ness
01-apr-2008

Eit alternativ syn på Friday the 13th

«Tsju tsju tsju tsju, hah hah hah hah.» Slik lyder herrens filmmusikk, Harry Manfredinis.

Er du blant dei som ser på «Friday the 13th» som enkelt grøss der teite ungdommar blir slakta ned utan mål og meining? Les vidare.

Det er meir bak «Friday the 13th» enn at eg kan gi meg med passiv kommentering om kor vidt filmane er gode eller dårlege. I dette innlegget vil eg sjå nærare på særs viktige aspekt ved filmens syn på menneske og relevante parallellar med klassiske verk. Teksten er ingen prakteksempel på oppbygging og akademia, meir ei tankerekke der eg prøver å trekke absurde linjer.

Eg har fått det for meg at mange har streifa bortom drepinga av pulande ungdommar i «Friday the 13th» som eit ledd av den evigpopulære kristne moraliseringa omkring seksuelt samkvem før ekteskapet, generalt omkring «feil» former for sex. Tarjei Vesaas, av alle å trekke fram, har ein idé om at Gud straffar 11 årige jenter med lesbiske tankar i «Is-slottet», «Friday the 13th» er ikkje så dømmande på homoseksualitet, men o’ store mordar Jason drep også all form for lesbisk subtekst i flyten av nakne kvinner i mengder. Eg trur lite på at Tarjei Vesaas eigentleg er relevant her, men ønska å legge litt tyngde bak nokre av drapa til Jason, på spissen.

Det er ingen hemmelegheit at instruktørane på Camp Crystal Lake og andre leirleiarar seinare å vifte med eller ta i mot, pikk. Dette er relevant for rettferdiggjeringa til drapa, Jason lærte aldri å bruke snabben sin og er misunneleg. Jason, i dei filmane han er monsteret, er eit egoistisk vesen som har ein tendens til å angripe lykkelege unge mennesker når dei har sex eller badar nakne. Egoismen ligg også i hans inkapibilitet i å sjå andre menneske glede seg, han ser nok også det praktiske å spare knivblad for slitasje som ville oppstått i møte med tøy. Eigentleg har ikkje dette så mykje å gjere med at Jason drep, han ville drept uansett han, det er ein gong slik at ungdommen er ganske vill. Eg håpar poenget mitt kjem fram, nakenheit og sex, to vidt forskjellige ting, er ikkje årsaka til drapa, det er eit eller anna skrudd i miniatyrhjernen til Jason. Men han har fleire grunnar.

Ein av dei er at Jason som den stygge ungen han var aldri fekk svømmetrening, dette fekk fatale konsekvensar, i ettertid har han gjort kampen mot læringsanstaltar til sitt hemntokt, då gjeld det for ungdommen å styre unna, noko dei aldri gjer. Ein ting som ikkje kjem fram i filmane er at Jason kan lese, favorittboka hans er Agatha Christies «Ti små negerbarn» som den så flott heiter i mi norske utgåve frå 1980, andre vil kanskje kjenne den betre som «And then there were none». Han prøver å leve opp til forbilde sitt i boka som er hjernen bak dei «eine etter det andre»-drapa. Han brukar dei mange vage forbrytelsane ungdommen gjer i «Friday the 13th»-filmane som grunn til å ta livet deira, problemet er at Jason etter kvart går over til eit «føre var»-prinsipp og det blir vanskeleg å gi noko meir av handlingane i filmane meining.

Til slutt korte oppsummeringar rundt kvar enkelt film.

Friday the 13th (1980, Cunningham)

Utvilsomt seriens beste. Her er ideen frisk og ny i «Friday the 13th»-samanheng. Kanskje ikkje verdens mest innovative film, men måten stemninga blir vektlagt og lykkast i utførelsen, spesielt med tanke på god filmmusikk, også at mordaren forblir skjult, er fin. Mørk film (lowkey) og bra bevaring av mystikken i det avsidesliggande miljøet som aldri blir ein parodi på isolasjon.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Friday the 13th Part 2 (1981, Miner)

Overraskande god oppfølgar, sjølve oppbyggina er nokså lik den første, Voorheesmytologien er i ferd med å slå rot og gir god grunn til å sjå denne. Filmen tek stad ikkje langt unna Camp Crystal Lake som var plassen i første og er veldig lik, det ser eg på som eit pluss, dette er det perfekte og ikkje minst ekte «Friday the 13th»-miljøet i mine auger.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Friday the 13th Part III (1982)

Frå her av og utover synst eg filmane aldri har blitt meir enn grei underholdning. Denne tredje filmen er blant dei betre etter dei to første (som er dei to beste). Jason gjenoppstår og legg seg etter ei gruppe unge menneske som er ved Crystal Lake for å ha det gøy, ingen leirforbindelsar her, berre vanleg hyttetur. «Part III» er stadig like flink til å bevare spenninga då det tek tid før folk oppfattar kva som skjer.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Friday the 13th: The Final Chapter (1984)

Det flotte med denne filmen er at barn er teke inn i historien, dette gir ekstra gufs, eller eit ekstra puff i framstillinga av brutaliteten. Starten er også ganske morsom. Har lite å utsette på denne, den er som den forrige filmen midt på treet. Siste film i franchisen er den og… eller… vent litt, du.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Friday the 13th: A New Beginning (1985)

Denne litt snåle greia var den første skuffelsen, ikkje ein stor, men likevel ein skuffelse. For det første - her får det så vere at eg røper poenget - Jason er utelatt frå filmen. Det heile føregår på eit ungdomsanstalt utan guffen Crystal Lake-stemning. Interessant er det å sjå ein rollefigur frå «The Final Chapter» (ny skodespelar då), får lov til å spele gjennom heile filmen og ikkje berre vere senter for opningssekvensen. Overkommeleg film, ingenting å skrive heim til mor om.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Jason Lives: Friday the 13th Part VI (1986)

Vår venn frå «The Final Chapter» og «A New Beginning» får lov til å vere med her også, heller ikkje filmskaparen klarar å bevare særlege likskapar i karakteren som igjen blir spelt av ein ny skodespelar. Jason er tilbake og begynnar verkeleg å ta av, frå her og utover blir gjennopplivingane villare . Filmen tek for seg leirinstruktørar igjen, har med politi som prøver å undertrykke legenda Jason. Morsomt er det at Crystal Lake har bytta namn til Forest Green for å understreke poenget til politimannen, når namnet igjen er Crystal Lake i neste film finst det ingen grunngjeving for det.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Friday the 13th Part VII: The New Blood (1988)

Ei jente som opplevde faren sin død kjem attende til Crystal Lake med legen sin for å få gi fart i traumebehandlinga, ho har nokre telepatiske emner som er viktig for filmen då Jason nok ein gong oppstår for å plage jenta (med lege og mor) og dei festglade ungdommane som har leigd hytta like ved.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Friday the 13th Part VIII: Jason Takes Manhattan (1989)

Smak på tittelen. Litt musikal som i «The Muppets Take Manhattan» kanskje? Her handlar det om ungdommar, igjen, og ja, Jason! Handlinga går føre seg på eit cruise til New York, høgdpunktet i filmen er sjølvsagt ved ankomsten. Ikkje heilt bra dette, Jason i folkemengder blir litt rart, men det fungerar akkurat greitt nok likevel, dei som har komme seg så langt i serien veit jo kva dei går til.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Jason Goes to Hell: The Final Friday (1993)

Eksplosiv start, Jason blir sprengt i fillebitar av militære, men oppstår då obduksjonsansvarlege finn det for godt å jafse i seg det store, svarte hjarte som Jason hadde i kroppen. I «The Final Friday» blir det forsøkt gitt begrunnelsar for kvifor Jason er som han er, noko neste film følger opp med. Det skal ikkje vere slik, Jason er eit rart vesen som vanskeleg kan plukkast frå kvarandre. Filmen ser derimot passe lekker ut, og byr på bøtter med blod.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Jason X (2001)

Bånn i bøtta. Morsom ide, ufatteleg dårleg gjennomført. «Jason X» er som ein dårleg kopi av «Alien» der romvesenet er erstatta med Jason, dårlege skodespelarar er noko ein ikkje bryr seg med i franchisen, men her blei det for vondt til å bli oversett. Om forsøket er ein moderne sci-fi vri på grøssarsjangeren så er jo filmen det, men den er eit veldig dårleg forsøk.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Iversen har sagt:

Men, hva med Fraddy vs Jason? :D Kremfilm. Eller, egentlig ikke da.

ness har sagt:

Tja, no har eg ikkje lest meg opp på kva som stemmer mest, om den er del av «A Nightmare on Elm Street»-franchisen eller av begge, men eg valgte å styre unna den her, ettersom eg akkurat rabla ned litt om den for eit par veker sidan. «Freddy vs. Jason» er jo betre enn «Jason X» då!