The Ox-Bow Incident (1943)
User Rating: 8.3/10 (5,232 votes)
I ein stille og kjedeleg liten by der folk gjer lite anna enn å sove, drikke, ete, spele poker og sloss, skjer det ein dag at eine rancheigaren blir skoten. Sheriffen er bortreist og ivrige som mannfolka i byen er når det først har skjedd noko, blir det oppstyr om kva som skal gjerast. Her er det menn som talar godt for å følge lova, mens andre er ute etter det dei kallar effektiv rettsgong og vil jakte etter gjerningsmannen på eigne premiss.
«The Ox-Bow Incident» har ikkje ein viktig hovudrolleinnhavar, sjølv om Henry Fonda kan skilte med nok skjermtid og namnet sitt øverst på lista er det den samla gruppa med mannfolk (og ei kvinne) som utgjer filmen. Denne gruppa kan delast inn i for lynsjing, for rettsak og dei som diltar etter.
Det som gjer filmen både interessant og spennande er dei stadige diskusjonane om kva som er rett og feil, ev. kva som bør gjerast og ikkje. Motpolane er alltid tilstades, men når ein trekk fram det mest sentrale avgjersleorganet innan demokratiet, fleirtalet, så får ein likevel ein form for justis i justismordet. Eg vil ikkje spekulere for mykje på dette, men trekke fram at sjølv om ein nok sit med kjensla av kva som er rett og urett så har begge partane gode argument som gjer dette spennande angåande både utfall og kva som vil skje undervegs. Sjølv om det er motpartar så er byen samla.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
