Freddy’s Dead: The Final Nightmare (1991)
Sjette film i «A Nightmare on Elm Street»-franchisen.
Ho ho, dette heng ikkje på greip, seriens hittil dårlegaste startar med frisk blod, ingen direkte bånd er å finne til dei tidlegare filmane, om ein ser bort i frå Freddy då. Robert Englund har fått lov til å stå øverst på rollelista dei siste tre filmane eller så, han er utan tvil dei einaste skodespelaren som gjer seg verdig til tittelen skodespelar her.
Me får vite; at alle barna i Springwood er døde, utanom ein, han vaknar opp utan å hugse noko i ein av nabobyane og trekk med seg nye folk inn i marerittland. I løpet av filmen utforskast det tidlegare familielivet til Freddy nærmare, me får sjå Englund for første gong utan brannsåra i ansiktet og oppleve han som ein sann psykopat i tillegg til draumemonster. Denne sida ved filmen er sammen med ein 10-sekundars cameo av Johnny Depp med på å trekke dette opp til å bli akkurat så dårleg at eg verken kjedar meg eller gledar meg.
Det er veldig lite som er verdt å nemne om «Freddy’s Dead», det tok ein time før historien fekk eit lite fotfeste som i heile tatt forklarar kvifor dette er ein film og ikkje berre ein kompilasjon av ubrukt materiale frå avlyste «A Nightmare on Elm Street»-prosjekt. Eg ser likevel fram til den neste i rekka, då Wes Craven er tilbake både som manusforfattar og regissør der.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Faktisk så synes jeg Freddy’s Dead er den beste av 2, 4, 5. De ødelegger Freddy Krueger mer og mer fra film 4 til denne, så hvorfor ikke forvandle Freddy Krueger til en latterlig klovn. Merkelig nok finner jeg denne mest underholdende sammenlignet mot de overnevnte filmene.
Helt enig med CC, dette er en tullefilm, men en veldig tøff en. Hissig soundtrack, morsomme mord og 3D-sekvensen på slutten er noe av de morsomste jeg har vært med på i en kinosal.