Southland Tales (2006)
User Rating: 6.6/10 (2,758 votes)
«Southland Tales», den etterlengta filmen til Richard Kelly, mannen bak ein av mine desiderte favorittfilmar «Donnie Darko», har latt vente på seg - lenge. Naturlegvis har det vore knytta store forventingar til dette prosjektet, sjølv om festivalvisning av ein tidleg versjon fekk hard medfart hjå kritikarar. Etter premieren under Cannesfestivalen i mai 2006 vart filmen likevel plukka opp av Sony, ein avtale om å korte ned lengda mot å få meir støtte til nødvendige spesialeffektar blei gjort og reduserte bl.a. musikalske innslag og sentrale karakterar i filmen.
Dwayne Johnson, Sarah Michelle Gellar, Seann William Scott og Justin Timberlake spelar i denne omfattande filmen som tok både tid og krefter for å skjønne nødvendig samanheng. I grunn er det jævla stilig alt som skjer, me befinn oss i eit framtidig Los Angeles, den moderne verden er på randen av samanbrot (økonomisk, politisk, osv.). Gjennom forteljingane til desse fire skodespelaranes karakterar, som handlar om utpressing, overvaking, tidsrift og ein profeti som spår at verden vil gå under ved eit stort smell og ikkje eit lite klynk, er alt knytta saman på ein merkverdig måte og å forsøke seg på eit fornuftig handlingsreferat vil enten drepe meg eller tålmodigheita di.

I staden kan eg heller sei litt om kva «Southland Tales» minnar meg om. Stemninga har litt David Lynch over seg med musikk av Moby, på ei anna side er det som ei Philip K. Dick historie, veldig sci-fi og samfunnsengasjert. Måten den prøver å gjere oss kjent med historia, spesielt innleiingsvis, minnar sterkt om eit dataspel ala Command & Conquer, før me hoppar inn i det som er det fjerde kapittelet av «Southland Tales», dei tre første kapittela finst i teikneserieform, også dei skrive av Richard Kelly og teikna av Brett Weldele. Eg har ingen erfaringar med desse, kanskje dei gjer filmsjåinga ein heil del lettare?

«Southland Tales» byr heilt klart på ei unik filmopplevelse, den er nok forut for si tid, i blant sper Kelly på med så mange detaljar og få ord i eit komplisert klyppemønster at eg blir reint forvirra, men til denslags trengs berre trening for å få forstå, trur eg, og inntil folks filmvanar eventuelt har utvikla seg dithen kan dette sjåast på som ein film som trengs fleire visningar for å fatte det store bilde. No høyres det ut som «Southland Tales» er noko veldig kompliserte greier, det er vel kanskje å smøre litt tjukt på, eg fekk jo med meg nok til å like dette!
Ja, eg likte dette, mykje takka vere den flotte samansetningen av skodespelarar, også på grunn av apokalypsen, framtidstolkinga og sci-fielementa. Det heile er litt for langt, men det går.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Får ikke helt bestemt meg om jeg skal se denne eller ikke. Men jeg liker The Rock, så da må jeg vel se den. Skremmende liten The Rock har blitt på det bildet. Han må få i seg noen steroider igjen, kan ikke se ut slik.
Har du sett The Nines? Enda en film jeg har lyst til å se, men har ikke såååå lyst til å se ;)
The Nines har eg ikkje lagt spesielt merke til før du nemnte den no, den virka interessant nok. Regi/manus: John August - mannen har skrive ein del for Tim Burton. Og Ryan Reynolds er kul nok… så før eg har lese kva filmen handla om blinkar interesselampa allereie litt.
Ang. The Rock og steroidane, kan ikkje anna enn å smile her, fyren er ikkje liten - uansett kor mykje mindre han måtte ha blitt :)
For å være helt ærlig så er dette en av de beste filmene som noen gang er laget. Da jeg hadde sett den første gangen fikk jeg bare lyst til å se den med en gang igjen. Den er ekstremt kunstnerisk i formen, det er mye bildebruk, fiktive produkt plasseringer, veldig samfunnskritisk osv.
Jeg vil anbefale alle som har litt virksomhet i topplokket til å se den. dette er en film som en enten elsker eller hater. De som ikke forstår den kommer heller ikke til å like den.