Steep (2007)

IMDb: 6.4/10 (122 votes)

«Steep» angrip ekstremskisportens verd slik «First Descent» gjorde det med snowboard, viss du ikkje har sett «First Descent» så seier dette deg lite eller ingenting, men det betyr altså at «Steep» er ein nydeleg sportsfilm i behageleg tempo som tillegg vekt i sporten og miljøet rundt, nydeleg som i at det er proffe kameramenn og redigeringsarbeid og ikkje minst at filmen har fått musikk komponert for seg. Oppbygginga gjer også at det stadig blir meir dramatisk etter kvart som me følger sporten gjennom åra kronologisk med litt historie.

Her er det også nerve som pressar ein ekstra godt bak i stolen, eller i mitt tilfelle sofaen, naturen som blir framstilt er av den mektige og farlege typen, dette blir stadfesta av kommentator og ikkje minst utøverane som trossar farane, men ikkje i dømmande kraft. Faren blir som dei andre faktorane som skulle ha vore hinder eller grunnar for å leve draumen om å flyte ned bratte, snøbelagte fjellsider, eit forsøk på å beskrive det ubeskrivelege, filmen får likevel fram at det er ei drivkraft. «Steep» er utan tvil romantiserande, ein film som dette skal vere det synst eg, for den skal klare å appellere til fleire enn berre skifolket, den skal vere litt på kanten og gi ei levande kjensle.

Store ord om ein stor film, «Steep» har eit par små minus som at det kan bli for store ord i ny og ne, litt for store til å svelge, men få filmar gir meg ei sitrande kjensle som den held så lenge på som det skjer her. Eg trur denne kan nå både dei som likar filmar med natur, med eventyrlystne mennesker, så vel som dei som vil sjå den for skiståing sin del.

8/10

In Treatment sesong 1

43 episodar.

I løpet av rundt 8 veker har eg gått til behandling hjå psykolog Dr. Paul Weston 43 gonger. Heilt sant er no ikkje det, då eg minst 8 av gongene har spionert på Weston i samtale med sin eigen psykolog, ein sjeldan gong, spesielt siste tida, har eg og forfulgt han andre stader.

Gabriel Byrne

Grunnane til at eg har gått til psykolog er mange, eg har prøvd å teke livet av meg, eg har hatt samlivsproblem, vore generelt ustabil og slitt med mitt eige sjølvbilde. Kan hende eg framstår som tøff, kalkulert og som ein vinnar, ingen vil nekte på at eg er den beste jagarflypiloten heller, litt rart då at eg er å finne i sofaen på kontoret til Weston, som eg gjennom eit år i terapi har blitt forelska i, etter å ha ubevisst med vilje krasja sykkelen min inn i ein køyrande bil.

«In Treatment» er, ikkje om meg, men om Paul Weston og pasientane hans. Weston sjølv blir spela av Gabriel Byrne, ein høgst kapabel skodespelar til å sitje i stolen sin og nikke til psykobabbel. Fire dagar i veka, måndag, tysdag, onsdag og torsdag, møter me eit utval av dei mest interessante pasientane hans. Desse går igjen gjennom heile serien: Laura, Alex, Sophie og Jack og Amy. Fredagen går Paul til sin eigen psykolog, kollega og venn Gina. Serien er bygd opp rundt kontoret og timane til pasientane i form av 25-30 minuttars episodar, med ein og anna avstikkar etter kvart. Styrken til einkvar serie i lengda ligg i karakterdjubde, «In Treatment» MÅ ha gode karakterar for å fungere, det har den også, så det fungerar, enkelt og greitt. Det fungerar faktisk veldig greitt, eg elska serien allereie etter å ha møtt pasientane berre ein gong kvar.

In Treament korrekt

Tross at dette har pågått kvar kvardag i mange veker, akkurat slik såpeseriar gjer, kan ikkje «In Treatment» kallast såpe, dette er ein prime-time serie med gode kvalitetar i form av svært intense emosjonelle utleveringar, gode samtalar, alt gjort av utmerka skodespelarar i tillegg til Byrne sjølv. Dei drevne i å hugse skodespelarar gjennom tidene vil fort oppdage at det er Dianne West som er Pauls eigne psykolog. «In Treatment» gjorde meg nok mykje hekta på grunn av konseptet som byr på mengder med episodar i løpet av kort tid, eg elskar å stadig ha tilgong på noko eg likar, at det likevel har blitt avgrensa til ein episode om dagen har gjort meg lengtande etter meir heile vegen.

Om eg ikkje akkurat trekk fram faktum at «In Treatment» har ganske mykje dramatikk, serien føregår i ein periode der Paul sjølv befinn seg i ein spesiell livssituasjon, så vit at det her er fyllt på med nok av dramatikk. Eg spurte meg sjølv spørsmålet undervegs kor realtistisk serien er i forhold til ein vanleg psykolog sitt liv og sitt forhold til pasientane sine, men gjorde aldri tankerekka så drøy at det fekk meg til å stille spørsmål rundt kor vidt eg kan ha glede av å følge serien, heller ikkje det at møte mellom psykolog og pasient er svært intimt fekk meg til å løfte augnebryna særleg, eg sluker opp ting som skjer med andre like mykje som naboen. Menneske lever jo gjerne på å sette sitt liv opp mot andres.

God serie forresten, den kan anbefalast.

Jason Goes to Hell: The Final Friday (1993)

IMDb: 4.0/10 (7,636 votes)

Eksplosiv start, Jason blir sprengt i fillebitar av militære, men oppstår då obduksjonsansvarlege finn det for godt å jafse i seg det store, svarte hjarte som Jason hadde i kroppen. I «The Final Friday» blir det forsøkt gitt begrunnelsar for kvifor Jason er som han er, noko neste film følger opp med. Det skal ikkje vere slik, Jason er eit rart vesen som vanskeleg kan plukkast frå kvarandre. Filmen ser derimot passe lekker ut, og byr på bøtter med blod.

4/10

Friday the 13th Part VIII: Jason Takes Manhattan (1989)

IMDb: 3.8/10 (8,920 votes)

Smak på tittelen. Litt musikal som i «The Muppets Take Manhattan» kanskje? Her handlar det om ungdommar, igjen, og ja, Jason! Handlinga går føre seg på eit cruise til New York, høgdpunktet i filmen er sjølvsagt ved framkomsten. Ikkje heilt bra dette, Jason i folkemengder blir litt rart, men det fungerar akkurat greitt nok likevel, dei som har komme seg så langt i serien veit jo kva dei går til.

4/10

Friday the 13th Part VII: The New Blood (1988)

IMDb: 4.5/10 (7,773 votes)

Ei jente som opplevde faren sin død kjem attende til Crystal Lake med legen sin for å få gi fart i traumebehandlinga, ho har nokre telepatiske emner som er viktig for filmen då Jason nok ein gong oppstår for å plage jenta (med lege og mor) og dei festglade ungdommane som har leigd hytta like ved.

5/10

Jason Lives: Friday the 13th Part VI (1986)

IMDb: 5.2/10 (8,479 votes)

Vår venn frå «The Final Chapter» og «A New Beginning» får lov til å vere med her også, heller ikkje filmskaparen klarar å bevare særlege likskapar i karakteren som igjen blir spelt av ein ny skodespelar. Jason er tilbake og begynnar verkeleg å ta av, frå her og utover blir gjennopplivingane villare . Filmen tek for seg leirinstruktørar igjen, har med politi som prøver å undertrykke legenda Jason. Morosamt er det at Crystal Lake har bytta namn til Forest Green for å understreke poenget til politimannen, når namnet igjen er Crystal Lake i neste film finst det ingen grunngjeving for det.

5/10

Never Back Down (2008)

(IMDb)

Never back downDenne gangen skal jeg skrive en anmeldelse om filmen «Never Back Down». Som ivrig tilhenger av MMA (mixed martial arts), så jeg frem til å se denne filmen som i utgangspunktet kan klassifiseres som en «MMA-film».

En ung kar ved navn Jake Tyler (Sean Faris) med en rebellsk fortid flytter til et nytt sted og begynner pÃ¥ en ny high-school. En dag blir han invitert pÃ¥ en fest av en jente ved navn Baja Miller (Amber Heard). PÃ¥ denne festen blir han utfordret til Ã¥ slÃ¥ss Ryan McCarthy (Cam Gigandet) som er en MMA-utøver. Tyler som har vært involvert i nevekamper tidligere, fÃ¥r grisejuling av han andre. Da han vÃ¥kner opp dagen derpÃ¥, er han skamslÃ¥tt og vil bare gi opp. Her kommer vendepunktet i filmen. Han begynner Ã¥ trene MMA pÃ¥ et gym. Treneren pÃ¥ gymen (Djimon Honsou — kjent fra «Blood Diamonds»), blir etterhvert en mentor for Jake. Vi kjenner alle «Karate Kid», Honsou blir en slags Mr. Miyagi for Jake og hjelper han igjennom tykt og tynt. Samtidig som han trener knallhardt, forelsker han seg i Baja og de to blir et par. Igjennom hun og sin trener fÃ¥r han den nødvendige ballasten til igjen Ã¥ stÃ¥ opp i mot McCarthy.

Tilslutt møter Jake sin demon i McCarthy igjennom en undergrunns MMA-turnering som utvikler seg til den reneste gatekampen i sluttscenen. Jeg skal ikke avsløre noen slutt, men kan si at det er en typisk Hollywood-klisjeaktig avslutning i denne filmen. Denne filmen er ikke noe mesterverk, så langt i fra. Men er man på jakt etter en film med greie kampsportscener og hotte babes er dette filmen for deg. Sånn ellers vil du ikke bli noe klokere av denne filmen.

Min rating: 5 av 10

Friday the 13th: A New Beginning (1985)

IMDb: 3.9/10 (8,273 votes)

Denne litt snÃ¥le greia var den første skuffelsen, ikkje ein stor, men likevel ein skuffelse. For det første — her fÃ¥r det sÃ¥ vere at eg røper poenget — Jason er utelatt frÃ¥ filmen. Det heile føregÃ¥r pÃ¥ eit ungdomsanstalt utan guffen Crystal Lake-stemning. Interessant er det Ã¥ sjÃ¥ ein rollefigur frÃ¥ «The Final Chapter» (ny skodespelar dÃ¥), fÃ¥r lov til Ã¥ spele gjennom heile filmen og ikkje berre vere senter for opningssekvensen. Overkommeleg film, ingenting Ã¥ skrive heim til mor om.

4/10

Friday the 13th: The Final Chapter (1984)

IMDb: 5.1/10 (9,107 votes)

Det flotte med denne filmen er at barn er teke inn i historien, dette gir ekstra gufs, eller eit ekstra puff i framstillinga av brutaliteten. Starten er ogsÃ¥ ganske morosam. Har lite Ã¥ utsette pÃ¥ denne, den er som den forrige filmen midt pÃ¥ treet. Siste film i franchisen er den og… eller… vent litt, du.

5/10

Doctor Zhivago (1965)

IMDb: 8.0/10 (20,642 votes)

Doctor ZhivagoSom ein av «utsettarane» gav det ekstra glede over endeleg å kunne sjå dette episke David Lean verket. Første gong eg la merke til filmen var for fem år sidan i romjula, då den gjekk på ein eller filmkanal, det var noko med bilde som gav meg ei umiddelbar trang til å sjå heile filmen. Å fortsette å sjå den i selskapet eg var del av var uaktuelt, både fordi eg ville oppleve dette frå starten av, og at familieselskap er heilt feil plass å styre vidare med ein over 3 timar lang film. På grunn av lengda har eg stadig utsett planen, timingen skal jo helst vere rett og «Lawrence of Arabia» brukte eg eit par månader på å psyke meg opp til, noko som igjen utsette «Doctor Zhivago». I fjor kom eg så langt som å sjå dei fem første minuttane, tekniske problem stoppa meg, så når eg no før påske fekk skaffa meg filmen på eigen DVD var det både forventingar og ei opparbeid lyst til å nærmast elske den uansett korleis den skulle vise seg å vere som var utgongspunktet mitt.

«Doctor Zhivago» tek opp det meste av fritid på ein kvardags ettermiddag, men gir tilbake i form av ei velfortalt historie som berre avbroten av «intermission» er eit aldri så lite mesterverk. Her blir me kjent med Yuri Zhivago, nyleg utdanna lege når revolusjonens hjul byrjar å rulle i Russland. Ved sidan av er han eit levande menneske, viss dikting og kjensler er det viktigaste. Mora døydde ved ung alder og han blei sidan adoptert av ein familie der dottera skulle bli kona hans med åra. Under krigslege omstendigheiter møter han Lara, kvinna han kom til å elske. Krig og Kjærleik, dei to store K-ane, ei speletid på over 3 timar og Russlands ville, kalde vinterlandskap. Eg håpar dette gir eit godt nok bilde av kva det her dreiar seg om.

Forutan Ã¥ vere godt fortalt, har «Doctor Zhivago» nydeleg foto og ein temamelodi som er skapt for Ã¥ sitje — ikkje uventa frÃ¥ ein David Lean film. Omar Sharif spelar Zhivago etter at Peter O’Toole («Lawrence of Arabia») blankt takka nei og Max von Sydow ogsÃ¥ var vurdert, med Julie Christie som Lara og ein elles flott stab i gode rollar er alt her pÃ¥ plass, type film teke i betrakning. «Doctor Zhivago» er nok ikkje for alle og einkvar med sin utprega romantikk, sjølv om det ikkje nÃ¥dde inn til margen hjÃ¥ meg er eg likevel blant dei som likar filmen godt. Eg hadde hÃ¥pa denne skulle fukte tÃ¥rekanalen ørlite med ulykkene sine, det gjorde den diverre ikkje, og eg avstÃ¥r frÃ¥ Ã¥ gi den toppkarakter pÃ¥ grunn av dette. Eg legg ikkje skjul pÃ¥ at eg faktisk kan tenke meg Ã¥ sjÃ¥ opp igjen «Doctor Zhivago» med tid og stunder, og anbefalar dei som har vurdert Ã¥ sjÃ¥ den i det minste om Ã¥ ta steget.

Ei oppklaring rundt «toppkarakter» kan passe her, sidan eg veit folk bryr seg mykje om karakterane. 9 er altså førstegongs toppkarakter, 10 er forbeholdt gjensyn som stadfestar gode filmar. Alt er sjølvsagt heilt personleg. Unntak har blitt gjort tidlegare, eg kan umogleg nekte for det, denne vurderingsmåten er noko eg har adoptert i nyare tid.

8/10
1 / 51234...5