The Time Machine (1960)
User Rating: 7.6/10 (7,685 votes)
Basert på ei bok av H. G. Wells, vidt kjent for spesielt «The War of the Worlds», satte George Pal «The Time Machine» på film i 1960. George (filmens, ikkje George Pal eller Herbert George Wells), britisk herremann og oppfinnar, har invitert sine akademiske venner over for å vitne hans nye oppfinning, ei tidsmaskin. Miniatyrmodellen han viser fram blir sendt uvisst langt inn i framtida og ingen av vennene trur på han då forsvinninga vanskeleg kan vere eit bevis. Satt seg til å overbevise dei hoppar han i fullskalamodellen som står på arbeidsrommet og reiser sjølv fram i tid.
På vegen gjer han eit par stopp før han susar fram til år 802 701, der han 12. oktober stoppar. Kan framtida bringe eit mindre krigslystent og heller lysare samfunn enn det som prega hans 1899?
«The Time Machine» er meir morsom enn dramatisk, men framstår som velprodusert framfor den ufrivillige humoren fleire B-filmar ofte bidreg med i form av elendige kostymer. Musikken er i overkant kraftig,viss det skjer noko som skal vere dramatisk er det ingenting i vegen for at kamera brått går nær på ein karakter og musikken blir forsterka gode 10 gonger. George og vennene er stive og veldig britiske i si framtoning, når George når år 802 701 og møter folk der, blir han meir overraska over deira holdningar til bøker enn at dei faktisk snakkar engelsk, reaksjonen hans er ein fryd å følge med på.
Sjølv om «The Time Machine» har store forskjellar frå nytolkninga som kom i 2002 er det skurkar her òg, eg nemner lysande auger, sølvgrått hår og blå kroppar. The Morlocks heiter dei, og er den store trusselen for Eloi-folket, kan George som det siviliserte menneske han er vere redninga?
For ikkje å røpe meir av handlinga, som burde vere kjent for dei fleste som har satt seg for å sjå «The Time Machine», avsluttar eg her om det som var ein til tider festleg film, herleg kombinasjon av fargesterk metrocolor, plastikkfruktkulisser og minatyrmodellar. Her og der er det ting eg saknar og som som trekk ned, men eg vil ikkje sei for mykje om dette då eg heller vil gi folk sjansen til å sjå og vurdere denne sjølv.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Enig i ratinga, selv om jeg sikkert kunne gnudd den noen hakk opp i subjektivitetens navn. Mye bedre enn 2002-tidsmaskinen er den i alle fall. Stor underholdningsverdi.
Jepp, eg sat å vurderte dette, er den god for 7 eller 8? Eg hadde jo veldig lite i mot den, men for å vere rettferdig med magefølelsen min enda eg like godt opp på 6.