ness
12-mar-2008

Quarterlife sesong 1

6 episodar.

Qlife2«Quarterlife» hadde eg opprinneleg tenkt til å skrive om i ei oppkommande pilotguideinnlegg, diverre viste denne flotte serien seg å bombe totalt på Nielsenratingen og gå ut som den verste nye serien i tidsrommet sitt på NBC på 20 år. Er det bullshitdektektoren min som er fullstendig øydelagt, er dette ein dårleg serie, eller er den faktisk god?

Heldigvis fekk eg sjansen til å utforske dette spørsmålet, totalt 6 episodar var allereie produsert og blei dumpa i eit maraton på ein av NBC sine mindre søsterkanalar, Bravo. Og eg må innrømme at eg etter endt serie framleis synst dette fungerte godt. Til den type dramaserie «Quarterlife» er har skaparane klart å gi ein meir realtistisk feel over det heile, sjølv om problema, småhistoriane og forholda ikkje utfordrar.

Serien er bygd opp rundt videobloggingsida Quarterlife, som faktisk eksisterar, men fungerar som ein dagbokserie med jenta Dylan som knutepunktet, og med dei ferdigutdanna vennene hennar som fokusgruppa. Karakterane fenga meg tidleg inn i første episode, sjølv om eit par av dei har blitt mindre interessante utover synst eg framleis dei var artige å følge med på gjennom dei 6 episodane.

Eg har ikkje heilt fått med meg korleis denne serien har gått hittil og vil fortsette, men det er noko korte greier på MySpace og masse ymse på Quarterlife, i tillegg til dei 6 episodane på 45 min som var meint for NBC.