Justice League: The New Frontier (2008)
User Rating: 7.5/10 (979 votes)
«Justice League: The New Frontier» er den andre filmen i rekka av rett-på-video samarbeidsproduksjonar mellom DC Comics og Warner Bros. Planen er at DC Universe Original Animated Movies, som serien av filmar går under, skal komme med 2-3 nye filmar kvart år. Hittil er det «Superman: Doomsday» som eg nyleg har sett og denne filmen her som har blitt lansert.
Forutan å vere knytt til det same superhelteuniverset har ikkje filmane all verdens til felles, Superman og Lois Lane som går igjen i begge dei to filmane hittil både ser annleis ut og har andre stemmer. Produksjonsmetoden er lik, men teikninga er annleis her. I følge Wikipedia har denne filmen vore truverdig mot stilen i originalteikneserien den er basert på, «DC: The New Frontier», med sine firkanta fingrar, musklar og kjevar. Dette er med på å bidra til å gi filmen eit tidsmessig korrekt preg då denne stilen gjerne er noko ein knyttar til eldre teikneseriar, og historien her går føre seg på 1950-talet.
Ikkje berre i form av teikningane gir «Justice League: The New Frontier» djubde til tidsepoken, i form av historie og sjølvsagt karakterane, heltesynet og mange små detaljar klarar filmen å få meg inn i eit modus som eg stort sett finn meg sjølv i når eg blar igjennom gamle superhelteblad. Dette til tross for at teikneserien filmen er ein adapasjon av kom ut mellom 2003 og 2004.
Handlingsmessig leverar dette i både pose og sekk, her skjer det nok heile vegen, som med 70 minuttar er knapp, men likevel lang nok. Det blir gitt god tid til oppbygging og dei viktigaste karakterane i Justice League, i forhold til historien, får verdige introduksjonar. Ein felles fiende som eg skal unngå å røpe noko meir om er det naturlege samlingspunktet som sidan utviklar seg til å bli senteret for filmens høgaste punkt på spenningskurva.
«Justice League: The New Frontier» manglar litt futt i kantane, men framstår som ein meir komplett og vaksnare film enn forgjengaren i serien. At den skal gripe tak i så mykje som den gjer er både positivt og negativt, det gjer at det ikkje finst eit dødpunkt i filmen, men gjer også at historien hoppar litt fort fram i blant.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
