ness
02-apr-2008

The Cottage (2008)

IMDb: 6.4/10 (332 votes)

I havet av nye filmar kvart år er det nokre som skil seg ut som gode, andre blir slakta, igjen står dei som er midt på treet, desse er som regel dei ein tek sjansar med og blir skuffa av. «The Cottage» er ein typisk midt på treet, blodig skrekkfilm, den har forsøkt seg på ei litt uvanleg vending, eller blanding, den mislykkast, men står like fullt fram som annleis enn det verkelege mølet der ute.

Det heile begynnar med to menn i ei hytte, desse har utført ei ugjerning og den eine er ganske så nervøs, rettare sagt i frå seg. Litt etter litt går det opp for oss kva dei har gjort og kvifor dei er reist til hytta. Som med folk som utfører ugjerningar er det andre folk etter dei, og sidan dette delvis er komedie er ikkje alle folka i filmen like smarte heller, det ligg altså i korta at ting etter kvart skal gå skeis. Som om ikkje det var nok, når ein av dei to mennene er innom den næraste landsbyen for å nytte telefonkiosken møter han på innfødte som talar om noko skummelt i skogen nær hytta.

Grunnen til at «The Cottage» ikkje verkar er at humoren forsvinn i ei sprekke i golvet. Ingen av dei involverte er spesielt interessante, trass i Andy Serkis, trass i Jennifer Ellison. Gjennom eit veldig langt første parti av filmen er det rett fram kjedeleg, når det først begynnar å skje noko ekstra har kjedsomheiten satt seg altfor godt til beinet at det pregar humøret mitt til siste slutt. I siste partiet er det nokre vanvittig ekle og stilig nok samansatte blodsbad, synd er det at eg då har fått nok og at dette pariet er heilt på trynet i filmens historie fordi komedien aldri har fungert nok til å gi rom for sinnsjuke vendingar.

«The Cottage» er ikkje blotta for gøy eller guffe, den klatrar opp på middelsnivået. Styr likevel unna denne, uansett kva du høyrer om den som ny britisk grøssarkomedie.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10