ness
10-apr-2008

Cry-Baby (1990)

IMDb: 6.2/10 (10,901 votes)

Eg har ein innrømmelse på lager, eg har aldri sett «Grease». Sjølvsagt har eg sett klypp frå den, eg veit sånn cirka kva den handlar om og alt det der, men har aldri hatt spesielt lyst til å sjå heile. «Cry-Baby» fekk eg umiddelbart lyst til å sjå når eg blei obs på den, parodiere «Grease» og liknande som den skulle gjere. Dessutan er eg glad i musikalar, etter i mange år ha hata sjangeren som intetvitande, har eg blitt godt glad i nokre etter kvart, gode musikalar set eit ekstra gledestrykk i meg, det blir så mykje meir fres over sakene med gode songnummer.

«Cry-Baby» er på langt nær den første filmen til John Waters, men mitt første møte med filmskaparen. Og for eit møte! Kvelden eg satte meg ned med filmen var den rette, eg var innstilt på god film, litt lysten på noko ekstra enn berre ein komedie. Denne leverte frå første minutt då den opna med The Bonnie Sisters «Cry-Baby» til ein tidssettande vaksinasjonssekvens i 1950-talsånd. Her vert både musikkstilen, persongalleriet og ikkje minst humoren satt. Heilt på kanten av kva eg kan sluke, men aldri over, difor så velfungerande.

Johnny Depp spelar Wade Walker, Wade går under namnet Cry-Baby, her skal eg ikkje røpe nokon årsak, for som det meste i filmen er det vanskeleg, om ikkje umogleg å gjengi inntrykket dialogane, monologane og songstykka gir. Cry-Baby er ein skikkeleg hillbillie og harding med gjengen som følger, Drapes heiter folka hans og er forhatt av den «gode» sida i lokalsamfunnet, the Squares. Filmen er ei kjærleikshistorie av ein musikal som involverar ei jente som ikkje er så Square som dei rundt seg.

Ein klisjé er betingelsen på eit utslitt utrykk, det «Cry-Baby» gjer er at den hentar inn dungar av klisjear og pussar dei opp, forsterkar dei og lagar ein heidundrades artig film ut av det. Ingenting er nytt, men det er friskt. Pangstarten allereie under opningssekvensen blei aldri det einaste av glede i filmen, løpet blir køyrt fullt ut, eg blir like glad i karakterane som i musikken då dei aldri dør ut i stereotypane sine. Stereotype er vel også hakket negativt, det er sjølvsagt meir til karakterane enn som så.

Eg klarar ikkje gjere anna enn å skryte av dette, alt satt som støypt for min del iallfall. Depp briljerar, Amy Locane som jenta her forelska eg meg lett i. Tilogmed Kim McGuire som den urstygge Hatchet-Face var like effektfull på slutten som i starten, huff, stygg som pokker altså. Eg kan ikkje love at denne vil falle i like stor smak for alle som den gjorde for meg, men anbefalar den til nokon som har lyst på ein lett og lystig gladfilm.

Nok ein gong minnar eg på at min «9» er som andres «10». Min «10» er forbeholdt gjensyn som leverar varene like godt eller betre.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Fred Ut har sagt:

Ga du den en tier uten å anmelde den? Ikke at den ikke fortjener en tier, eller i hvert fall en nier, men likevel…

Fred Ut har sagt:

Ånei, jeg leste skalaen på vrangen, så den fikk jo en nier. Men likevel…

ness har sagt:

Tenkte faktisk på å anmelde den i stad, har blitt nokre dagar sidan forrige filmanmeldelse og forrige film, så Cry-Baby har fått synke ekstra godt inn.

Skal sjå om eg ikkje får rable ned litt på papiret i løpet av kvelden, er jo absolutt ein film som gav meg godfølelse.

ness har sagt:

Så var anmeldelsen klar, og det som står i kommentarfeltet hittil gir nok ingen meining lengre.. Som notis til andre kommentarfeltlesarar.

Fred Ut har sagt:

Fine filmen sin. Skal nok utsette åttendeklassen min for denne før ferien. Så den igjen med John Waters´ lett grisete kommentarspor, og overraskende mye av karakterene er basert på opplevelsene hans som liten gutt på denne tiden i Baltimore. Og Johnny Depp synger ikke selv.

trondjo har sagt:

Etter å ha lest dette, så gikk det opp for meg at denne filmen har samlet støv lenge nok i bokhylla. Nå skal jeg endelig se den i løpet av relativt kort tid. Gleder meg!

PS! Har heller ikke sett Grease i sin helhet, og har vel heller ingen planer om å gjøre det egentlig.

ness har sagt:

FU: Hadde mistanke om at Depp ikkje song sjølv, håpar ikkje eg gav inntrykk av det motsatte. Men det gjer då eigentleg ingenting? Altså lipsyncen er bra og songstemma/stemmene held seg mykje innanfor eit bestemt område, ingen Louis Armstrong/Michael Jackson variering her på songane sunge av Cry-Baby sjølv ;)

Fred Ut har sagt:

Neida, du sa ingenting om det, tenkte det var morsomt å vite, bare.

ness har sagt:

Jepp, sluker all slik info rått :)