Archive for april, 2008

Justice League: The New Frontier (2008)

tirsdag, april 29th, 2008

IMDb: 7.5/10 (979 votes)

«Justice League: The New Frontier» er den andre filmen i rekka av rett-på-video samarbeidsproduksjonar mellom DC Comics og Warner Bros. Planen er at DC Universe Original Animated Movies, som serien av filmar går under, skal komme med 2-3 nye filmar kvart år. Hittil er det «Superman: Doomsday» som eg nyleg har sett og denne filmen her som har blitt lansert.

Forutan å vere knytt til det same superhelteuniverset har ikkje filmane all verdens til felles, Superman og Lois Lane som går igjen i begge dei to filmane hittil både ser annleis ut og har andre stemmer. Produksjonsmetoden er lik, men teikninga er annleis her. I følge Wikipedia har denne filmen vore truverdig mot stilen i originalteikneserien den er basert på, «DC: The New Frontier», med sine firkanta fingrar, musklar og kjevar. Dette er med på å bidra til å gi filmen eit tidsmessig korrekt preg då denne stilen gjerne er noko ein knyttar til eldre teikneseriar, og historien her går føre seg på 1950-talet.

Ikkje berre i form av teikningane gir «Justice League: The New Frontier» djubde til tidsepoken, i form av historie og sjølvsagt karakterane, heltesynet og mange små detaljar klarar filmen å få meg inn i eit modus som eg stort sett finn meg sjølv i når eg blar igjennom gamle superhelteblad. Trass i det at teikneserien filmen er ein adapasjon av kom ut mellom 2003 og 2004.

Handlingsmessig leverar dette i både pose og sekk, her skjer det nok heile vegen, som med 70 minuttar er knapp, men likevel lang nok. Det blir gitt god tid til oppbygging og dei viktigaste karakterane i Justice League, i forhold til historien, får verdige introduksjonar. Ein felles fiende som eg skal unngå å røpe noko meir om er det naturlege samlingspunktet som sidan utviklar seg til å bli senteret for filmens høgaste punkt på spenningskurva.

«Justice League: The New Frontier» manglar litt futt i kantane, men framstår som ein meir komplett og vaksnare film enn forgjengaren i serien. At den skal gripe tak i så mykje som den gjer er både positivt og negativt, det gjer at det ikkje finst eit dødpunkt i filmen, men gjer også at historien hoppar litt fort fram i blant.

7/10

Studio 60 on the Sunset Strip sesong 1

mandag, april 28th, 2008

22 episodar.

«Studio 60 on the Sunset Strip» var ein av to nye seriar hausten 2006 som dreia seg om miljøet bak kulissene på eit tv-show. Den andre var «30 Rock» som eg nyleg såg første sesong av.

I denne serien som er av det lengre formatet, 40 minuttars episodar og dramaorientert, følger me gjengen bak «Saturday Night Live»-etterlikninga «Studio 60 on the Sunset Strip». Matthew Perry, Amanda Peet og Bradley Whitford spelar hovudrollane og gjer sitt til at eg ikkje kan utsette noko på rollebestninga, heller ingen av dei andre er nemneverdig i negativ forstand. Mannen bak serien er godeste Aaron Sorkin, han som i si tid kom med «The West Wing». Det får vere nok av namedropping.

«Studio 60» framstår som ein smart serie med nok av dialog, mykje av den krev at ein må følge med og serien slepp å bli overfladisk showbiz viss vass, dette gjer på si side at det er lett å bli reve med inn i den omfattande blandinga av personlege intrigar, nettverkspolitikk og produksjonen til showet det heile handlar om. I tillegg til å underhalde er «Studio 60» med på å opplyse til ein viss grad omkring produksjonsmetodane til eit show av typen live sketsjprogram. Dette er storveges for ein tv-serie buff som meg.

Persongalleriet er godt, atmosfæren er til å bli forelska i, det meste er på plass. Heilt til serien er komme forbi halvveges og begynnar blande inn flashback og bruke «To be continued…» gjennom fire episodar på rad. Tru meg, eg likte «Studio 60», men har ingen problem med å forstå at serien ikkje blei fornya etter eit langdryge avslutningsmaraton og tydelegvis mangel på nye idear for å halde nivået like høgt som dei første 13 episodane holdt, det var tross alt desse som gjorde at serien blei forlenga til ein heil 22-episodars sesong.

For ikkje å verke for negativ vil eg avslutte med å sei at dette eigentleg gjekk ganske bra unna store deler av vegen, Matthew Perry er glimrande, oppbygginga rundt eit tv-show fungerar utmerka, og siste episode har ei avslutning som gjer denne eine sesongen til eit fullstendig produkt.

Superman: Doomsday (2007)

søndag, april 27th, 2008

IMDb: 7.1/10 (2,069 votes)

Litt skeptisk til teiknefilmformat i denne samanhengen gav eg meg likevel i gong med «Superman: Doomsday», der stemma til Superman er Adam Baldwins («Firefly») og Anne Heche («Men in Trees») står bak Lois Lanes stemme.

Historien er av den fine sorten, dvs. at den involverar Lex Luthor og dødsalvor for Superman. Luthor grev opp ein utanomjordisk, udødeleg krigar som etter kvart skapar ein del trøbbel for Superman. Utfallet av ein lang og vill slosskamp etter berre halvtimen av filmen har passert bygger grunnmuren for resten av filmen som er både villare og meir interessant enn den barne-tv-animasjonsliknande første delen.

Til tross for at det er altfor lite blod her og øydeleggingane er mest på bygningar klarar filmen også å levere litt meir djupsittande alvor, om enn på like enkelt vis som spenningen, til den grad at eg faktisk ser ut til å bry meg om det.

Bortsett frå dette må filmen bli tatt for det den er, ein rett-på-video produksjon som på enkelt vis er mest actionretta. Til å vere det er den god, og eg kjeda meg heller ikkje. Heller det motsette, det er nokon flotte sekvensar i blant som gjer dette til ein god nok animasjon.

6/10

Den man älskar (2007)

torsdag, april 24th, 2008

IMDb: 6.7/10 (74 votes)

Lena og Hannes har ei fortid i lag. Over tid har Hannes mishandla Lena i stadig større grad, noko som til slutt har resultert i at han endeleg blei innsatt.

Filmen startar ved at den tredje viktige personen i filmen, Alf, ektemannen til Lena i det mest aktuelle tidsforløpet gjennom filmen, besøker minnelunden der aska til Lena er spreidd. Me får vite at Lena er død, Alf skjønte han ikkje kunne gjere noko med dette også før ho forsvann. Dette set på ein måte utgongspunktet for filmen før historia føretek eit hopp tilbake i tid til Alf og Lena sine beste dagar.

Ei stund har gått sidan Hannes blei satt i fengsel og han blir satt laus på prøvetid med krav om å gå i gruppeterapi for å kontrollere sinnet. Ein dag ser Lena tilfeldigvis Hannes på gata, når ho etter kvart mottek eit unnskyldande brev i posten som Hannes aldri skulle ha sendt blir ho usunt nysgjerrig på om ein person verkeleg kan forandre seg frå å vere prakteksempelet på mishandlar til å bli meir eller mindre normal.

I «Den Man Älskar» handlar det om menneske som blir styrt av impulsar framfor avgjersler gjort på logiske resonnement. Lena gløymer, Hannes gir etter, Alf kjem heller ingen veg tross oversikta over fakta og delvis utanforståande i forholdet mellom Lena og fortida hennar. I den håplause tragedien som utfoldar seg er det fråveret av forventa utvikling i bilderamma som gjer dette uthaldeleg og ikkje frustrerande. Om ein anar kvar dette kan gå vil det aldri bli for mykje av dveling rundt det. Ein kan fint sei at det ikkje dreiar seg så mykje om kva som skjer som det dreiar seg om kven som er involvert.

Temaet er mishandling og det handlar både om den mishandla og mishandlar samt personar med tilknytning til desse. Det blir ikkje forsøkt gitt ei forklaring på tankane den mishandla, Lena, sit med, så mykje som det faktum at ho er stappfull av tankar av alle slag. Her er det opp til publikum å bestemme kva som er det viktige.

Bruken av klassisk musikk for å skape eit passande lydbilde til handlinga er tydeleg og i blant nær over toppen, like fullt velplassert på dei plassane der det er ønska oppnådd ekstra effekt. Det tekniske er på plass utan å trekke til seg spesiell merksemd. Den sterke handlinga er eigentleg nok i seg sjølv og klarar åleine å skape ei ubehageleg kjensle som kunne ha vore tent med ein endå større avstand mellom oss og det som føregår på skjermen.

Eg er redd dette blei litt bleikt i forhold til potensiale. Filmen ligg nær å vere verkeleg god, men taper på feige utvegar og kunne gjerne ha vore endå tyngre og dystrare. I fleire tilfelle under filmsjåinga sat eg med nervøs og ubehageleg kjensle som vitnar om godt laga film, etterkvart gjekk det derimot opp for meg at forløpet var satt og forbi dette punktet klarte ikkje filmen å halde på den heilt store interessa tross det sterke temaet. Slutten blei difor likegyldig, noko som sjølvsagt ikkje er bra.

7/10

30 Rock sesong 1

mandag, april 21st, 2008

21 episodar.

30 Rockefeller Plaza i New York, også kjent som The Rockefeller Center, er bygningen der NBC Studios ligg. «30 Rock» er ein komedie om liksom-tv-showet «TGS with Tracy Jordan» med Tina Fey og Alec Baldwin i hovudrollane. Tina Fey spelar Liz Lemon som er produsent for tv-showet, Alec Baldwin er sjefen hennar igjen og Tracy Morgan spelar Tracy Jordan.

Komedien som er av typen on-location, det vil i dette tilfelle også bety fri frå slitsomme latterboksar, har fleire med bakgrunn i humoristiske talkshow og bl.a. «Saturday Night Live» med seg (framfor kamera) og handlar også om eit sketsjprogram. Sjølv om eg verken er fan av sketsjprogram, dei fleste av innslaga i f.eks. «MadTV» er røbbisj, eller liksom-sketsjane på «TGS» er spesielt gode, så er faktisk serien «30 Rock» relativt habil. Fey er ei energisk dame og Baldwin tilfører serien mykje positivt med nærveret sitt.

Litt tid tok det før eg kom inn i varmen med både karakterane og opplegget rundt, men serien har akkurat nok med driv gjennom episodane til at ein får ei tilknytning til personane etter kvart, noko som igjen gjer at den legg seg på eit bra humoristisk nivå. Her er det nok variasjon i mellom dei episodiske hendingane til at eg ikkje går lei, så når det attpåtil er korte episodar på (vanlege) 23 minuttar så går dette unna.

Celebrity (1998)

søndag, april 20th, 2008

IMDb: 6.1/10 (9,878 votes)

Ein film med Winona Ryder går automatisk godt i hus hjå meg, iallfall hittil, dessutan gjer Kenneth Branagh seg veldig godt som Woody Allen-karakteren som i filmen er Lee Simon. Han er like forvirrande, usikker og nevrotisk som Allen sjølv ville ha vore, samtidig som han er eit nytt ansikt i Allen-samanheng. Nydeleg filma i svart/kvitt og med eit lass, nei hav, av kjente ansikt i gode bi-rollar blir dette akkurat nok kunstfilm som det blir ein hyllest til kjendisar. Sett som ei rekke enkeltsekvensar er denne filmen interessant, måten den grip tak i to personars liv i kjendisverden etter ei skilsmisse i form av mange separate deler gir eit litt oppstykka preg, utan at det blir vanskeleg å henge med på nokon måte. Når det kjem til heilheita saknar eg altså noko meir, forutan å handle om livet til celebre personar på ein god måte og glede med bl.a. eit par stjerner frå «The Sopranos» skulle eg ønske det var eit eller anna ekstra som tok filmen opp på eit høgare nivå.

7/10

Mighty Aphrodite (1995)

søndag, april 20th, 2008

IMDb: 7.0/10 (14,246 votes)

Ein ganske grei film som travar i veg med Allen i velkjent rolle, ein god dose humor og ei varm historie. Allen spelar mannen med skurr i ekteskapet som tek ei prostituert som venn i ein tyngre periode i livet, den prosituerte er ved sidan av å vere mora til hans adopterte son ikkje særleg skarp, men eit godt motstykke til sportsjournalisten Allenspelar. Filmen er passe overfladisk satt opp mot Allens meir sinnsdjupe filmar, han leverar lite av seg her forutan skodespelet sitt. Mangelen på substans gjer at ein sit igjen med lite etterpå, men det unngår å bli ein dårleg film på grunn av humoren og varmen. Mest synd er det at slutten kjem altfor forhasta og blir altfor snill sett i perspektiv av livskrisa sportsjournalisten eigentleg befinn seg i. Det er kanskje å forvente ein så enkel slutt når filmen elles ikkje er spesielt djup.

6/10

September (1987)

søndag, april 20th, 2008

IMDb: 6.4/10 (2,903 votes)

«September» kan minne litt om Allens tidlegare seriøse film, «Interiors», i måten den har gjort depresjon til eit sentralt tema og rollen miljøet har for å forsterke kjensla av å ikkje vere heilt heime — ikkje direkte kaldt, men litt kjølig. På ei anna side er «September» ein lystigare film med meir fokus på forviklingar i situasjonane som oppstår når menneske møter kvarandre og ikkje har kontroll over kven dei forelskar seg i, dette gir rom for både tristheit og komedie i det lukka miljøet av eit hus handlinga føregår i. Her var Allens intensjonar å lage eit «teaterstykke på film», med fleire lange tagningar og minimalt av effektar. Mia Farrow passar ganske godt inn i rollen som kvinne i ein tung livsfase, ho er ein plass i mellom å vere håplaus, trist og irriterande irrasjonell, ei slitsom kvinne å ha med å gjere, plakaten hintar til ein bipolar mentaltilstand. Dei andre rollane i filmen er med på å nøytralisere ho og balansere persongalleriet til å gjere dette til ein roleg filmopplevelse framfor eit stressande forviklingsdrama.

7/10

Stardust Memories (1980)

søndag, april 20th, 2008

IMDb: 7.2/10 (6,191 votes)

Med Ingmar Bergman og Federico Fellini som forbilde (Woody Allen hadde ved eit punkt i produksjonen tankar om å kalle filmen «4», fordi den ikkje var halvt så god som «8½») har Allen satt seg til å fortelje historia om ein oppdikta filmskapar, Sandy Bates. Bates har hatt stor suksess innan komediesjangeren, no vil ha lage seriøs film. Fanbasen hans er dedikerte og følger med uansett. Under ein liten filmfestival med berre filmane til Bates på programmet følgjer me personen i notid, fortid, på film og under festivaltiden. Persongalleriet er fyllt med fargerike personar, tross at filmen er svart/kvitt, og dei fleste statistane er bisarre menneskeskapningar, karikaturar kan ein sei, mykje hjulpe fram av kamerabruken. «Stardust Memories» er noko for seg sjølv, fell ikkje heilt i smak her, men er nok likevel ein av Allens meir gjennomtenkte filmar og blant mannens eigne favorittar. Som tilleggsopplysning kan det vere greitt å nemne at dette ikkje er meint som eit autobiografisk verk.

6/10

Big Love sesong 2

fredag, april 18th, 2008

12 episodar.

Andre sesong av serien der Bill Paxton spelar mormonar med tre koner utviklar seg til eit parti sjakk med kraftige mottrekk mellom familien familien Henrickson (som Bill er del av) og familien Grant i det avskilte Juniper Creek samfunnet.

Det gir seg altså aldri, feiden som i første sesong stadig brydde Bill Henrickson med mange problem har blitt hakket kvassare og seriens handling med karakterar ligg stadig på kanten til å falle over på ein eller anna måte. Det er ikkje pusterom å få og ein får slengt på seg så mange løgner at det vanskeleg skal gjerast å lese det alvorlege spelet som det utviklar seg til. Brått sit ein der og lurar på når dei ulike karakterane kom til plassen i livet dei befinn seg i, då dei gradvis har blitt forma av seriens handlingar så elegant at det vanskeleg blir oppdaga.

«Big Love» har mykje for seg, det er ein god dramaserie der ein må ha tunga rett i munnen for ikkje å falle over ende, her flyg det så mange velartikulerte, men på jordet argument fram og tilbake der religion, Guds ord, kall og alt slikt nonsens blir flittig brukt til forsvaring av egoistiske handlingar. Som hinta til innleiingsvis, og nemnt i eit tidlegare innlegg i forbindelse med første sesong, handlar dette om polygami. Det serien er god til er å gi eit reflekert syn på gitte og sannsynlege scenario om polygami utan å eksplisitt tale til fordel for verken det eine eller andre. Slik blir det til at eg eigentleg ikkje reagerar så mykje på at serien handlar om polygami etter kvart og ser på det som ein god dramaserie.