The Philadelphia Story (1940)

IMDb: 8.1/10 (24,407 votes)

The Philadelphia Story«The Philadelphia Story» er ein lystig film om journalisme, bryllaup, kjærleik og personleg økonomi, blant anna. Det handlar om menneske som ikkje nødvendigvis stÃ¥r for handlingane dei er nødt til Ã¥ utføre, og det er frÃ¥ første stund klart at bryllaupet eg hinta til vil vere noko utanom det vanlege. Cary Grant, Katharine Hepburn og vÃ¥r eigne Jimmy er dei tre viktigaste i denne romantiske komedien som veit Ã¥ blir meir enn overfladisk vissvass. Handlinga er passe innvikla til at eg unngÃ¥r ei oppsummering her for Ã¥ spare lengda, men det involverar altsÃ¥ journalisten (Stewart), dama som skal gifte seg (Hepburn) og eks-mannen hennar (Grant), møte mellom desse med fleire opnar gradvis for sjølvinnsikt for personar som trudde dei hadde funne sin plass i livet, dette er komisk forviklande og ikje minst subtil, mykje takka vere gode skodespelarprestasjonar. Etter Ã¥ ha sett skodespelarane i andre filmar tidlegare forventa eg for mykje denne gongen, eg sat med følelsen av at det kunne ha vore endÃ¥ betre, sÃ¥ toppkarakteren uteblir. Likevel…

8/10

The Man Who Shot Liberty Valance (1962)

IMDb: 8.0/10 (20,278 votes)

The Man Who Shot Liberty ValanceJames Stewart, John Wayne og Lee Marvin, for eit stjerneteam. Stewart spelar nyutdanna advokat som kjem frå siviliserte aust til Shinbone i vest, han møter trøbbel i form av Lee Marvins Liberty Valance allereie før han når byen. I Shinbone er alle, utanom ein, redde for Valance, som herjar både by og omegn med den notoriske banden sin. John Wayne som Tom Doniphon er Mannen Med Mot og viser stor dyktigheit med revolvaren i handa. Advokat Stoddard har tross møte med Valance framleis den nesten naive trua på det amerikanske rettsvesen i behold, og eg trur på han etter å ha sett Jimmy stå for denne karakteren i den fantastiske «Mr. Smith Goes To Washington». «The Man Who Shot Liberty Valance» handlar forutan det opplagte om to sterke, men vidt forskjellige menn, deira møte, deira kamp for ei frøkens hand og deira kamp for rettferdigheit. Ingenting spesifikk å utsette på denne, magekjensla landa på ein 8-ar. God film.

8/10

Rope (1948)

IMDb: 8.1/10 (26,078 votes)

Rope«Rope» er kanskje mest kjent for sitt inntrykk av å vere ei einaste lang tagning, den observante vil legge merke til overgongane, men kan ikkje nekte for at det er imponerande filming og speling. Akkurat som å sjå teater på film, men for min del imponerar det ekstra då både det tekniske som kameraføring og lys må vere klart og skodespelarane må stå klar for nærbilde, og måten kamera er planlagt til å fange opp det viktigaste. Alfred Hitchcock har hatt med dyktige folk å gjere, Jimmy kjem seint inn i bilde etter me gjennom dei andre tilstadeverande har fått danna oss eit godt inntrykk av personen rollefiguren hans er, eit inntrykk han lev godt opp til. Sånn elles er dette ein snakkefilm av typen eg set pris på, men den mangla litt spiss. I små periodar er det lite engasjerande, og ingenting overgår sjølve ideen. I forhold til forventingane var det ein liten skuffelse, men filmen er framleis god.

7/10

Friday the 13th Part III (1982)

IMDb: 5.0/10 (9,867 votes)

Frå her av og utover synst eg filmane aldri har blitt meir enn grei underholdning. Denne tredje filmen er blant dei betre etter dei to første (som er dei to beste). Jason gjenoppstår og legg seg etter ei gruppe unge menneske som er ved Crystal Lake for å ha det gøy, ingen leirforbindelsar her, berre vanleg hyttetur. «Part III» er stadig like flink til å bevare spenninga då det tek tid før folk oppfattar kva som skjer.

5/10

Six Feet Under sesong 4

12 episodar.

Six Feet Under season 4Familien Fisher styrer stadig på med dei mest interessante problemstillingane då «Six Feet Under» også denne sesongen er fullpakka med god dramatikk. At dei alle møter veggen gong på gong med hendingar som er bretta ut over fleire episodar og difor får sjansen til å bli forskjellig satt saman, ergo framstå som reelle problem i forhold til kvarandre, tross at det jo skjer nesten urealistisk mykje negativt ovafor denne vesle gruppa menneske, er blant det som gjer at eg set pris på serien. «Six Feet Under» står fram som ein tålmodig serie der alt har sitt eige tempo utan at det blir kjedeleg av den grunn, mange nok historiar gir rom for godt driv og ofte held det å sjå ein episode om gongen for å tilfredsstille underholdningslysta, og heller la ting synke. Elles er ikkje skaparane av «Six Feet Under» redd for å hoppe i tid, enten for å skape forvirring, bevisst gi oss kjensle av å ha gått glipp av noko eller der det er naturleg i livet til alle rollefigurane.

SFU1Hittil har serien innfridd. Som sjåar set eg større krav til seinare sesongar av seriar med utprega drama, ørlite av magien frå starten av er borte, det har med å gjere at serien ikkje lenger er ny for meg og er ikkje noko eg trekk ned for heller, eg veit at «Six Feet Under» har ei planlagt avslutning og det er med på å styre bilde mitt av serien. For når alt kjem til alt sit eg igjen med inntrykket av at det skjer ei stadig utvikling, dei involverte har hatt ei gradvis karakterendring over sesongane, ikkje merkbar i nuet, men nok til at ein sit igjen med kjensla av å ha opplevd ein meiningsfull serie når ein samanliknar situasjonen undervegs med serien i første sesong.

SFU2For å toppe det heile av på eit personleg nivå, «Six Feet Under» bidreg til sjølvrefleksjon på både godt og vondt, gir med sine smått (nødvendige) polariserte problem innsikt i reelle og sære livssituasjonar som mest sannsynleg, eller kanskje meir håpefullt, aldri vil skje oss, men som eg likevel finn interessante og/eller opplysande. Så får det vere opp til kvar enkelt å hente anna ut av serien, for vedkommande har den iallfall det som skal til for å bli god tv, endå etter fire sesongar.

Friday the 13th Part 2 (1981)

IMDb: 5.5/10 (11,602 votes)

Overraskande god oppfølgar, sjølve oppbyggina er nokså lik den første, Voorheesmytologien er i ferd med å slå rot og gir god grunn til å sjå denne. Filmen tek stad ikkje langt unna Camp Crystal Lake som var plassen i første og er veldig lik, det ser eg på som eit pluss, dette er det perfekte og ikkje minst ekte «Friday the 13th»-miljøet i mine auger.

7/10

Friday the 13th (1980)

IMDb: 6.3/10 (22,873 votes)

Utvilsomt seriens beste. Her er ideen frisk og ny i «Friday the 13th»-samanheng. Kanskje ikkje verdens mest innovative film, men måten stemninga blir vektlagt og lykkast i utførelsen, spesielt med tanke på god filmmusikk, også at mordaren forblir skjult, er fin. Mørk film (lowkey) og bra bevaring av mystikken i det avsidesliggande miljøet som aldri blir ein parodi på isolasjon.

8/10

The Time Machine (1960)

IMDb: 7.6/10 (7,685 votes)

The Time MachineBasert på ei bok av H. G. Wells, vidt kjent for spesielt «The War of the Worlds», satte George Pal «The Time Machine» på film i 1960. George (filmens, ikkje George Pal eller Herbert George Wells), britisk herremann og oppfinnar, har invitert sine akademiske venner over for å vitne hans nye oppfinning, ei tidsmaskin. Miniatyrmodellen han viser fram blir sendt uvisst langt inn i framtida og ingen av vennene trur på han då forsvinninga vanskeleg kan vere eit bevis. Satt seg til å overbevise dei hoppar han i fullskalamodellen som står på arbeidsrommet og reiser sjølv fram i tid.

På vegen gjer han eit par stopp før han susar fram til år 802 701, der han 12. oktober stoppar. Kan framtida bringe eit mindre krigslystent og heller lysare samfunn enn det som prega hans 1899?

«The Time Machine» er meir morosam enn dramatisk, men framstår som velprodusert framfor den ufrivillige humoren fleire B-filmar ofte bidreg med i form av elendige kostymer. Musikken er i overkant kraftig,viss det skjer noko som skal vere dramatisk er det ingenting i vegen for at kamera brått går nær på ein karakter og musikken blir forsterka gode 10 gonger. George og vennene er stive og veldig britiske i si framtoning, når George når år 802 701 og møter folk der, blir han meir overraska over deira holdningar til bøker enn at dei faktisk snakkar engelsk, reaksjonen hans er ein fryd å følge med på.

morlocksSjølv om «The Time Machine» har store forskjellar frå nytolkninga som kom i 2002 er det skurkar her òg, eg nemner lysande auger, sølvgrått hår og blå kroppar. The Morlocks heiter dei, og er den store trusselen for Eloi-folket, kan George som det siviliserte menneske han er vere redninga?

For ikkje å røpe meir av handlinga, som burde vere kjent for dei fleste som har satt seg for å sjå «The Time Machine», avsluttar eg her om det som var ein til tider festleg film, herleg kombinasjon av fargesterk metrocolor, plastikkfruktkulisser og minatyrmodellar. Her og der er det ting eg saknar og som som trekk ned, men eg vil ikkje sei for mykje om dette då eg heller vil gi folk sjansen til å sjå og vurdere denne sjølv.

6/10

The Nines (2007)

IMDb: 6.8/10 (6,105 votes)

The NinesDet er meir ved «The Nines» enn det som møter auge. Du har eit intrikat mønster av karakterar spelt av same skodespelarar, som i varierande grad har rot i røynda, er skrive spesifikk for skodespelaren, noko fans av Ryan Reynolds vil skjønne når han dreg vitsar om Kanada, eller er rett fram oppdikta. Du har tre deler som skal tilføre meining til den grunnleggande ideen. Du har talet ni. Og du har mykje meir.

Ryan Reynolds spelar Gary / Gavin / Gabriel, tre ulike rollar med ulikt yrke, men likevel den same personen. Her er det nesten håplaust å forklare betre enn at filmen er delt inn i tre deler som heng saman på dei mest finurlege måtar. Andre viktige personar som kryssar over desse tre delene er Hope Davis som Sarah / Susan / Sierra, ei streng, forførande, litt dum eller faktisk snill karakter. Til slutt er det Melissa McCarthy som Margaret / Melissa / Mary. Melissa har vore lenge med i «Gilmore Girls», rollen hennar i filmen er på mange måtar ho med ekstra krydder, ho spelar til ei viss grad seg sjølv som er på veg til å få ei hovudrolle i ein eigen tv-serie.

Greia med nitalet er noko ein finn ut av etterkvart, kor vidt det lønnar seg å streve etter forståelse frå starten av får vere ei vurderingssak, eg fann det best å ta inn over meg det som skjedde og vente på resten med tålmodigheit. Filmen går litt seint framover i blant viss ein ser på det som ei reise mot eit mål, så det er ein fordel å kunne finne lyspunkt i absurde kommentarar, uforståelege hendelsar og karakterstudie. Reynolds gjer ei av sine betre alvorlege rolleprestasjonar, rollane hans kan umogleg ha vore lette å forstå og filmskapar John August har gjort ein god jobb med det rare manuset sitt, Hope Davis gjer likeså ein forventa god rolle. Mangelen på god kjemi mellom Reynolds og McCarthy er akilleshelen til desse tre historiane.

Tre deler, eit nital i felles og eit høgare meining som blir oppklart til den grad at du har noko handfast å fundere på i ettertid er «The Nines» kort oppsummert. Det kan vere ein fordel å vere interessert i TV-bransjens maskineri, vite at du går til ein dialogprega film eller rett og slett ha lese fleire filmmeldingar før du ser den. Eg sit no og tenker at eg sikkert ikkje har gjort det enklare å forstå med dette innlegget mitt, då eg er usikker sjølv på kva eg faktisk synst og har sett, men eg publiserar tankane mine likevel.

6/10

Olsenbanden for full musikk (1976)

(IMDb)

For full musikkFilm nr. 7 i serien inneheld sannsynlegvis dei mest kjende scenene i heile serien, nemleg kuppet i Nationaltheateret når banden må sprenga seg gjennom fleire veggar i kjellaren medan det danske gjestespelet Elverhøj pågår. Mange av scenene her er klippt rett frå dei danske filmane og limt inn i dei norske, truleg for å spara både tid og pengar. Den danske og norske filmen blei forøvrig spelt inn same året, i utgangspunktet var denne filmen meint å vera nr. 8 i serien.

Denne gongen dreiar det heile seg om ein uerstatteleg Mingvase som banden skal stela mot ein god sum pengar. Oppdraget er gitt av vasen sin eigar, ein baron i akutt pengeknipe som skal prøva seg på litt forsikringssvindel. Dette passar glimrande, sidan utbyttet kan finansiera Kjell og Valborg sin son Basse sitt bryllaup. Men som vanleg er det ikkje alt som går på skinner. Det viser seg at Egon & Co blir forsøkt lurt av baronen. Det dei nemleg ikkje veit er at baronen samstundes har ein annan kjøpar på innerlomma, ein dansk forretningsmann. Dermed blir det nye farefylte situasjonar for banden, alt frå nifse opplevingar i middelalderkjellarar på baronen sitt spøkelsesaktige gods til tidenes kupp på Nationaltheateret under det danske gjestespelet Elverhøj.

FFM1Som vanleg er det ikkje noko å utsetja på skodespelarprestasjonane, alle leverar bra i sine etterkvart vande roller. Den kjende skodespelaren Helge Reiss gjer ei god rolle som baronen. Dette er siste gongen me får sjå Pål Johannessen som Basse, som har forandra seg ein del sidan han var med i den første filmen, og som endeleg er blitt vaksen. Mange held denne som den beste filmen i serien, mykje grunna dei geniale scenene på Nationaltheateret. Filmkritikarane kom med heller lunken kritikk, som nesten alltid elles. Dei meinte m.a. at filmen var for mykje dansk-prega. Utanom dei kopierte danske scenene frå gjestespelet, er deler av scenene på baronen sitt gods spelt inn i Danmark. Under har eg med linkar til dei kjende scenene på Nationaltheateret, og ein ser tydeleg likskapar i både dialog og klipp mellom den norske og danske versjonen. Legg også merke til dei mange hyggelege (he he) kommentarane frå danskane om den norske versjonen:

Norsk versjon: link
Dansk versjon: Fjerna frå YouTube.

FFM2Filmen er altså ein av dei betre i serien, men om det er den beste er eg litt usikker på. Det er litt lite framdrift dei første 30 minuttar, før det etterkvart tek seg opp med scenene på godset og sjølvsagt kuppet på Nationaltheateret. Det er berre å ta av seg hatten for dei danske filmskaparane Bahs og Balling for at dei kom på denne geniale planen med at banden kunne sprenga seg gjennom veggane medan konserten føregjekk. Historien fortel at dei fekk skriva om deler av Elverhøj slik at det passa betre til sprengningane til banden.

Vurdering: 8 av 10

Til slutt vil eg anbefala alle å sjå på TV 2 langfredag kl. 20.00, då den timelange dokumentaren «Fengslet av Olsenbanden» skal gå. Då får ein følgja innspelinga av den siste Olsenbandenfilmen frå 1999, sjå mange av dei geniale kuppa som Egon var arkitekten bak og dei farlege stunta som Arve Opsahl, Carsten Byhring og Sverre Holm sjølv måtte utføra. Det vert også eit gjensyn med nokre av Carsten Byhring sine beste replikkar, og regissør Knut Bohwim blir intervjua om skodespelarane og filmane. Absolutt verdt å få med seg.

2 / 51234...5