Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporet (1977)
(IMDb)

Den 8. filmen om banden startar i Spania, der banden har slege seg ned som multimillionærar. Benny og Kjell klagar på varmen, medan Egon regjerar diktatorisk over millionutbyttet. Her skal det ikkje det ikkje sløsast med pengane. Når banden tek seg ein middagslur dukkar den danske rivalen «Biffen» opp, utsendt frå det multinasjonale selskapet Multiscan. Han greier å rana til seg pengane og overlet Egon til det spanske politiet.
Etter eit nytt opphald på Botsen er Egon igjen klar med ein plan. Medan han har vore i fengsel, har millionane hans vorte omsett til gullbarrar som skal fraktast med tog til Sveits. Den småfeite dansken «Biffen» er sjølvsagt mannen bak. Men Egon har nytta tida bak murane godt. Han har pugga NSB sin rutetabell, slik at han kan manøvrera gullvogna dit han vil når den tid kjem. Som vanleg har han med seg Benny og Kjell på laget, og alt går etter planen heilt til dei skal lasta om gullbarrane frå panservogna til ein heller skrøpeleg lastebil Benny har kjøpt. Når alle gullbarrane er frakta over i lastebilen, skal stakkars Kjell hoppa over i lastebilen. Dessverre knekk heile lastebilen saman, så banden kjem ingen veg. Som vanleg kjeftar og smeller Egon på sine udugelege kompanjongar. Sjølv seier Benny at ein ikkje kan forventa all verdas lastebil for «en påsa med femtiøringer». Bak lurer rivalen Biffen, som har tenkt å ta seg av Egon på sin måte.
Etter litt om og men er banden klar igjen til å få tak i gullbarrane. Egon har planen klar. Denne gongen får dei med seg ein litt meir skikkeleg Dynamitt-Harry, og dette blir deira siste sjanse til å få fatt i gullvogna. Nye artige situasjonar oppstår, og med «Biffen» i nærleiken er det ingenting som er avgjort.
Dette er ein av dei mest morosame filmane i serien, mykje grunna eit godt manus og fleire artige situasjonar med banden i sentrum. Sjølv er eg ein stor fan av den danske rivalen «Biffen», spelt av Ove Verner Hansen. Filmserien trengde verkeleg ein slik karakterer, som kan kan verka både truande og morosam på ein gong. Kan ikkje sjå nokon norske skodespelarar som kunne ha spelt denne rolla på ein like god måte som Ove Verner Hansen. Flott at regissør Bohwim fekk med seg denne dansken i dei norske filmane og. Han har forøvrig spelt i flest Olsenbandenfilmar til saman, 16 i alt.
Dette er også den første filmen der Øivind Blunck medverkar som Holm, assistenten til Hermansen. Samspelet desse to imellom er glimrande. Medan Holm lever av jobben sin og alltid vil få ting gjort, er Hermansen meir og meir lei jobben sin og likar heller å utnytta arbeidstida si med sine eigne interesser. Sverre Wilberg er som alltid glimrande som Hermansen, og kjem med mange fulltreffarar etter ei lang fartstid som kriminalbetjent, m.a. : «Viss du absolutt skal oppklare forbrytelser Holm, så må du gjøre det på fritiden». Mange andre fulltreffarar er det også banden imellom, mellom anna får Kjell høyra det etter sitt uheldige hopp i lastebilen; «Av alle deigklumper er du den største (Egon)», «Du må ikke ta ta det så tungt (Benny)».
Kort oppsummert ein av dei aller beste filmane i serien, med introduksjonen av Ove Verner Hansen og Øivind Blunck som to viktige årsaker, i tillegg til eit opplagt og godt manus skrive av danskane Balling og Bahs. Det kan også nemnast at denne og resten av filmane i serien gir oss eit godt og interessant bilete av korleis Oslo såg ut på 1970-og 80-talet.
Vurdering: 8 av 10.
