Superman: Doomsday (2007)
Litt skeptisk til teiknefilmformat i denne samanhengen gav eg meg likevel i gong med «Superman: Doomsday», der stemma til Superman er Adam Baldwins («Firefly») og Anne Heche («Men in Trees») står bak Lois Lanes stemme.
Historien er av den fine sorten, dvs. at den involverar Lex Luthor og dødsalvor for Superman. Luthor grev opp ein utanomjordisk, udødeleg krigar som etter kvart skapar ein del trøbbel for Superman. Utfallet av ein lang og vill slosskamp etter berre halvtimen av filmen har passert bygger grunnmuren for resten av filmen som er både villare og meir interessant enn den barne-tv-animasjonsliknande første delen.
Til tross for at det er altfor lite blod her og øydeleggingane er mest på bygningar klarar filmen også å levere litt meir djupsittande alvor, om enn på like enkelt vis som spenningen, til den grad at eg faktisk ser ut til å bry meg om det.
Bortsett frå dette må filmen bli tatt for det den er, ein rett-på-video produksjon som på enkelt vis er mest actionretta. Til å vere det er den god, og eg kjeda meg heller ikkje. Heller det motsatte, det er nokon flotte sekvensar i blant som gjer dette til ein god nok animasjon.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
