Filmdagbok
ness
16-apr-2008

Firefly sesong 1

14 episodar.

Så var det igjen på tide med eit gjensyn av denne altfor korte serien, som utruleg nok fekk ein film som oppfølgar og usannsynleg, men forhåpentleg får endå meir i framtida å vise til. Eg lever i håpet.

«Firefly» er «Buffy»-skaparen Joss Whedon sitt sci-fi/western-barn med stort potensiale der berre små bitar får sjansen til å bli utforska. Capt. Malcolm Reynolds (Nathan Fillion) med mannskap, eit fargerikt og fornøyeleg persongalleri med einaste til felles at dei er vanskeleg å sette i bås, valfartar frå planet til planet i romskipet Serenity - eit 03-K64-Firefly type romskip for å spesifisere. Dei ulike planetane har likheiter med små byar i ville vesten historiar og likheitene sluttar heller ikkje her. «Firefly» gir sci-fi ei brun jakke og framstiller eit folk med fantastiske teknologiske utvinningar som usivilisert og tøft å ferdast i blant, her ligg det sjølvsagt rom for mykje fart og spenning, men også humor og utradisjonelle vendingar.

I løpet av sine fjorten episodar klarar denne serien å skape utgongspunktet for ein eigen mytologi eller univers av planetar, folk og historiar. Til grunne for forholdet Malcolm Reynolds har til den mest siviliserte, men akk så mørke delen av universsamfunnet - Alliansen - ligg ein verdensromsleg borgarkrig mellom nettopp Alliansen og Dei Sjølvstendige som me berre får vite smakebitar frå. Nok igjen eit snev av western, med røter i fakta framfor fiksjon, eg tenker sjølvsagt på borgarkrigen i Nord-Amerika.

Romskipet Serenity får i byrjinga av serien to nye passasjerar viss historie måtte fortsette i filmen «Serenity» for å utspele seg vidare mot ei avslutting. At Simon og River, som passasjerane heiter, er rota til ein del trøbbel er ikkje å legge skjul på, men den største gleden av å følge serien ligg i at kvar enkelt episode enten leverar solid spenning, spenning og nye historiske spor, spenning og Simon/River-historie… ja, du ser mønsteret - det er alltid spennande uansett kva som måtte skje.

Det er lett å skryte av ein serie, gjerne fordi du helst ser ferdig dei seriane du likar og kuttar ut dei du ikkje likar og dermed har lite å sei om dei. Igjen blir fokuset dei ferdige og då med skryt for ikkje å dumme deg sjølv ut ved å innrømme at du har brukt tid på noko du eigentleg ikkje likar - kven vil finne på slikt? Skrytet til «Firefly» er velfortent, i lag med «Battlestar Galactica» er det min sci-fi favoritt, med ein knapp på «Firefly». Alt blir ikkje forklart så godt som eg skulle ønske, på grunn av den begrensa sesongen, men her ligg også litt av mystikken som gjer at dette blir sittande som ei så positiv oppleving med lysta på meir. Eg vil også nemne på tampen at eg har sett «Firefly» cirka to gonger før, noko eg nemner for å kunne uttrykke at eg ikkje berre synst dette er ein fin serie i rushet etter å ha fullført serien, men at denne overraskar ved å vere like solid ved eit gjensyn som den gav inntrykk av å vere forrige gongen ein såg den.

 
Jannicke har sagt:

Åh, Firefly… *sukk*
Jeg har sett den serien minst fire ganger alt, og jeg elsker den fortsatt.