Filmdagbok
ness
20-apr-2008

My one regret in life is that I am not someone else

«My one regret in life is that I am not someone else.»
- Woody Allen

Stardust Memories (1980)

Med Ingmar Bergman og Federico Fellini som forbilde (Woody Allen hadde ved eit punkt i produksjonen tankar om å kalle filmen «4», fordi den ikkje var halvt så god som «8 1/2») har Allen satt seg til å fortelje historia om ein oppdikta filmskapar, Sandy Bates. Bates har hatt stor suksess innan komediesjangeren, no vil ha lage seriøs film. Fanbasen hans er dedikerte og følger med uansett. Under ein liten filmfestival med berre Bates’ filmar følger me personen i notid, fortid, på film og under festivaltiden. Persongalleriet er fyllt med fargerike personar, tross at filmen er svart/kvitt, og dei fleste statistane er bisarre menneskeskapningar, karikaturar kan ein sei, mykje hjulpe fram av kamerabruken. «Stardust Memories» er noko for seg sjølv, fell ikkje heilt i smak her, men er nok likevel ein av Allens meir gjennomtenkte filmar og blant mannens eigne favorittar. Som tilleggsopplysning kan det vere greitt å nemne at dette ikkje er meint som eit autobiografisk verk.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

September (1987)

«September» kan minne litt om Allens tidlegare og seriøse film, «Interiors», i måten den har gjort depresjon til eit sentralt tema og rollen miljøet har for å forsterke kjensla av å ikkje vere heilt heime - ikkje direkte kaldt, men litt kjølig. På ei anna side er «September» ein lystigare film med meir fokus på forviklingar i situasjonane som oppstår når menneske møter kvarandre og ikkje har kontroll over kven dei forelskar seg i, dette gir rom for både tristheit og komedie i det lukka miljøet av eit hus handlinga føregår i. Her var Allens intensjonar å lage eit «teaterstykke på film», med fleire lange tagningar og minimalt av effektar. Mia Farrow passar ganske godt inn i rollen som kvinne i ein tung livsfase, ho er ein plass i mellom å vere håplaus, trist og irriterande irrasjonell, ei slitsom kvinne å ha med å gjere, plakaten hintar til ein bipolar mentaltilstand. Dei andre rollane i filmen er med på å nøytralisere ho og balansere persongalleriet til å gjere dette til ein roleg filmopplevelse framfor eit stressande forviklingsdrama.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Mighty Aphrodite (1995)

Ein ganske grei film som travar i veg med Allen i velkjent rolle, ein god dose humor og ei varm historie. Allen spelar mannen med skurr i ekteskapet som tek ei prostituert som venn i ein tyngre periode i livet, den prosituerte er ved sidan av å vere mora til hans adopterte son ikkje særleg skarp, men eit godt motstykke til sportsjournalisten Allenspelar. Filmen er passe overfladisk satt opp mot Allens meir sinnsdjupe filmar, han leverar lite av seg her forutan skodespelet sitt. Mangelen på substans gjer at ein sit igjen med lite etterpå, men det unngår å bli ein dårleg film på grunn av humoren og varmen. Mest synd er det at slutten kjem altfor forhasta og blir altfor snill sett i perspektiv av livskrisa sportsjournalisten eigentleg befinn seg i. Det er kanskje å forvente ein så enkel slutt når filmen elles ikkje er spesielt djup.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Celebrity (1998)

Ein film med Winona Ryder går automatisk godt i hus hjå meg, iallfall hittil, dessutan gjer Kenneth Branagh seg veldig godt som Woody Allen-karakteren som i filmen er Lee Simon. Han er like forvirrande, usikker og nevrotisk som Allen sjølv ville ha vore, samtidig som han er eit nytt ansikt i Allen-samanheng. Nydeleg filma i svart/kvitt og med eit lass, nei hav, av kjente ansikt i gode bi-rollar blir dette akkurat nok kunstfilm som det blir ein hyllest til kjendisar. Sett som ei rekke enkeltsekvensar er denne filmen interessant, måten den grip tak i to personars liv i kjendisverden etter ei skilsmisse i form av mange separate deler gir eit litt oppstykka preg, utan at det blir vanskeleg å henge med på nokon måte. Når det kjem til heilheita saknar eg altså noko meir, forutan å handle om livet til celebre personar på ein god måte og glede med bl.a. eit par stjerner frå «The Sopranos» skulle eg ønske det var eit eller anna ekstra som tok filmen opp på eit høgare nivå.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10