The Bank Job (2008)
User Rating: 7.8/10 (6,347 votes)
«The Bank Job» er den hittil ferskaste filmen med Jason Statham, som tross middelmådige actionfilmar i ny og ne fortsatt er ein av dei råaste skodespelarane i Storbritannia. Det er også Roger Donaldson sin ferskaste, filmskaparen bak den flotte «The World’s Fastest Indian». Her held han seg i fortida då han igjen har laga film basert på ei sann historie med rot i nokre tiår tilbake.
Etter ei frisk opning med puppar og naken hud i mengder openberrar etter kvart ei historie seg, Terry Leather (Statham) er ein mann med ei bilsjappe og gjeld som får sjansen via ein gammal bekjent til å få tilgongen på raske pengar ved å rane ein bank. Den bekjente har eit anna motiv for ranet enn pengar og smykker, nemleg eit sett med kongelege nakenbilder. Via denne delen av historia blir det bygd inn handling nok til å styre «The Bank Job» unna å bli ein rett fram bankransfilm.
Elegant utført i 1970-tals setting som aldri blir for mykje av det gode er dette ein fin og småskitten film, i kontrast til blankpolert stål og tekno mumbo-jumbo som i «Ocean’s» ditt og datt. Sjølve bankranet er hovudbrikka utan at det går på bekostning av verken førre eller seinare partiet i filmen, eg synst dette var ein både spennande og stilig film som holdt godt gjennom 110 minuttar.
På ei anna side legg heller ikkje «The Bank Job» skjul på at det er ein heist-film (med mange innvikla trådar om utpressing og politisk tilknytning), det blir aldri om å gjere og slenge oneliners eller gi closeups av kjente skodespelarar. Ei viss nerve klarar den å halde, delvis takka vere filmmusikk i velkjent stil som ligg småtrykkande over dei mest intense delene, heller ikkje her blir det for mykje av det gode.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
