ness
12-apr-2008

Six Feet Under sesong 5

12 episodar.

Serien som starta med at Nathaniel Fisher Jr. kom tilbake frå Seattle til Los Angeles i forbindelse med faren sin død og etter kvart enda opp i families gravferdsbyrå der broren allereie jobba, fekk også ein skikkeleg slutt i sin femte sesong.

19. august 2005 blei den sekstitredje episoden av «Six Feet Under» vist for 3.9 millionar HBO-sjåarar, 1.4 millionar meir enn snittet tidlegare i den avsluttande sesongen. Det vil vere dårleg gjort av meg å fortelje kva som skjer mot slutten av «Six Feet Under», så eg skal unngå dette, la meg likevel fortelje at opptaket på slutten startar for fullt i fjerde siste episode, og at det er ein skikkeleg slutt me får. At skaparane hadde planlagt og faktisk gitt seg, i motsetning til kva som skjedde med «The Sopranos» som stadig blei fornya, med «Six Feet Under» etter sekstitre episodar var noko eg var bevisst på mens eg såg på serien og faktisk ein av grunnane til at eg tok meg tid til å følge serien i fjor rundt desse tider. Eg er ikkje skuffa over utfallet heller.

Eg fulgte aldri «Six Feet Under» fast på tv, for nokre år sidan såg eg litt av eit par episodar når NRK sendte serien etter 23-nyheitene på fredagskvelden, men plukka mest opp at det handla om eit gravferdsbyrå og homofili, noko som vart for sær ein kombinasjon den gongen. Dette siste året har eg fått sett det som eg no vil beskrive som eit av dei betre tv-drama eg har sett. Hekta var eg mest gjennom dei to første sesongane, seinare har eg tatt meg god tid før eg raste gjennom siste sesong no nyleg.

Fjerde sesong gjekk vidare med liva til dei involverte som vanleg og eg merka at serien på ein måte hadde gått seg til og roa ned litt, nok av problem og slikt oppstår, men det brygga seg sakte, men sikkert opp mot ein slutt og tanken på dette la ein liten dempar på resten. No er det med episodane under lupa eg ser på det slik, eg har eigentleg ingenting å utsette på serien. Spesielt etter den forlenga siste episoden tenker eg dette, denne var tung og trist som eg aldri har opplevd på tv før og er verdig for serien som heile vegen har vore god på tragediar. Med fare for å framstille meg sjølv som eit forstyrra individ blei eg liggande vaken lenge og tenke over spesielt den siste montasjen i serien.

Ingen tvil om at «Six Feet Under» er god altså. Alle sesongane er vel verdt å få med seg, sjølv om eg har hinta til synkande interesse, noko som eigentleg ikkje stemmer, når ein følger ein serie har ein for vane å enten hylle det som ligg friskast i minne eller vere nostalgikar utan like. I «Six Feet Under» skjer det så mykje over eit lengre tidsrom at det er vanskeleg å styre seg i å fundere på denne måten. Eg er mest redd eg igjen har rabla uinteressant nonsens om eit høgkvalitetsprodukt som er for omfattande for meg å skrive fornuftig om fordi eg etter kvart nye avsnitt tenker på ti nye ting eg burde nemne, men kuttar ut på grunn av lengda.

 
Organa har sagt:

Beste serien jeg kan tenke meg! Har kjøpt alle sesongene og begynt fra starten nå. Åååå, også siste episoden da! Skikkelig slutt, ja, og så bra! Jeg gråt og gråt, hehe. Og bestemte meg for at jeg også vil ha grønn begravelse, men det bestemmer jeg ikke selv når den tid kommer.

Sånn, nå ble det enda mer fornuftig her. :D