Filmdagbok
ness
02-mar-2008

Kosmorama 2008 dag 4

Ein blir sliten av to dagar med mykje filmsjåing! I forhold til hardingane med festivalpass er eg småfisk, men tunge filmar skal jo fordøyast, tre i løpet av ein dag er i overkant sjølv om kinosalen absolutt er å føretrekke framfor sofaen på dei litt meir langsomme filmane.

Garage (2007, Abrahamson)

GarageJosie er ansvarleg for drifta av ein lite besøkt bensinstasjon på den irske landsbygda. Innerst inne veit Josie at det er minimalt å styre med, men han får meir utbytte av å late som han alltid styrer med noko viktig. Han har tydeleg tilbrakt mange år åleine og virka både rar og småkomisk på andre for væremåten sin. «Garage» speglar Josie og er ein både rar og småkomisk film, men også trist inn til beinet. Den byr sjeldan på gapskratting og er heldigvis ikkje deprimerande. Sjølv om den i blant byr på gullkanta filmaugeblikk er det litt for langsomt og det er liksom ikkje noko viktig som blir fortalt her.

It’s a Free World… (2007, Loach)

its a free worldMe bevegar oss ørlite lengre sør til England og møter Angie som jobbar innan jobbformidling. Når ho nok ein gong får sparken er begeret fullt og ho vel å satse på eige firma i staden for å gå fortsette som gjennomtrekk i uendeleg mange nye bedrifter. Angie er ein person med mange sider og dette er med på å gjere filmen interessant, ho har vilje og målsetningar, men kan i blant tøye grensene litt for langt og er mindre flink å prioritere familie. «It’s a Free World…» er tilnærma fri for moralsk dømming og let det vere opp til publikum å danne seg meiningar om både Angie og hennar fordeling av aust-europeisk arbeidskraft i London. Det er nok vanskeleg å lage ein slutt som ikkje tek standpunkt og filmen sluttar ganske opent, nesten litt frekt, men i ettertid ei forståeleg avgjersle.

The Most Distant Course (2007, Lin)

distant courseHadde nokon bedt meg samanlikne taiwanske Lin sin stil med ein anna regissør hadde eg sagt Ki-duk Kim. «The Most Distant Course» er ein poetisk film om lyd og kjærleik. Xiaotang sender lydopptak til adressa han trur ekskjærasten fortsatt bur ved, der har imidlertidig Acai flytta inn, og ho opnar etter kvart konvoluttane og forelskar seg i lydopptaka. Den tydelegaste forskjellen eg finn mellom Lin og Kim, ved å sjå på «The Most Distant Course» vs. dei to-tre av Kims eg har sett, er at denne filmen innheld humor som verkemiddel. Likevel er det ein vakker og trist film, vakker i både bilde, lyd og menneske, trist i kjærleiken. Som tittelen hintar til handlar dette om avskilte livsforløp, men likevel så tett knytta at det nærast gjer vondt å følge desse personane som lengtar etter noko meir og som me veit kunne ha passa i lag.

 

Stengt for kommentering.