Filmdagbok
ness
31-mar-2008

Steep (2007)

User Rating: 6.4/10 (122 votes)

«Steep» angrip ekstremskisportens verd slik «First Descent» gjorde det med snowboard, viss du ikkje har sett «First Descent» så seier dette deg lite eller ingenting, men det betyr altså at «Steep» er ein nydeleg sportsfilm i behageleg tempo som tillegg vekt i sporten og miljøet rundt, nydeleg som i at det er proffe kameramenn og redigeringsarbeid og ikkje minst at filmen har fått musikk komponert for seg. Oppbygginga gjer også at det stadig blir meir dramatisk etter kvart som me følger sporten gjennom åra kronologisk med litt historie.

Her er det også nerve som pressar ein ekstra godt bak i stolen, eller i mitt tilfelle sofaen, naturen som blir framstilt er av den mektige og farlege typen, dette blir bekrefta av kommentator og ikkje minst utøverane som trossar farane, men ikkje i dømmande kraft. Faren blir som dei andre faktorane som skulle ha vore hinder eller grunnar for å leve draumen om å flyte ned bratte, snøbelagte fjellsider, eit forsøk på å beskrive det ubeskrivelege, filmen får likevel fram at det er ei drivkraft. «Steep» er utan tvil romantiserande, ein film som dette skal vere det synst eg, for den skal klare å appellere til fleire enn berre skifolket, den skal vere litt på kanten og gi ei levande kjensle.

Store ord om ein stor film, «Steep» har eit par små minus som at det kan bli for store ord i ny og ne, litt for store til å svelge, men få filmar gir meg ei sitrande kjensle som den held så lenge på som det skjer her. Eg trur denne kan nå både dei som likar filmar med natur, med eventyrlystne mennesker, så vel som dei som vil sjå den for skiståing sin del.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.