Filmdagbok
ness
09-apr-2008

Men in Trees sesong 1

17 episodar.

«Men in Trees› er ein av titlane som har sluppe forbi radaren min som sveipande har søkt over nye tv-seriar dei siste par åra. Tittelen har gitt meg assosiasjonar til streite drama eller teite sitcoms, då eg nyleg fekk meg til å lese eit kort samandrag bestemte eg meg likevel for å prøvedykke.

Beskrivelsen som ei blanding av «Northern Exposure» og «Sex and the City» er passande, sjølv snappa eg opp desse parallellane utan å ha komme over akkurat denne beskrivelsen, som her betyr at me får ein porsjon avsideliggande småby i Alaska med sine hyggelege lokalfigurar og forholdsrelatert New York forfattarprat. Dette burde vere underbyggande nok for påstanden om likheitene andre har trukke.

Marin (Anne Heche) er ekspert på kjærleiksforhold og forfattar av hjelpande bøker på område. Då ho er innom Elmo i Alaska på foredragsturne for den siste boka si får ho vite på telefon at forlovaden hennar har vore utru. Dårlege transportforhold gjer at ho blir verande i Elmo eit par dagar ekstra, nok til å bli glad i plassen og bli verande der endå lengre mens ho stablar kjenslelivet sitt på beina igjen. Slik blir me på linje med Marin introdusert for Elmo gradvis gjennom eit av dei mest brukte verkemidla i tv-bransjen, nemleg å sende ein ny person til ein ny plass. Det fungerar.

Tittelen «Men in Trees› gir eit bilde på kjønnsfordelinga i Elmo, prega av mannlege tømmerarbeidarar som det er. Ikkje rart Marin som kvinne blir glad i plassen som ho også ser på som inspirasjon til å skrive ei ny og anna bok enn planlagt med kunnskapane ho tillegg seg ved å konversere med «ekte» menn. Elmo er som Cicely (i «Northern Exposure») ingen ekte plass, men ei romantisering av kva ein småby i Alaska kan vere, der alle kjenner kvarandre og byen er omgitt av vill og vakker natur, her er det rom for bygdeoriginalar og jordnære karakterar som motstykke til Marin, ei kvinne som kunne ha vore henta ut frå ein av altfor mange New York-seriar om sukessfyllte kvinner. I Elmo glir ho godt inn og gir serien moglegheiter å knytte seg til småhistoriar utanom Elmo i ny og ne, ho blir å legge merke til sjølv om ho ikkje er den mest originale tv-karakteren.

«Men in Trees» er ikkje det mest originale eg har sett, det er ein alright dramaserie med ein del hyggelege karakterar, intrigar nok til å gjere meg hekta, også har den slik lun, fin humor. På utførelsen er det fleire ting å sette fingeren på, eg saknar mest ein betre innsats på klypperommet, strukturen i heilheit er standard, men hoppinga mellom dei ulike karakterane i deler av enkelte episodar heng ikkje på greip reint tidsmessig og set seg som dårleg tenkt. Av skodespelet er det ingen eg mislikar, men heller ingen som utmerkar seg som verkeleg gode, det virkar å handle mykje om utsjåande, spesielt på gjesterollane.

Det negative tenker eg lite på når eg ser serien, «Men in Trees» er ei ganske grei sak å bli hekta på, det er ein koseleg serie, om sant skal seiast, forvent berre ikkje originalitet opp til øyrene.