The Nines (2007)
Det er meir ved «The Nines» enn det som møter auge. Du har eit intrikat mønster av karakterar spelt av same skodespelarar, som i varierande grad har rot i røynda, er skrive spesifikk for skodespelaren, noko fans av Ryan Reynolds vil skjønne når han dreg vitsar om Kanada, eller er rett fram oppdikta. Du har tre deler som skal tilføre meining til den grunnleggande ideen. Du har talet ni. Og du har mykje meir.
Ryan Reynolds spelar Gary / Gavin / Gabriel, tre ulike rollar med ulikt yrke, men likevel den same personen. Her er det nesten håplaust å forklare betre enn at filmen er delt inn i tre deler som heng saman på dei mest finurlege måtar. Andre viktige personar som kryssar over desse tre delene er Hope Davis som Sarah / Susan / Sierra, ei streng, forførande, litt dum eller faktisk snill karakter. Til slutt er det Melissa McCarthy som Margaret / Melissa / Mary. Melissa har vore lenge med i «Gilmore Girls», rollen hennar i filmen er på mange måtar ho med ekstra krydder, ho spelar til ei viss grad seg sjølv som er på veg til å få ei hovudrolle i ein eigen tv-serie.
Greia med nitalet er noko ein finn ut av etterkvart, kor vidt det lønnar seg å streve etter forståelse frå starten av får vere ei vurderingssak, eg fann det best å ta inn over meg det som skjedde og vente på resten med tålmodigheit. Filmen går litt seint framover i blant viss ein ser på det som ei reise mot eit mål, så det er ein fordel å kunne finne lyspunkt i absurde kommentarar, uforståelege hendelsar og karakterstudie. Reynolds gjer ei av sine betre alvorlege rolleprestasjonar, rollane hans kan umogleg ha vore lette å forstå og filmskapar John August har gjort ein god jobb med det rare manuset sitt, Hope Davis gjer likeså ein forventa god rolle. Mangelen på god kjemi mellom Reynolds og McCarthy er akilleshelen til desse tre historiane.
Tre deler, eit nital i felles og eit høgare meining som blir oppklart til den grad at du har noko handfast å fundere på i ettertid er «The Nines» kort oppsummert. Det kan vere ein fordel å vere interessert i tv-bransjens maskineri, vite at du går til ein dialogprega film eller rett og slett ha lese fleire anmeldelsar på filmen før du ser den. Eg sit no og tenker at eg sikkert ikkje har gjort det enklare å forstå med dette innlegget mitt, då eg er usikker sjølv på kva eg faktisk synst og har sett, men eg publiserar tankane mine likevel.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
