Filmdagbok
ness
25-mar-2008

Hollywoodhelt James «Jimmy» Stewart

James StewartJames Stewart, kjent for mange som Jimmy Stewart, filmikon gjennom Hollywoods gullalder og ein av mine favorittskodespelarar i eldre filmar. Oscarnominert fem gonger, vann som mannleg hovudrolle for «It’s A Wonderful Life» og mottok æreprisen i 1985, dette seier litt om klassen han stillte i. Har du ikkje sett ein film med James Stewart så har du gått glipp av noko, mannen har sterk karisma og viser seg som ekte i rolle etter rolle. Eg har berre sett ein brøkdel av det han har vore med i og kan umogleg vite om alt står til gull, men dei tre godbitane eg her har sett gir grunnlag for skryt.

Rope (1948, Alfred Hitchcock)

Rope«Rope» er kanskje mest kjent for sitt inntrykk av å vere ei einaste lang tagning, den observante vil legge merke til overgongane, men kan ikkje nekte for at det er imponerande filming og speling. Akkurat som å sjå teater på film, men for min del imponerar det ekstra då både det tekniske som kameraføring og lys må vere klart og skodespelarane må stå klar for nærbilde, og måten kamera er planlagt til å fange opp det viktigaste. Alfred Hitchcock har hatt med dyktige folk å gjere, Jimmy kjem seint inn i bilde etter me gjennom dei andre tilstadeverande har fått danna oss eit godt inntrykk av personen rollefiguren hans er, eit inntrykk han lev godt opp til. Sånn elles er dette ein snakkefilm av typen eg set pris på, men den mangla litt spiss. I små periodar er det lite engasjerande, og ingenting overgår sjølve ideen. I forhold til forventingane var det ein liten skuffelse, men filmen er fortsatt god.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The Man Who Shot Liberty Valance (1962, John Ford)

The Man Who Shot Liberty Valance (1962)James Stewart, John Wayne og Lee Marvin, for eit stjerneteam. Stewart spelar nyutdanna advokat som kjem frå siviliserte aust til Shinbone i vest, han møter trøbbel i form av Lee Marvins Liberty Valance allereie før han når byen. I Shinbone er alle, utanom ein, redde for Valance, som herjar både by og omegn med den notoriske banden sin. John Wayne som Tom Doniphon er Mannen Med Mot og viser stor dyktigheit med revolvaren i handa. Advokat Stoddard har tross møte med Valance fortsatt den nesten naive trua på det amerikanske rettsvesen i behold, og eg trur på han etter å ha sett Jimmy stå for denne karakteren i den fantastiske «Mr. Smith Goes To Washington». «The Man Who Shot Liberty Valance» handlar forutan det opplagte om to sterke, men vidt forskjellige menn, deira møte, deira kamp for ei frøkens hand og deira kamp for rettferdigheit. Ingenting spesifikk å utsette på denne, magekjensla landa på ein 8ar. God film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The Philadelphia Story (1940, George Cukor)

The Philadelphia Story«The Philadelphia Story» er ein lystig film om journalisme, bryllaup, kjærleik og personleg økonomi, blant anna. Det handlar om menneske som ikkje nødvendigvis står for handlingane dei er nødt til å utføre, og det er frå første stund klart at bryllaupet eg hinta til vil vere noko utanom det vanlege. Cary Grant, Katharine Hepburn og vår eigne Jimmy er dei tre viktigaste i denne romantiske komedien som veit å blir meir enn overfladisk vissvass. Handlinga er passe innvikla til at eg unngår ei oppsummering her for å spare lengda, men det involverar altså journalisten (Stewart), dama som skal gifte seg (Hepburn) og eks-mannen hennar (Grant), møte mellom desse med fleire opnar gradvis for sjølvinnsikt for personar som trudde dei hadde funne sin plass i livet, dette er komisk forviklande og ikje minst subtil, mykje takka vere gode skodespelarprestasjonar. Etter å ha sett skodespelarane i andre filmar tidlegare forventa eg for mykje denne gongen, eg sat med følelsen av at det kunne ha vore endå betre, så toppkarakteren uteblir. Likevel…

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Espen Andersson har sagt:

Tre knakende gode filmer dette her! Personlig setter jeg nok «The Philadelphia Story» høyest, mye takket være Cary Grant.

Av de virkelig store filmene, ser det etter et raskt søk ut til at du har igjen «The Shop Around the Corner». Den er veldig, veldig bra.

ness har sagt:

Takk for tipset, skal få sett den =) Ser ut som ein godfilm!