Filmdagbok
ness
05-mar-2008

Kosmorama 2008 dag 6

Akkurat då eg trudde eg var ferdig med Kosmorama etter ei lang helg, pressa eg inn to nye filmar på ein tysdags kveld. Og for nokre filmar!

Once (2006, Carney)

OnceDenne er vel strengt tatt verken ny eller spesielt ukjent, Oscar har den fått òg - for beste song komponert for film. «Once» leverar ei fin historie om gatemusikanten som møter blomsterselgaren og utviklar eit tett vennskap på grunnlag av musikalske interesser og ei felles forståelsesplattform av såre følelsar. Songane, som ein av mange sterke sider ved filmen, formidlar denne sårheita og gir meg tidvis (gode) frysningar oppover ryggen. Lågbudsjett som dette er ($160.000), har ikkje verdens beste kameraustyr blitt brukt, den aldr meir enn greie bildekvalitet blandar godt med amatørisk kameraføring som har blitt utnytta i redigeringsrommet, det passar så godt til handlinga at .. at .. at, ja. Unødvendig å sei, eg likte «Once», som har eit skodespelarpar med kjemi og at den går under huda på ein god måte. Morsom kan den vere i blant, men avstår frå brølarlatteren.

Assembly (2007, Feng)

AssemblyVit at det er snakk om regissøren bak «The Banquet» som også står bak denne. Han har gripe tak i ei stykke kinesisk borgarkrigshistorie frå 1948 og gir oss ei sterk, grafisk krigsforteljing i filmens første del, som går over i eit rolegare krigsveterandrama i andre del. Faren her var at heftige krigsbilder kunne komme i overtal i starten, med eit par små pausar mellom kampar som forklarar godt kva som står på går det derimot bra. Den andre faren var at andre del av filmen kunne bli for roleg etter massiv budsjettpengebrenning på det råaste eg har sett av krig på film, men også her klarar «Assembly» å styre handlinga med stø hand og ta oss med på ei tidsreise som aldri gir forhåpningar til at filmens slutt er nær, fordi det er så bra. Om eg hadde sett denne i heimen på DVD kan det godt hende eg hadde meint noko anna, men på kino er dette storvegs og det perfekte motstykket til «Once» for variasjon i festivalprogrammet, for som eg hinta til innleiingsvis med «The Banquet» er dette verkeleg velprodusert, denne gongen utan å miste taket på karakterane sine som midtpunkt.

 
Captain Charisma har sagt:

Assembly er en fin film, og det er nok av krutt i krigsscenene. Noe av det beste jeg har sett.

Du må vere innlogga for å kommentere.