er viktige her, for å skape sterke emosjonelle augeblikk og gi truverdigheit til scenarioet utover i filmen er det viktig og rett gjort å bruke ei stund på å bygge opp til det uunngåelege missilnedslaget. I staden for å køyre på med all verdens lykkelege kjernefamiliar og lystig musikk i fem minutt går det faktisk ei god stund med noko som kjennes lik ein pilotepisode for ein dramaserie med oppbygging til noko større, før alvoret rammar for fullt. Med radio- og tv-sendingar der snakk om Russlands invasjon av Vest-Tyskland er sentralt og med filmplakat og handlingsbeskrivelsar rundt omkring kjem ingenting som ei overrasking. Likevel, når dei første soppane sprett opp er det med frysningar langs ryggen eg ser det skje.

The Day After missiles«The Day After» er først og fremst ein spelefilm, i motsetning til «The War Game» frå 1965 som tek for seg eit liknande scenario i dokumentarisk stil er karakterane viktige her i lag med at det heile ser autentisk ut. Som sagt er dette ei grafisk beskriving, og det meste ser verkeleg lekkert ut, tatt øydeleggelingane i betrakning, sett på det med alvorl er situasjonen håplaus, skremmande og har ein sterk politisk bodskap (rulleteksten stadfestar bodskapen). Nedtona musikkbruk er med på å bidra til det grafiske fokuset og bygge opp rundt temaet i det som kan seiast å vere ein publikumsvennleg film. Til å vere tv-produsert overraska den meg positivt på alle måtar og kan trygt samanliknast med ein ordinær film, effektane er gode og elles er det svært lite ved «The Day After» trekk i negativ retning.

Ved sidan av motkommande tog er radioaktivitet ein av tinga som skremmer meg mest, forventingane mine til dette som «kva viss»-film kombinert med gode filmatiske karakterar generelt, blei innfridd, eg synst også den nyttar to timar fullt ut. Om pre-, då- og postapokalyptisk fiksjon med rot i verknadane av atomkrig høyres spennande ut er dette ei anbefaling.

8/10

The Darjeeling Limited (2007)

IMDb: 7.3/10 (39,637 votes)

The Darjeeling LimitedDarjeeling er eit område i India, kall det fylke eller delstat, dit brødrene Francis, Peter og Jack Whitman (Owen Wilson, Adrien Brody, Jason Schwartzman) reiser i lag for å finne seg sjølv og kvarandre i regi av eldstemann Francis sine planar om ei spirituell oppleving. Forholdet dei tre i mellom er smått anstrengt i mangelen på tillit, handlinga går føre eit år etter farens død, noko dei endå er prega av. Francis har nyleg køyrt motorsykkel i ein fjellvegg, Peter går med faren sine briller sjølv om han får hovudverk av dei og Jack har flytta til Europa for å komme vekk frå alt og alle.

Turen gjennom India utviklar seg etterkvart til å bli noko anna enn Francis forventa, kanskje ikkje den største overraskinga for publikum, planen om å oppleve tempel, lære og stole på kvarandre, osv. går kanskje i vasken, men Wes Anderson legg aldri skjul på at han berre er valgt ein anna veg mot same mål for karakterane sine. Måten Anderson gjennom heile filmen vel avslutte episodar til forventingane forut, utan å definere forløpet på førehand, kjem tydeleg fram når Jack les høgt frå ei historie han har skrive slutten, men ikkje starten på, dette fungerar også som er ei sterkare tilknytning til «Hotel Chevalier».

Denne måten alt i både «Hotel Chevalier» og «The Darjeeling Limited» er knytta saman på kjenner eg som Wes Anderson sin signatur, symbolikk i fargar og gjenstandar, utprega kameraarbeid, skodespelarne og valet av musikk er andre aspekt som lett glir inn i måten mannen lagar film på og som eg har lært meg å verdsette, og som absolutt er tilstades i «The Darjeeling Limited». For min del overgjekk denne forventingane mine og eg satte pris på at varmen i filmen kjem fram mellom alle detaljane og avstikkarane Anderson har valgt å trekke fram.

9/10

Hotel Chevalier (2007)

IMDb: 7.2/10 (6,819 votes)

Hotel Chevalier«Hotel Chevalier», kortfilm og forord til «The Darjeeling Limited», er ei innsikt i Wes Anderson som regissør veldig kort; musikken, symbolikken i detaljar og miljø og karakterar som ikkje nødvendigvis lempar kjenslene sine på kvarandre i eitkvart høve. To personar med ei fortid møtes igjen på eit hotellrom i Paris, det er tydeleg at dei tykkjer om kvarandre, likevel har dei skilt vegar tidlegare, årsaka blir her overlete til sjåaren å tenke ut, enten åleine eller gjennom forløpet til «The Darjeeling Limited». Når eg såg «Hotel Chevalier» for første gong var det stemninga ved saken som fekk med til å revurdere interessa for Wes Anderson, «The Life Aquatic with Steve Zissou» har tidlegare satt meg på bakfot (no likar eg den!), men då fekk eg verkeleg lyst til å sjå «The Darjeeling Limited».

7/10

Mistresses sesong 1

6 episodar.

MistressesFire kvinner; ei enke, ei forførerske, ei gift og ei einsam. «Mistresses» som utgongspunkt kan likne på ein kva som helst slags jenteserie, men er ikkje det, i staden for å bli grensesprengar på snakk om sex og sånn har denne BBC-produserte serien valgt å legge seg på den alvorlege sida. «Mistresses» er verken humor eller såpe, det er drama og svært alvorleg. Naturlegvis legg det ingen hinder for å gi serien lyse sider, for å merke nedturane skal ein ha opplevd oppturar, skaparane av «Mistresses» har innsett dette.

Problema som blir teke opp her er like innovative som kjøtkaker på eit norsk middagsbord, det er snakk om utruskap, løgner, kjærleik og umoglege forhold. Grunnen til at dette fungerar er at personane alltid framstår som reflekterte menneske, men at ingen er perfekte. Du veit når Siobhan gjer feil, du veit når Katie bør sei stopp, det veit dei sjølve, men sagt er lettare enn gjort, her er det rom for mykje spenning i dramaet, og mykje av grunnen til at «Mistresses» er i live frå start til slutt.

Eit pluss er det og at personane i blant tek gjennomtenkte vedtak som ikkje berre verkar som ei enkel løysing for manusforfattarane, at dei fleste vedtaka generelt tilfører noko ekstra enn berre framdrift i handlinga. «Mistresses» har verkeleg truffe kniven på egget her. Akkompagnert med passande musikk som heller ikkje blir for melodramatisk, synst eg, og med eit stabilt kobber av britiske skodespelarar med erfaring, gir heller ikkje produksjonen på overflata inntrykk av å vere show-off.

Eg har vore raus med godorda, sanninga er at «Mistresses» treff der den skal treffe, for folk som er ute etter denne type drama naturlegvis.

The Last Train miniserie

6 episodar.

«The Last Train» er ein miniserie av det post-apokalyptiske slaget, datert 1999 og opprinneleg sendt pÃ¥ britiske ITV. Den handlar om etterspelet til eit asteroidenedslag og følger ei gruppe meir eller mindre tilfeldige menneske, viss du ser bort frÃ¥ dei skreddarsydde konfliktorienterte personlegheitene. Under det som er «den siste togturen» blir dei innestengt i ein tunnel nÃ¥r asteroiden skapar jordskjelv, der blir dei nedfrosne av ein gass som ei av passajerane har med seg, Harriet — som ho heiter — visste at nedslaget kom til Ã¥ skje og var pÃ¥ veg til «dvaleland» med gassen i handbagasjen.

The Last Train ITV

Tida går, dei vaknar opp, først usikre på kva som har skjedd, fortel Harriet dei om gassen og at det må ha gått nokre månader. Vel ute tog og tunnel oppdagar dei at England har blitt folketomt. Harriet er besatt på å finne atombunkersen ho var på veg til før togkrasjet. Undervegs vil ulike interesser blant passasjerane føre til konfliktar, trøbbel møter dei på vegen og den tida gir dei fleire sjokk.

«The Last Train» har den grunnleggande ideen til ein god post-apokalyptisk serie pÃ¥ plass, laga og forfatta av Matthew Graham (han som har laga «Life on Mars») forventa eg sopass — mannen har tydelegvis sansen for Ã¥ plassere folk i uvante tidsrom for Ã¥ gi sjÃ¥aren gleda av Ã¥ følge karakterar si tilpassing og avsløring av sin eigentlege natur.

Synd er det at «The Last Train» blei med ideen, dei tre første episodane gjekk greitt ned i vente på noko meir, men det blei med ventinga. Til miniserieformatet forventa eg meir film enn episodebasert handling, her er det stadige hinder som dreg ut i kvar episode, aldri spennande og på bekostning av utviklinga til hovudhistoria. Lite hjelp det at skodespelet er dårleg og karakterane er usympatiske idiotar som gong etter gong etter gong skapar trøbbel for kvarandre ved å ty til dei mest forutsigbare handlingane.

Det er mest pÃ¥ grunn av det lÃ¥ge tempoet at «The Last Train» blir ei tÃ¥lmodigheitsprøve. Hadde ting skjedd litt fortare, avstanden til mÃ¥let vore lengre, eit eller anna annleis iallfall — sÃ¥ hadde eg ikkje reagert særleg pÃ¥ avgrensingane. Miljøet me er vitne til er spennande og detaljert, men blir uviktig og uutforska for karakterane. Fordi karakterane som nemnt er kjedelege blir ein sittande Ã¥ studere andre ting i bakgrunnen, nÃ¥r det sÃ¥ skjer lite nytt der blir ein utÃ¥lmodig. «Jeremiah», for Ã¥ samanlikne, er ein amerikansk serie av det post-apokalyptiske slaget med passe avgrensa miljø. I motsetning til «The Last Train» viser den nye omrÃ¥de litt og litt, i hurtigare tempo og med mindre dveling, dette gjer at ein sit igjen med nysgjerrigheit for meir framfor Ã¥ bli lei av det eksisterande. («Jeremiah» er betre pÃ¥ omtrent alle mÃ¥tar forresten.)

Eg har mange tankar om serien, mest negative, men for å gi meg mens leiken er god hoppar eg rett til avslutninga. At eg skriv dette betyr jo at eg har fullført «The Last Train», tross alt. Grunnen er at eg var sopass nysgjerrig ovafor slutten at eg måtte køyre løpet ut, skuffelsane undervegs lot seg diverre vere forgjeves, slutten er absolutt på nivå med resten av serien.

God ide, dårleg gjennomføring. Ikkje anbefalt og heller ikkje mogleg å få tak i på DVD, så det var sagt.

Olsenbanden møter Kongen og Knekten (1974)

(IMDb)

Olsenbanden moter kongen og knektenI film nr. 5 i serien dukkar Olsenbanden sine to største rivalar opp, Kongen og Knekten. Merkeleg nok har dei ikkje vore nemnde tidlegare… Det som er verre er at mykje gÃ¥r pÃ¥ tomgang i denne filmen, den verkar bÃ¥de rotete og lite samanhengande. Kongen og Knekten er forsÃ¥vidt to interressante figurar, men det er jo Olsenbanden og deira planar ein først og fremst vil sjÃ¥ nÃ¥r ein ser ein «Olsenbanden»film.

Denne gongen kjem Egon med ein plan om å stela 4 millionar kroner i momspengar, som dei skal få tak i ved å rana ein pengetransport. Planen vert gjennomført nøyaktig som planlagt, dermed er banden 4 millionar rikare, enn så lenge. Kongen og Knekten har nemleg kasta sine auge på utbyttet, for dei veit godt kven som har stole pengane. Med ei avleiingsmanøver greier dei å finna skjulestaden der pengane er gøymt og tek dei med seg i same slengen. Men Olsenbanden har ikkje tenkt seg å gi seg så lett.

Dette er nok den svakaste filmen i serien, mykje grunna eit heller svakt manuskript og treig framdrift. Det einaste som er verdt å få med seg er korleis banden ranar pengetransporten i starten av filmen, akkurat den biten er det god «Olsenbanden»klasse over. Men etter det er det full stopp, med ein god del usannsynlegheiter og scener som ikkje er morosame i det heile. Filmen prøver også å leika seg med musikalsjangeren i ein liten sekvens, det passar ikkje inn i denne type film. Wilfred Breistrand gjer ei totalt unødvendig og umorosam rolle som kriminalsjefen, han ser stort sett berre sur ut og kjeftar på stakkars Hermansen når han er med. Samspelet dei imellom fungerar heller dårleg, bra at Hermansen får friare tøylar og vert meir leiande i politiarbeidet, som i fjerde film, seinare i serien. Medan den forrige filmen hadde ei god spenningsoppbygging mot dei siste 40-45 minuttane med nye planar og påfunn, er det ikkje mykje av nemneverdig karakter som skjer mot slutten av filmen her. Skuffande at regissør Bohwim ikkje har fått meir ut av sopass dyktige skodespelarar. Han har ein god del av ansvaret for at filmen både er rotete og verkar halvferdig.

Vurdering: 2 av 10. 

Wilby Wonderful (2004)

IMDb: 6.9/10 (436 votes)

Wilby WonderfulPå ei lita øy, gud veit kor, men filmen er kanadisk og har blant anna Ellen Page på rollelista, bur eit lite utval meir eller mindre interessante menneske som utgjer nok problematikk til å danne grunnlaget for «Wilby Wonderful».

«Wilby Wondeful» er ein av desse rolege filmane, med mindre budsjett og eit par kjente namn samt litt flott musikk, som får «indie»-stempelet sleng etter seg. Det er ingen viktig raud tråd, men heller nokre menneske som knyttar dette saman ved at dei kjenner kvarandre og alle strir med problem i ulik grad, og at dette skjer i oppløpet til øyas Wonderful Wilby-festival.

Den positive sida til filmen er at eit par av problema har blitt gjort sopass alvorlege at det gir litt ekstra å følge med, filmen tek større avstand frå å spele på sære menneske enn fleire andre indieproduksjonar som har gjort seg bemerka gjerne har gjort og overlet oss heller til eit lite øysamfunn utan dei største karikaturane. Dette får meg innpå minuset, som nemleg er at det aldri skjer dei mest merkverdige tinga som får meg til å fatte djup interesse, det blir litt for slappt i lengda, sjølv om det er ein fin film.

6/10
2 / 41234