roar
03-feb-2008

Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok (1973)

(IMDb)

Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amokEtter tre litt ujamne filmar i serien, var det endeleg klart for den første skikkeleg gode «Olsenbanden»-filmen. «Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok» er ei litt meir seriøs utgåve av banden, sjølvsagt med ein del komiske scener, men med betydeleg færre teite og amatørmessige scener som spesielt prega den første og tredje filmen. Samspelet mellom bandemedlemmane byrjar no også å fungera betre, og med ein Harald Heide-Steen Jr. i storform som Dynamitt-Harry vert det ein god del artige scener.

Etter eitt mislukka kupp i Oslokinoen Colosseum, kjem Egon som vanleg ut frå Botsen med ein pakke under armen. Men denne gongen er det berre Dynamitt-Harry som ventar på han. Benny og Kjell har nemleg skaffa seg jobb på kolonialforetninga til Benny sin komande svigerfar. Sjølv om Egon prøver å overtala dei med ein genial plan, er dei vortne så avhengige av lønsslippen sin at dei ikkje vil gje slepp på jobben sin.

Ein dag vert Benny og Kjell feilaktig anklaga for å stjela frå butikken sitt pengeskap, og hamnar sidan i kasjotten. Egon greier ved hjelp av Kjell sin son Basse å redda dei to ut frå politiet sine klør, og dermed vert dei meir venlegestilt mot Egon og planen hans. Planen til Egon denne gongen går ut på å stjela på 6 millionar kr. i svarte pengar, som tilhøyrer kongen av det ulovlege pengeutlånarmiljøet i Oslo, nemleg direktør Hallansen. Pengane er gøymt i eit sikkert pengeskap som få veit om - Egon veit sjølvsagt om det. Han delte celle med den tidlegare advokaten til Hallansen, og fekk opplyst koden til safen av han. Det er likevel ikkje så enkelt å koma seg inn i bygninga der pengeskapet er gøymt. Bygningen er bevakta av profesjonelle gorillaer døgnet rundt, i tillegg til at rommet der pengane befinn seg er konstruert med eit elektronisk varslingssystem.

Politiet med kriminalbetjent Hermansen i spissen er også byrja å sirkla inn pengeutlånarane, så her gjeld det å skunda seg for banden før politiet slår til.

Går amokDet er ein del artige detaljar og scener i denne filmen. Ein av dei er at Hermansen denne gongen nyttar seg av vanlege Egon-uttrykk som «alt er taima og tilrettelagt» og «aksjon starter i morra tidlig» i sin eigen politiaksjon. Ein annan ting er måten Egon greier å koma seg inn på rommet der pengeskapet befinn seg, rett og slett genialt utført av bandesjefen sjølv. For ikkje å gløyma når han vert stengt inne på fryselageret i same bygning. For å få han ut derifrå må Dynamitt-Harry gå i gong med spregningskunstane sine. Nedtellinga til sprenginga føregår samtidig med politiet si eiga nedteljing til deira aksjon. Kort og greitt kan ein seia at både humordelen og spenningsdelen er vorten mykje betre samanlikna med dei tre første filmane. Etter det eg kan hugsa var det også denne filmen i serien som fekk best besøkstal på kinoen i si tid. Kan til slutt nemna at dette var den første heile «Olsenbanden»-filmen eg såg, og den fekk meg til å verta skikkeleg interessert i denne filmserien.

Vurdering: 8 av 10

 
ness
03-feb-2008

TV pilotguide #8: The American Way

Terminator: The Sarah Connor Chronicles

TerminatorGreia med «Terminator» er at på grunn av moglegheitene for tidreise kan både notida, fortida og framtida forandrast heile tida, dette har gir rom for «Chronicles» til å ta plass der «Judgment Day» slutta. Serien omhandlar Sarah og John, sistnemnte som ungdom, si stadige flukt frå FBI og farlege robotar. Noko som betyr at serien foregår i relativt høgt tempo og med ein del fiffig action. Favorittkarakteren min blei umiddelbart Cameron (Summer Glau), kombinasjonen tøff og søt har sjeldan glidd så lekkert saman. Ein av dei mest etterlengta sesongpremierane innan seriebransjen innfrir, og eg er ikkje blodsfan av filmane heller! Uansett kva det kan høyres ut som så forvent ikkje nivået til filmane.

Cashmere Mafia

Cashmere MafiaFire suksessfulle kvinner med forskjellig sivilstatus, New York, menn. «Cashmere Mafia» er som «Sex and the City», berre lengre episodar og overfladisk, men i bunn og grunn same tematikken. Under overflata er serien frykteleg tynn frå første stund av, enkelt og lett å følge med på, men lite rom for ettertanke. Serien har ikkje noko ekstraordniært å by på, «Sex and the City» står seg ut som både viktigare og djupare, «Desperate Housewives» som serien også har likskapar med står seg ut som drøyare i andre retninga. «Cashmere Mafia» er det kvinnelege motstykke til «Big Shots» (begge ABC, sistnemnte ny i haust), og like unødvendig.

Breaking Bad

Breaking Bad«Weeds» gone wild? 50-årige Walter har to dårlege jobbar, når han får diagnosert lungekreft og to år igjen å leve bestemmer han seg for å nytte kjemikunnskapane sine til å lage crystal meth. Samtidig opplev han ei form for midtlivskrise, utan at distinksjonane mellom problema hans kan skiljast klart. Ut i frå dei to første episodane er det vanskeleg å sjå kva dette vil bli for ein serie, den er klar for å tøye grensene, med tanke på handlingsforløp går den berre vidare og gir inntrykk av å vere original nok til å ta sine eigne val, eg blei nysgjerrig nok.

In Treatment

In TreatmentPsykologserien «In Treatment» kan med fem episodar i veka seiast å vere ei storsatsing frå HBO si side. Kvar dag har sin eigen pasient og serien kviler på kor vidt du finn denne personen interessant, Gabriel Byrne som psykologen er der for å føre pasientane framover og for ikkje å gjere dette til halvtimeslange monologar. Tross mykje snakking blir det ikkje monotont, iallfall ikkje første veka. Strengt tatt burde eg fulgt med i to veker for i heile tatt kunne danne eit ørlite bilde av korleis dette vil fungere, når den tida var gått kunne eg jo også ha kutta ut pasientane som ikkje var interessante nok. Men eg synst dette var interessant, det utgir seg aldri for å vere anna enn samtale mellom pasient og psykolog, på ein smart gjennomført måte. Episoden der Byrne sjølv spelar pasient er klart den beste, dette blir fast på planen framover for meg.

 
ness
02-feb-2008

Ran, drap og lastebilkøyring

The Killing (1956, Stanley Kubrick)

The KillingKvar Stanley Kubrick film byr på noko nytt mot resten, enten det er sjanger eller kompleksiteten til den fortalte historia. «The Killing» er ein heistfilm, som vil sei at det handlar om eit ran, nøye planlagt og detaljert forklart. Den tek for seg dei menneskelege sidene ved planen med omhug, ingen plan er perfekt då folk kan vere uforutsigbare, men ein god plan er fleksibel nok til å kunne hanskast med enkelte feilgrep. «The Killing» er ganske rett fram fortalt og byr ikkje på avstikkarar, fokuset og kompaktskapen gjer at dette fungerar og er spennande nok når det varer.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Shadow of a Doubt (1943, Alfred Hitchcock)

Shadow of a Doubt (1943)Hitchcock skuffar sjeldan, «Shadow of a Doubt» hamnar litt nedpå lista mi i kamp mot dei andre filmane hans, men er utvilsomt ein god film. Familien Newton får besøk av favorittonkel Charlie, spesielt vesle Charlie (jente i dette tilfelle) ser opp til onkelen sin. Ho påstår dei har eit telepatisk bånd, nesten som to tvillingar. Men onkel Charlie har ei mørk side. Så gradvis at du aldri legg merke til det forandrast idyll til mareritt, filmen er fullspekka med detaljar som frampeikarar og byr på spenning så vel som gledesstunder. Naturleg nok er vesle Charlie prega av dette. Gjennomførelsen med utspekulerte kameravinklar og få ord om den faktiske handlinga gjer dette endå meir til ein sjåverdig film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Le Salaire de la peur (1953, Henri-Georges Clouzot)

Wages of FearTo lastebilar med nitroglyserin skal fraktast frå A langs B til C. A er ein roleg avsidesliggande landsby i Sør-Amerika med fleire arbeidsledige franskmenn, B er ein dårleg landeveg med mange ulumskheiter, C er ein oljebrønn i brann. Forspelet byr ikkje på det heilt store, roleg og handlingslaus som delen er, men den er med på å gi kontrastar til nervepirringa i B-delen av filmen, som må seiast å vere blant dei mest spennande bilturane eg har opplevd på film. Eit par logiske bristar (kvifor rygge så langt ut på stillaset?) bryr meg lite, god nok film, og så veldig alvorleg i blant óg! For dei som er usikre, det er filmen med internasjonal tittel «The Wages of Fear» eg snakkar om her.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
01-feb-2008

Chisum (1970)

IMDb: 6.6/10 (1,637 votes)

ChisumJohn Simpson Chisum var ein rik herremann innan kvegdrift på andre halvdel av 1800-talet. Denne relativt frie tolkinga satt til eit av hans seinare leveår, 1878, kastar lys på kjennskap til legender som Pat Garrett og Billy the Kid, utan å gå forbi verken «Pat Garrett & Billy the Kid» eller «Young Guns II» når det kjem til kalde fakta - det er vel ingen av filmane si sterke side.

I «Chisum» er det den sleipe forretningsmannen Mr. Murphy som er årsaka til oppstyr. Murphy er av kjent kaliber, på veg til rikdom og makt er det ingenting som kan stoppe han, vel, ingen utanom John Wayne som Chisum. Chisum har i si tid vore oppi nok av bråk, alderen har likevel forma han til det betre og i sitt 54. leveår er han ein rettferdig mann som står på folket si side mot kapitalisten Murphy sitt opptog i småbyen Lincoln, som rettferdig og ikkje minst rettskaffen skal det meir til enn misliking av Murphy for å snu dagleglivet på hovudet. Ein konfrontasjon er vel alltids uungåeleg?

John Wayne gjer ikkje si sterkaste rolle som Chisum, då personlegheita til kvegdrivaren krev litt ekstra i enkelte sekvensar enn det Wayne ser ut til å kunne by på. Ikkje for å sei at han på nokon måte er dårleg, men i lys av at eg stort sett har sett «Rio Bravo» og «The Searchers» hamnar dette eit hakk under. Som eit meir actionprega western er det elles ein god film, technicolor og stødig kameraføring er med på å trekke opp inntrykket av ein solid produksjon. For ein uerfaren innan westernfilm som meg sjølv er det likevel artig at spennande namn, eigne tolkingar av tidlegare legender, dukkar opp og bidreg til eit fargerikt persongalleri.

Forutan «Chisum» som hyggeleg midlertidig følgesvenn er kommentarane mine få.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10