New Nightmare (1994)
Det er duka for den sjuende filmen i «A Nightmare on Elm Street» rekka. Wes Craven er tilbake etter stadig nedoverbakke for serien sidan han skreiv manus til den tredje filmen, «Dream Warriors». Med «New Nightmare» eig han ikkje berre registolen og skrivemaskina, han er også med i ei viktige rolle som seg sjølv. For «New Nightmare» er noko nytt når det kjem til «A Nightmare on Elm Street»-franchisen, Heather Langenkamp er ikkje Nancy og Robert Englund er ikkje Freddy, dei er seg sjølv, enn så lenge.
Det har gått ti år sidan den første «A Nightmare on Elm Street» og tre år sidan Freddy blei drept for godt. Du ler kanskje litt der, korleis kan Freddy forbli død? For å gjere saken meir interessant kan me heller stille oss spørsmålet korleis Freddy igjen kan bli levande. Men Heather spelar altså Heather, gift og med eit barn, me trår inn i livet hennar i ein periode der boligområde med omegn er prega av mange mindre jordskjelv, i tillegg har Heather hatt eit problem med telefonterror.
Etter kvart får me vite at Wes Craven jobbar med ein ny «A Nightmare on Elm Street» film. Fyren Heather er i kontakt med gjennom New Line Cinema seier at nye mareritt har fått Craven til å ta denne beslutninga… «og fansen vil alltid ha meir». Med denne grunngjevinga rullar hjula.
Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, som til fin forandring er både smart og litt spennande. At me får møte skodespelarane frå den opprinnelege filmen som seg sjølve gir dette ein ny dimensjon, blandinga mellom draum og verkelegheit får ein porsjon ekte verkelegheit inn i seg, tilsynelatande, det er jo på ingen måte ekte ekte. Craven har med innfallsvinkelen og ikkje minst bruken av ein talentfull barneskodespelar som Heathers son, skapt ein skrekkfilm med sjølvinnsikt og eg ser tydeleg skilt som peikar vegen til «Scream».
«New Nightmare» er ikkje så drøy på Freddy-karakteren og framstår som ein mykje reinare film, tross mengder blod, det ungdommelege preget er borte og det er meir trykk på mystery/thriller enn horror. Sjølv om det er litt dafft innimellom er dette i heilheit ein av dei i serien eg har satt mest pris på til no, den skiller seg godt ut som eige arbeid, om kanskje endå meir for fansen enn tidlegare, likevel annleis nok til å ikkje stemplast som «nok ein oppfølgar».
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
