Funny Games U.S. (2007)
«Funny Games U.S.» er ei amerikansk nyinnspeling av den austerrikske filmen «Funny Games», så lik originalen som det kan bli visstnok, utan at eg har sett originalen for å kunne stadfeste det er det opplyst at den amerikanske er ei såkalla shot-for-shot nyinnspeling. Regissøren er den same, manus er ikkje tukla med, alt er lagt til rette for at Michael Haneke får fram sine intensjonar med «Funny Games» i nyinnspelinga av sin eigen film. Som intetanande ovafor originalen er det ikkje opp til meg å dømme kor vidt den eine eller andre er betre, lat amerikanarane få seg ei god nyinnspeling for ein gongs skuld. Joda, det finst vel fleire…
For «Funny Games U.S.» er god, på den måten terroren som blir framstilt kryp under huda på deg og styrer dette bort frå å bli ein film som fullt og heilt støttar seg på dramatiske eller overraskande plotlines. Haneke tek seg tid til å sette det i rett stemning og få oss til å bli kjente med karakterane, til ei viss grad, han styrer unna den fulle utleveringa av menneskas psyke og/eller intensjonar med alt, men dukkar djupt nok til å skremme oss. På sitt beste er det nok til å vri seg i stolen og flytte på beina i ubehag, på sitt verste gjer mangel på utvikling meg noko utålmodig.
Gjennom deler av filmen anar ein kva det neste trekket er, og sjølv om forutsigbarheit kan vere kjedeleg i fleire tilfelle blir det her nytta bevisst til å gi oss ekstra tid til karakterane og i blant sette ekstra støkk i oss når me har slått oss til ro. Kopla i lag med nokre langdryge sekvensar i blant gir det meg inntrykk av at filmen kunne tent seg med å vere kortare enn 111 minuttar. Det sagt, resten var skremmande og litt stilig, Michael Pitt overgår både Naomi Watts og Tim Roth som begge gjer seg godt som skremte individ. På ingen måte bortkasta tid.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
