Terminator: The Sarah Connor Chronicles sesong 1
9 episodar.
Grunna streik blei premieresesongen av «Terminator: The Sarah Connor Chronicles» ganske kort. Lengda var derimot ingen hinder for god underholdning, og det er gjerne når du vil ha meir du finn dei positive sidene ved ein serie.
Dei fleste er godt kjent med «Terminator»-filmane, enten etter å ha sett dei sjølv eller opplevd uttallige parodiar på Schwarzeneggers ikoniske rolle som cyborg. Sarah Connor er kvinna som i dei to første filmane spelar ei viktig rolle, i denne serien er ho igjen i skotet etter å ha blitt fråverande frå «Terminator 3: Rise of the Machines», ettersom Linda Hamilton er blitt altfor gammal for rollen har Lena Headey tatt over som Sarah, Headey har gjort mange filmar, rollen som dronninga i «300» er nok blant dei mest kjente. I lag med Thomas Dekker, som kom rett frå ei gjesterolle i «Hereos» og spelar John Connor her, er ho del av eit velfungerande team. Eg vil også trekke fram Summer Glau («Firefly», «Serenity») som den ultratøffe og litt komiske cyborgen Cameron (homage til James Cameron eller?).
Skodespelarane er godt på plass, handlinga er satt til etter «Terminator 2: Judgment Day» og vel altså å utelukke historia til den tredje filmen. Det flotte er at dette kan fungere, på grunn av moglegheitene for tidsreiser kan fortida og dermed framtida stadig endrast, historia til den tredje filmen er altså ikkje støypt i betong - uansett. Terminatormytologien har gode moglegheiter for å tøye grensene, er den i ferd med å køyre seg opp i eit hjørne er det ingenting i vegen for å sprenge hjørnet.
Eg er ingen hardbarka Terminatorfanatikar, men synst tidsaspektet er veldig spennande og såg fram til serien. Til å vere tv byr den i blant på ganske rå actionsekvensar, men held seg for det meste til det ein kan forvente frå (god) tv, fiffig kameraføring som overlet dei mest halsbrekkande stunta delvis til fantasien. Alle episodane er ikkje like gode, det er eit par midt i sesongen som er greie, igjen sit me att med iallfall 7 gode episodar, som byr på spenning, drama og alltid har nasen retta framover mot judgment day, personleg bryr eg meg ikkje om at denne delen av mytologien skal skje ved noko punkt, og målet til Sarah og John er alltid å hindre det, for så lenge serien byr på gode historiar undervegs er eigentleg serien «Terminator»-tittelen verdig.
No er det eigentleg berre opp til FOX å avgjere framtida til «Terminator: The Sarah Connor Chronicles», kampen mellom påkosta, krevande seriar (les: krevande i FOX-samanheng er alt som kan lesast som historiebyggande, men ikkje framgong i handling) og FOX er litt som kampen mot å forhindre judgdment day, det har skjedd i framtida, men la oss gjere det beste ut av det no. For alt eg veit og håpar tek eg feil, men eg er ikkje åleine om å vere skeptikar for kombinasjonen av tv-nettverk og serie med potensiale.
