In Treatment sesong 1
43 episodar.
I løpet av rundt 8 veker har eg gått til behandling hjå psykolog Dr. Paul Weston 43 gonger. Heilt sant er no ikkje det, då eg minst 8 av gongene har spionert på Weston i samtale med sin eigen psykolog, ein sjeldan gong, spesielt siste tida, har eg og forfulgt han andre stader.

Grunnane til at eg har gått til psykolog er mange, eg har prøvd å teke livet av meg, eg har hatt samlivsproblem, vore generelt ustabil og slitt med mitt eige sjølvbilde. Kan hende eg framstår som tøff, kalkulert og som ein vinnar, ingen vil nekte på at eg er den beste jagarflypiloten heller, litt rart då at eg er å finne i sofaen på kontoret til Weston, som eg gjennom eit år i terapi har blitt forelska i, etter å ha ubevisst med vilje krasja sykkelen min inn i ein køyrande bil.
«In Treatment» er, ikkje om meg, men om Paul Weston og pasientane hans. Weston sjølv blir spela av Gabriel Byrne, ein høgst kapabel skodespelar til å sitte i stolen sin og nikke til psykobabbel. Fire dagar i veka, måndag, tysdag, onsdag og torsdag, møter me eit utval av dei mest interessante pasientane hans. Desse går igjen gjennom heile serien: Laura, Alex, Sophie og Jack og Amy. Fredagen går Paul til sin eigen psykolog, kollega og venn Gina. Serien er bygd opp rundt kontoret og timane til pasientane i form av 25-30 minuttars episodar, med ein og anna avstikkar etter kvart. Styrken til einkvar serie i lengda ligg i karakterdjubde, «In Treatment» MÅ ha gode karakterar for å fungere, det har den også, så det fungerar, enkelt og greitt. Det fungerar faktisk veldig greitt, eg elska serien allereie etter å ha møtt pasientane berre ein gong kvar.

Tross at dette har pågått kvar kvardag i mange veker, akkurat slik såpeseriar gjer, kan ikkje «In Treatment» kallast såpe, dette er ein prime-time serie med gode kvalitetar i form av svært intense emosjonelle utleveringar, gode samtalar, alt gjort av utmerka skodespelarar i tillegg til Byrne sjølv. Dei drevne i å hugse skodespelarar gjennom tidene vil fort oppdage at det er Dianne West som er Pauls eigne psykolog. «In Treatment» gjorde meg nok mykje hekta på grunn av konseptet som byr på mengder med episodar i løpet av kort tid, eg elskar å stadig ha tilgong på noko eg likar, at det likevel har blitt avgrensa til ein episode om dagen har gjort meg lengtande etter meir heile vegen.
Om eg ikkje akkurat trekk fram faktum at «In Treatment» har ganske mykje dramatikk, serien føregår i ein periode der Paul sjølv befinn seg i ein spesiell livssituasjon, så vit at det her er fyllt på med nok av dramatikk. Eg spurte meg sjølv spørsmålet undervegs kor realtistisk serien er i forhold til ein vanleg psykolog sitt liv og sitt forhold til pasientane sine, men gjorde aldri tankerekka så drøy at det fekk meg til å stille spørsmål rundt kor vidt eg kan ha glede av å følge serien, heller ikkje det at møte mellom psykolog og pasient er svært intimt fekk meg til å løfte augnebryna særleg, eg sluker opp ting som skjer med andre like mykje som naboen. Menneske lever jo gjerne på å sette sitt liv opp mot andres.
God serie forresten, den kan anbefalast.

Du må vere innlogga for å kommentere.