Veronica Mars sesong 2
22 episodar.

Av dei tre sesongane «Veronica Mars» har eg lenge forsøkt komme fram til ein favoritt, utan hell. Dei er alle knakande gode, om enn forskjellige nok til at eg ikkje klarar å velge bort to til fordel for ein.
Den gongen eg fulgte med på «Veronica Mars» regelmessig ein gong i veka låg det store forventingar til sesong 2 før premieren, mordmysteriet som var den sterkaste raude tråden i første sesong var blitt avslutta, spørsmålet var om det kunne komme eit nytt mysterie, like smart og godt fletta inn i episodane. Etter eit par uklare opningsepisodar openbarte ikonmysteriet seg i form av eit alvorleg busskrasj som fekk meg til å sitte igjen med klumpen i halsen. Allereie her viste serien å ha utvikla seg i meir dramatisk og vaksen retning. Når eg no sit og reflekterar over kva eg har sett er det naturleg for meg å tillegge litt ekstra i favør av ferske erindringar, drapet på Lilly Kane som var senteret for seriens første 22 episodar i lag med andre mindre og viktige trådar, var jo vel så alvorleg, om ikkje så omfattande i folketal. Det er ikkje her det største skiljet i sesongane ligg. Vidare utover i desse 22 nye episodane vitnar me fleire mørke handlingar enn tidlegare, eg tenker på blodskalde drap og egoisme utan like.
Strukturen er som før, Veronica får stadig nye saker å løyse frå medelevar og litt kjem sjølvsagt frå farens, Keith Mars, etterforskingsbyrå. Busskrasjet er det ultimate målet som mange andre mørke historiar som står på eigne bein også bidreg til å auke detaljkunnskap rundt. Sesong 2 innheld eit hav av informasjon som krev at ein held tunga rett i munnen undervegs, denne informasjonen fører Veronica og Keith sikksakk framover, det er ikkje lett når halve byen har mørke hemmelegheiter. Samtidig har du også mindre rollefigurar som har det med å dukke opp igjen i ein eller fleire episodar etter dei fekk sitt eige problem løyst av Veronica, dette gir spesielt skulemiljøet ei ekstra djubde og framstår ikkje berre som tomme kulisser der handlinga går føre seg.
Godorda om serien er mange, balansen mellom å vere ei utfordring, stadig overraske, pirre med å gi berre ein smak av enkelte problem som seinare kan dukke opp igjen som viktig i det store bilde, nytte klassiske highschoolproblem i smart innpakking, vere alvorleg og tankevekkande, spiss på sarkasme. Eg kunne fortsatt, men eg vil ikkje gjenta meg sjølv for mykje frå det eg skreiv om 1. sesong.
«Veronica Mars» har det med å bruke karakterane sine som det passar seg, noko som resulterar i at enkelte blir skyvd litt i bakgrunnen når det ikkje er utvikling rundt dei. Ei samanlikning mellom dei faste på rulleteksten og kor mykje skjermtid dei får bekreftar dette, igjen er det den samla sesongen som står igjen som vinnaren, då det blir tid til å føre dei interessante historiane framover og styre serien unna den repeterande kjærestejakta i den grad mange andre ungdomsseriar dreiar seg om dette, «Veronica Mars» har dette og, det er ikkje poenget mitt. «Lost» er prakteksempelet på at for lite av kvar enkelt rollefigur kan bli frustrerande, difor blir det viktig å påpeike at «Veronica Mars» har sitt eige ensemble av kjernekarakterar som er med i større grad både på skjerm- og kjenslenivå.
Som om det var tvil her og, «Veronica Mars» er ein serie eg fullt ut anbefalar. Den gir veldig mykje tilbake for tida den brukar på å utfolde seg, mitt gjensyn med også denne sesongen bygg under bilde av serien som ettertida har vore med å forme.
Som bonus heilt på tampen vil eg nemne at Kevin Smith og Joss Whedon gjer kvar sine gjesteopptredenar i løpet av sesongen. Charisma Carpenter og Alyson Hannigan (begge frå tidl. «Buffy») gjer tilbakevendande rollar. Ja, serien er generelt stappa med synlege, verbale eller idebaserte referansar til populærkultur Rob Thomas ser ut til å sette pris på. Dette er jo spesielt gøy når ein kan snappe opp noko sjølv, og gjer gjensyn kjekkare om ein har sett noko sidan sist som kan dukke opp her.
