ness
01-mar-2008

Kosmorama 2008 dag 3

Trondheim internasjonale filmfestival er tilbake, litt tidlegare i år, på grunn av .. ehm .. latskap har eg ikkje komme meg til kinoen før i dag. Eg tok så sjansen på tre tilfeldige filmar og fekk tre gode opplevelsar og ingen møter med tekniske problem, ein stor opptur sidan i fjor altså.

Sounds of Sand (2006, Hänsel)

sounds of sandEin afrikansk familie blir tvungen til å flytte på grunn av langvarig vassmangel, med kone, to søner og ei dotter på slep legg Rahne i veg mot nordaust. Dette skal bli ein hard tur, vassmangelen strekker seg over store landområde og vegen er full av bandittar, opprørarar og slu militære. Sjølv om eg aldri blei rørt er «Sounds of Sand» ein trist film, det skjer dødsfall og andre tragediar undervegs som familien rett og slett ikkje kan ta seg råd til å ta seg nær av. Vassmangel er eit stort problem og filmen slår aldri fast at dette føregår på ein spesifikk plass for å framheve dette. Handlinga føregår i eit behageleg tempo utan å bli kjedeleg, den er som nemnt ikkje rørande, men interessant.

And Along Come Tourists (2007, Thalheim)

Am ende kommen touristenTysk og lite komplisert film om ein ung tyskar som vel å avtene siviltenesta på ungdomssenteret knytta til Auswitchmuseumet. Der finn han bl.a. kjærleiken og blir engasjert i tinga som føregår rundt seg. På overflata er dette ein lett og lystig film som mellom anna spelar på Polen/Tyskland-vitsing (litt som våre svenskevitsar). Det som gjer det til ein betre film er at den består av fleire lag som frivillig kan utforskast, denne meiningstilførelsen er ein fin ting som eg kom til å sette pris på her.

Ploy (2007, Ratanaruang)

PloyWit og fruen har tatt turen tilbake til Thailand for å delta i ei gravferd. Dei har ikkje det mest knirkefrie forholdet lengre og kranglar i blant for å vise at dei framleis bryr seg om kvarandre. Når Wit tek turen til hotellbaren møter han 19 år gamle Ploy (veldig søt jente!) og hamnar i samtale om f.eks. den thailandske reggaeartisten Job. Etterpå tek Wit Ploy med seg opp igjen på hotellrommet, der kona er, ikkje for sex, men for å tilby sofaen som ei meir komfortabel ventesone enn baren. Kona blir småsur, og for ikkje å oppsummere andre halvdel av filmen kan me stoppe her. Eg finn ikkje heilt fram til å sette ord på det spesfikke som fekk meg til å like filmen (veldig søt jente!), det skjer ikkje så veldig mykje, men igjen er det behageleg å følge med på og eg fekk «Lost in Translation»-vibbar. «Ploy» tek aldri for mykje i og overlet akkurat passe til fantasien.