Buffy the Vampire Slayer sesong 3
22 episodar.
Ny watcher; Wesley, ny slayer; Faith og ny, gammal borgarmeister; Richard. Tre viktige karakterar for den tredje sesongen av «Buffy», i tillegg til den faste gjengen som Oz (Seth Green) har fått æren av å bli medlem av.
I følge kjelder som Roz Kaveneys «Teen Dreams» er dette den siste av dei klassiske «Buffy»-sesongane, akkurat kva det inneber er eg vel nødt til å finne meir ut av etter kvart, men at det har noko å gjere med siste året på high school er ikkje vanskeleg å forstå. Visse forutsette endringar (for dei som oversikt over Joss Whedons rulleblad) er nære og det ligg ei større spenning opp mot sesongavslutninga.
Det som gjer at eg stadig set pris på denne serien kjem kanskje tydlegare fram enn tidlegare. Karakterane har blitt meir vaksne, med alder kjem alvor, endå er humor viktig som aldri før og denne blandinga er skumlare enn nokon gong, då det set nye krav til sjåaren. Whedon med manusforfattar har også gitt karakterane sjølvinnsikt nok til å vite kvar grensa går. Eigentleg så har ordet sjølvinnsikt ei mykje breiare meining i «Buffy» enn i dei fleste andre tenåringseriar (les: ikkje berre drama), dette er fantastisk gøy å legge merke og er også tydeleg nok innimellom slik at alle kan forstå; eg tenker på Oz’ dramatiske gestur ved ein av Willows bekjenningar, når han reiser seg frå sofaen og understrekar verbalt at dette er ein dramatisk gestur.
«Buffy» har tidlegare gjort seg god nytte av gjesterollar, i tredje sesong er dette vidareført og blandinga mellom dei vante småhistoriane som kan trekkast som parallellar med Buffys kvardagslege tenåringsproblem og dei større bryggande ondskapane er fin. Eg står fortsatt fast på at vampyrslakting ikkje er den ultimate sjangeren for meg, eg blir aldri oppslukt i dei mørke kreftene og synst dei mest alvorlege problema Buffy og vennene støyter på blir smått banale, med gledelege unntak sjølvsagt. Så det er veldig viktig å påpeike at serien har andre verdiar som kjem fram om den blir gitt litt tid heilt i starten.
Forresten, andre enn meg som la merke til Anthony Heads (Giles i «Buffy») cameo i «Sweeney Todd: The Demon Barber of Fleet Street»? Lyspunkt i ein elles monoton film!

Du er ikkje den einaste som beit deg merke i A.S. Head sin opptreden i Sweeney Todd, nei ;) Eg har bemerka det i min eigen omtale av filmen.
hello!
Do you know enything about Buffy in tv? In wich chanel can I wacht this tv serie in Norway??? Please help.
Sorry, Katharine, I am only familiar with Buffy on DVD.