Monstermesse
20 Million Miles to Earth (1957, Juran)
Monster er frå Venus, menn frå USA. Eit romskip hamnar i havet utanfor Sicilia, tross størrelsen skapar det ingen farefulle bølger for dei nærliggande fiskebåtane. Dei ombord i den eine klarar på mirakuløst vis å hente ut eit par overlevande gjennom eit meteorittfororsaka hol som har openbart seg på havnivå. Romskipet viser seg (sjølvsagt) å vere ein amerikansk oppfinnelse og har akkurat karra seg tilbake frå ein hemmeleg ekspedisjon frå Venus. Med seg har dei levande venusliv til å forske på. Forskingsobjektet vekst drastisk og rømmer, eit monster er laus! Morsom film, kult monster i stop motion, litt enkel, men på ein god måte. Artig at dei involverte har eit svar på alt og alltid i seinaste laget. Filmen byr aldri på utfordringar og blir litt einsformig i lengden, det er nok grunnen til at dette aldri fall skikkeleg godt i smak her.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Tremors (1990, Underwood)
Der «20 Million Miles to Earth» strir med utanomjordisk monster på nasjonal skala har lokalbefolkningen i Perfection problem med underjordiske monster i «Tremors». Kevin Bacon og Fred Ward spelar kameratparet som er ein dag for seint ute med endeleg å forlate ørkenbygda, dei kjem ikkje langt. Brått dukkar det opp ein bråte med mystiske vibrasjonar og etter kvart, som plakaten viser, noko meir. «Tremors» spelar lenge på det ukjente og blir såleis meir spennande enn om det gjennom 90 minuttar skulle ha vore monsterblotting og gørr. Med mykje enkel humor, eksplosjonar og skyting, og ikkje minst litt overdreven stemningsfyllande filmmusikk er det ingen tvil om at dette er ein kommersielt retta film. Nokon har tydeleg sett vinsten i å fortsette og det har sidan komme tre nye filmar (på video) og ein tv-serie (1 sesong) basert på «Tremors». Eg gir meg etter denne, synst ikkje det var det heilt store og kan umogleg sjå for meg at ein oppfølgar utan Kevin Bacon. Likevel går det i hamn med nokre av ideane, kombinasjonen Bacon/Ward er passe morsom og eg klatrar opp på ein 6ar.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Elsker den første Tremors filmen. Husker jeg så den på kino, og i ettertid har jeg sikkert sett den 8-10 ganger. Gir den 8.