Funny Games U.S. (2007)

IMDb: 7.0/10 (2,721 votes)

«Funny Games U.S.» er ei amerikansk nyinnspeling av den austerrikske filmen «Funny Games», sÃ¥ lik originalen som det kan bli visstnok, utan at eg har sett originalen for Ã¥ kunne stadfeste det er det opplyst at den amerikanske er ei sÃ¥kalla shot-for-shot nyinnspeling. Regissøren er den same, manus er ikkje tukla med, alt er lagt til rette for at Michael Haneke fÃ¥r fram sine intensjonar med «Funny Games» i nyinnspelinga av sin eigen film. Som intetanande ovafor originalen er det ikkje opp til meg Ã¥ dømme kor vidt den eine eller andre er betre, lat amerikanarane fÃ¥ seg ei god nyinnspeling for ein gongs skuld. Joda, det finst vel fleire…

For «Funny Games U.S.» er god, på den måten terroren som blir framstilt kryp under huda på deg og styrer dette bort frå å bli ein film som fullt og heilt støttar seg på dramatiske eller overraskande plotlines. Haneke tek seg tid til å sette det i rett stemning og få oss til å bli kjente med karakterane, til ei viss grad, han styrer unna den fulle utleveringa av menneskas psyke og/eller intensjonar med alt, men dukkar djupt nok til å skremme oss. På sitt beste er det nok til å vri seg i stolen og flytte på beina i ubehag, på sitt verste gjer mangel på utvikling meg noko utålmodig.

Gjennom deler av filmen anar ein kva det neste trekket er, og sjølv om forutsigbarheit kan vere kjedeleg i fleire tilfelle blir det her nytta bevisst til å gi oss ekstra tid til karakterane og i blant sette ekstra støkk i oss når me har slått oss til ro. Kopla i lag med nokre langdryge sekvensar i blant gir det meg inntrykk av at filmen kunne tent seg med å vere kortare enn 111 minuttar. Det sagt, resten var skremmande og litt stilig, Michael Pitt overgår både Naomi Watts og Tim Roth som begge gjer seg godt som skremte individ. På ingen måte bortkasta tid.

7/10

Firefly sesong 1

14 episodar.

Så var det igjen på tide med eit gjensyn av denne altfor korte serien, som utruleg nok fekk ein film som oppfølgar og usannsynleg, men forhåpentleg får endå meir i framtida å vise til. Eg lever i håpet.

«Firefly» er «Buffy»-skaparen Joss Whedon sitt sci-fi/western-barn med stort potensiale der berre smÃ¥ bitar fÃ¥r sjansen til Ã¥ bli utforska. Capt. Malcolm Reynolds (Nathan Fillion) med mannskap, eit fargerikt og fornøyeleg persongalleri med einaste til felles at dei er vanskeleg Ã¥ sette i bÃ¥s, valfartar frÃ¥ planet til planet i romskipet Serenity — eit 03-K64-Firefly type romskip for Ã¥ spesifisere. Dei ulike planetane har likskapar med smÃ¥ byar i ville vesten historiar og likskapane sluttar heller ikkje her. «Firefly» gir sci-fi ei brun jakke og framstiller eit folk med fantastiske teknologiske utvinningar som usivilisert og tøft Ã¥ ferdast i blant, her ligg det sjølvsagt rom for mykje fart og spenning, men ogsÃ¥ humor og utradisjonelle vendingar.

I løpet av sine fjorten episodar klarar denne serien Ã¥ skape utgongspunktet for ein eigen mytologi eller univers av planetar, folk og historiar. Til grunne for forholdet Malcolm Reynolds har til den mest siviliserte, men akk sÃ¥ mørke delen av universsamfunnet — Alliansen — ligg ein verdensromsleg borgarkrig mellom nettopp Alliansen og Dei Sjølvstendige som me berre fÃ¥r vite smakebitar frÃ¥. Nok igjen eit snev av western, med røter i fakta framfor fiksjon, eg tenker sjølvsagt pÃ¥ borgarkrigen i Nord-Amerika.

Romskipet Serenity fÃ¥r i byrjinga av serien to nye passasjerar viss historie mÃ¥tte fortsette i filmen «Serenity» for Ã¥ utspele seg vidare mot ei avslutting. At Simon og River, som passasjerane heiter, er rota til ein del trøbbel er ikkje Ã¥ legge skjul pÃ¥, men den største gleden av Ã¥ følge serien ligg i at kvar enkelt episode enten leverar solid spenning, spenning og nye historiske spor, spenning og Simon/River-historie… ja, du ser mønsteret — det er alltid spennande uansett kva som mÃ¥tte skje.

Det er lett Ã¥ skryte av ein serie, gjerne fordi du helst ser ferdig dei seriane du likar og kuttar ut dei du ikkje likar og dermed har lite Ã¥ sei om dei. Igjen blir fokuset dei ferdige og dÃ¥ med skryt for ikkje Ã¥ dumme deg sjølv ut ved Ã¥ innrømme at du har brukt tid pÃ¥ noko du eigentleg ikkje likar — kven vil finne pÃ¥ slikt? Skrytet til «Firefly» er velfortent, i lag med «Battlestar Galactica» er det min sci-fi favoritt, med ein knapp pÃ¥ «Firefly». Alt blir ikkje forklart sÃ¥ godt som eg skulle ønske, pÃ¥ grunn av den begrensa sesongen, men her ligg ogsÃ¥ litt av mystikken som gjer at dette blir sittande som ei sÃ¥ positiv oppleving med lysta pÃ¥ meir. Eg vil ogsÃ¥ nemne pÃ¥ tampen at eg har sett «Firefly» cirka to gonger før, noko eg nemner for Ã¥ kunne uttrykke at eg ikkje berre synst dette er ein fin serie i rushet etter Ã¥ ha fullført serien, men at denne overraskar ved Ã¥ vere like solid ved eit gjensyn som den gav inntrykk av Ã¥ vere forrige gongen ein sÃ¥g den.

Tremors (1990)

IMDb: 7.1/10 (25,794 votes)

Der «20 Million Miles to Earth» strir med utanomjordisk monster på nasjonal skala har lokalbefolkningen i Perfection problem med underjordiske monster i «Tremors». Kevin Bacon og Fred Ward spelar kameratparet som er ein dag for seint ute med endeleg å forlate ørkenbygda, dei kjem ikkje langt. Brått dukkar det opp ein bråte med mystiske vibrasjonar og etter kvart, som plakaten viser, noko meir. «Tremors» spelar lenge på det ukjente og blir såleis meir spennande enn om det gjennom 90 minuttar skulle ha vore monsterblotting og gørr. Med mykje enkel humor, eksplosjonar og skyting, og ikkje minst litt overdreven stemningsfyllande filmmusikk er det ingen tvil om at dette er ein kommersielt retta film. Nokon har tydeleg sett vinsten i å fortsette og det har sidan komme tre nye filmar (på video) og ein tv-serie (1 sesong) basert på «Tremors». Eg gir meg etter denne, synst ikkje det var det heilt store og kan umogleg sjå for meg at ein oppfølgar utan Kevin Bacon. Likevel går det i hamn med nokre av ideane, kombinasjonen Bacon/Ward er passe morosam og eg klatrar opp på ein 6ar.

6/10

20 Million Miles to Earth (1957)

IMDb: 6.3/10 (1,675 votes)

Monster er frå Venus, menn frå USA. Eit romskip hamnar i havet utanfor Sicilia, tross størrelsen skapar det ingen farefulle bølger for dei nærliggande fiskebåtane. Dei ombord i den eine klarar på mirakuløst vis å hente ut eit par overlevande gjennom eit meteorittfororsaka hol som har openbart seg på havnivå. Romskipet viser seg (sjølvsagt) å vere ein amerikansk oppfinnelse og har akkurat karra seg tilbake frå ein hemmeleg ekspedisjon frå Venus. Med seg har dei levande venusliv til å forske på. Forskingsobjektet vekst drastisk og rømmer, eit monster er laus! Morosam film, kult monster i stop motion, litt enkel, men på ein god måte. Artig at dei involverte har eit svar på alt og alltid i seinaste laget. Filmen byr aldri på utfordringar og blir litt einsformig i lengden, det er nok grunnen til at dette aldri fall skikkeleg godt i smak her.

6/10

The Bank Job (2008)

IMDb: 7.8/10 (6,347 votes)

«The Bank Job» er den hittil ferskaste filmen med Jason Statham, som tross middelmÃ¥dige actionfilmar i ny og ne framleis er ein av dei rÃ¥aste skodespelarane i Storbritannia. Det er ogsÃ¥ Roger Donaldson sin ferskaste, filmskaparen bak den flotte «The World’s Fastest Indian». Her held han seg i fortida dÃ¥ han igjen har laga film basert pÃ¥ ei sann historie med rot i nokre tiÃ¥r tilbake.

Etter ei frisk opning med puppar og naken hud i mengder openberrar etter kvart ei historie seg, Terry Leather (Statham) er ein mann med ei bilsjappe og gjeld som får sjansen via ein gammal bekjent til å få tilgongen på raske pengar ved å rane ein bank. Den bekjente har eit anna motiv for ranet enn pengar og smykker, nemleg eit sett med kongelege nakenbilder. Via denne delen av historia blir det bygd inn handling nok til å styre «The Bank Job» unna å bli ein rett fram bankransfilm.

Elegant utført i 1970-tals setting som aldri blir for mykje av det gode er dette ein fin og smÃ¥skitten film, i kontrast til blankpolert stÃ¥l og tekno mumbo-jumbo som i «Ocean’s» ditt og datt. Sjølve bankranet er hovudbrikka utan at det gÃ¥r pÃ¥ bekostning av verken førre eller seinare partiet i filmen, eg synst dette var ein bÃ¥de spennande og stilig film som holdt godt gjennom 110 minuttar.

På ei anna side legg heller ikkje «The Bank Job» skjul på at det er ein heist-film (med mange innvikla trådar om utpressing og politisk tilknytning), det blir aldri om å gjere og slenge oneliners eller gi closeups av kjente skodespelarar. Ei viss nerve klarar den å halde, delvis takka vere filmmusikk i velkjent stil som ligg småtrykkande over dei mest intense delene, heller ikkje her blir det for mykje av det gode.

7/10

Six Feet Under sesong 5

12 episodar.

Serien som starta med at Nathaniel Fisher Jr. kom tilbake frå Seattle til Los Angeles i forbindelse med faren sin død og etter kvart enda opp i families gravferdsbyrå der broren allereie jobba, fekk også ein skikkeleg slutt i sin femte sesong.

19. august 2005 blei den sekstitredje episoden av «Six Feet Under» vist for 3.9 millionar HBO-sjåarar, 1.4 millionar meir enn snittet tidlegare i den avsluttande sesongen. Det vil vere dårleg gjort av meg å fortelje kva som skjer mot slutten av «Six Feet Under», så eg skal unngå dette, la meg likevel fortelje at opptaket på slutten startar for fullt i fjerde siste episode, og at det er ein skikkeleg slutt me får. At skaparane hadde planlagt og faktisk gitt seg, i motsetning til kva som skjedde med «The Sopranos» som stadig blei fornya, med «Six Feet Under» etter sekstitre episodar var noko eg var bevisst på mens eg såg på serien og faktisk ein av grunnane til at eg tok meg tid til å følge serien i fjor rundt desse tider. Eg er ikkje skuffa over utfallet heller.

Eg fulgte aldri «Six Feet Under» fast på tv, for nokre år sidan såg eg litt av eit par episodar når NRK sendte serien etter 23-nyheitene på fredagskvelden, men plukka mest opp at det handla om eit gravferdsbyrå og homofili, noko som vart for sær ein kombinasjon den gongen. Dette siste året har eg fått sett det som eg no vil beskrive som eit av dei betre tv-drama eg har sett. Hekta var eg mest gjennom dei to første sesongane, seinare har eg tatt meg god tid før eg raste gjennom siste sesong no nyleg.

Fjerde sesong gjekk vidare med liva til dei involverte som vanleg og eg merka at serien på ein måte hadde gått seg til og roa ned litt, nok av problem og slikt oppstår, men det brygga seg sakte, men sikkert opp mot ein slutt og tanken på dette la ein liten dempar på resten. No er det med episodane under lupa eg ser på det slik, eg har eigentleg ingenting å utsette på serien. Spesielt etter den forlenga siste episoden tenker eg dette, denne var tung og trist som eg aldri har opplevd på tv før og er verdig for serien som heile vegen har vore god på tragediar. Med fare for å framstille meg sjølv som eit forstyrra individ blei eg liggande vaken lenge og tenke over spesielt den siste montasjen i serien.

Ingen tvil om at «Six Feet Under» er god altså. Alle sesongane er vel verdt å få med seg, sjølv om eg har hinta til synkande interesse, noko som eigentleg ikkje stemmer, når ein følger ein serie har ein for vane å enten hylle det som ligg friskast i minne eller vere nostalgikar utan like. I «Six Feet Under» skjer det så mykje over eit lengre tidsrom at det er vanskeleg å styre seg i å fundere på denne måten. Eg er mest redd eg igjen har rabla uinteressant nonsens om eit høgkvalitetsprodukt som er for omfattande for meg å skrive fornuftig om fordi eg etter kvart nye avsnitt tenker på ti nye ting eg burde nemne, men kuttar ut på grunn av lengda.

Cry-Baby (1990)

IMDb: 6.2/10 (10,901 votes)

Eg har ein innrømmelse på lager, eg har aldri sett «Grease». Sjølvsagt har eg sett klypp frå den, eg veit sånn cirka kva den handlar om og alt det der, men har aldri hatt spesielt lyst til å sjå heile. «Cry-Baby» fekk eg umiddelbart lyst til å sjå når eg blei obs på den, parodiere «Grease» og liknande som den skulle gjere. Dessutan er eg glad i musikalar, etter i mange år ha hata sjangeren som intetvitande, har eg blitt godt glad i nokre etter kvart, gode musikalar set eit ekstra gledestrykk i meg, det blir så mykje meir fres over sakene med gode songnummer.

«Cry-Baby» er på langt nær den første filmen til John Waters, men mitt første møte med filmskaparen. Og for eit møte! Kvelden eg satte meg ned med filmen var den rette, eg var innstilt på god film, litt lysten på noko ekstra enn berre ein komedie. Denne leverte frå første minutt då den opna med The Bonnie Sisters «Cry-Baby» til ein tidssettande vaksinasjonssekvens i 1950-talsånd. Her vert både musikkstilen, persongalleriet og ikkje minst humoren satt. Heilt på kanten av kva eg kan sluke, men aldri over, difor så velfungerande.

Johnny Depp spelar Wade Walker, Wade går under namnet Cry-Baby, her skal eg ikkje røpe nokon årsak, for som det meste i filmen er det vanskeleg, om ikkje umogleg å gjengi inntrykket dialogane, monologane og songstykka gir. Cry-Baby er ein skikkeleg hillbillie og harding med gjengen som følger, Drapes heiter folka hans og er forhatt av den «gode» sida i lokalsamfunnet, the Squares. Filmen er ei kjærleikshistorie av ein musikal som involverar ei jente som ikkje er så Square som dei rundt seg.

Ein klisjé er betingelsen på eit utslitt utrykk, det «Cry-Baby» gjer er at den hentar inn dungar av klisjear og pussar dei opp, forsterkar dei og lagar ein heidundrades artig film ut av det. Ingenting er nytt, men det er friskt. Pangstarten allereie under opningssekvensen blei aldri det einaste av glede i filmen, løpet blir køyrt fullt ut, eg blir like glad i karakterane som i musikken då dei aldri dør ut i stereotypane sine. Stereotype er vel også hakket negativt, det er sjølvsagt meir til karakterane enn som så.

Eg klarar ikkje gjere anna enn å skryte av dette, alt satt som støypt for min del iallfall. Depp briljerar, Amy Locane som jenta her forelska eg meg lett i. Tilogmed Kim McGuire som den urstygge Hatchet-Face var like effektfull på slutten som i starten, huff, stygg som pokker altså. Eg kan ikkje love at denne vil falle i like stor smak for alle som den gjorde for meg, men anbefalar den til nokon som har lyst på ein lett og lystig gladfilm.

Nok ein gong minnar eg på at min «9» er som andres «10». Min «10» er forbeholdt gjensyn som leverar varene like godt eller betre.

9/10

Men in Trees sesong 1

17 episodar.

«Men in Trees» er ein av titlane som har sluppe forbi radaren min som sveipande har søkt over nye tv-seriar dei siste par åra. Tittelen har gitt meg assosiasjonar til streite drama eller teite sitcoms, då eg nyleg fekk meg til å lese eit kort samandrag bestemte eg meg likevel for å prøvedykke.

Beskrivelsen som ei blanding av «Northern Exposure» og «Sex and the City» er passande, sjølv snappa eg opp desse parallellane utan å ha komme over akkurat denne beskrivelsen, som her betyr at me får ein porsjon avsideliggande småby i Alaska med sine hyggelege lokalfigurar og forholdsrelatert New York forfattarprat. Dette burde vere underbyggande nok for påstanden om likskapane andre har trukke.

Marin (Anne Heche) er ekspert på kjærleiksforhold og forfattar av hjelpande bøker på område. Då ho er innom Elmo i Alaska på foredragsturne for den siste boka si får ho vite på telefon at forlovaden hennar har vore utru. Dårlege transportforhold gjer at ho blir verande i Elmo eit par dagar ekstra, nok til å bli glad i plassen og bli verande der endå lengre mens ho stablar kjenslelivet sitt på beina igjen. Slik blir me på linje med Marin introdusert for Elmo gradvis gjennom eit av dei mest brukte verkemidla i tv-bransjen, nemleg å sende ein ny person til ein ny plass. Det fungerar.

Tittelen «Men in Trees» skal gi eit bilde av kjønnsfordelinga i Elmo, prega av mannlege tømmerarbeidarar som det er. Ikkje rart Marin som kvinne blir glad i plassen som ho også ser på som inspirasjon til å skrive ei ny og anna bok enn planlagt med kunnskapane ho tillegg seg ved å konversere med «ekte» menn. Elmo er som Cicely (i «Northern Exposure») ingen ekte plass, men ei romantisering av kva ein småby i Alaska kan vere, der alle kjenner kvarandre og byen er omgitt av vill og vakker natur, her er det rom for bygdeoriginalar og jordnære karakterar som motstykke til Marin, ei kvinne som kunne ha vore henta ut frå ein av altfor mange New York-seriar om sukessfyllte kvinner. I Elmo glir ho godt inn og gir serien moglegheiter å knytte seg til småhistoriar utanom Elmo i ny og ne, ho blir å legge merke til sjølv om ho ikkje er den mest originale tv-karakteren.

«Men in Trees» er ikkje det mest originale eg har sett, det er ein alright dramaserie med ein del hyggelege karakterar, intrigar nok til å gjere meg hekta, også har den slik lun, fin humor. På utførelsen er det fleire ting å sette fingeren på, eg saknar mest ein betre innsats på klypperommet, strukturen i heilheit er standard, men hoppinga mellom dei ulike karakterane i deler av enkelte episodar heng ikkje på greip reint tidsmessig og set seg som dårleg tenkt. Av skodespelet er det ingen eg mislikar, men heller ingen som utmerkar seg som verkeleg gode, det virkar å handle mykje om utsjåande, spesielt på gjesterollane.

Det negative tenker eg lite på når eg ser serien, «Men in Trees» er ei ganske grei sak å bli hekta på, det er ein koseleg serie, om sant skal seiast, forvent berre ikkje originalitet opp til øyrene.

Veronica Mars sesong 2

22 episodar.

Av dei tre sesongane «Veronica Mars» har eg lenge forsøkt komme fram til ein favoritt, utan hell. Dei er alle knakande gode, om enn forskjellige nok til at eg ikkje klarar å velje bort to til fordel for ein.

Den gongen eg fulgte med på «Veronica Mars» regelmessig ein gong i veka låg det store forventingar til sesong 2 før premieren, mordmysteriet som var den sterkaste raude tråden i første sesong var blitt avslutta, spørsmålet var om det kunne komme eit nytt mysterie, like smart og godt fletta inn i episodane. Etter eit par uklare opningsepisodar openbarte ikonmysteriet seg i form av eit alvorleg busskrasj som fekk meg til å sitje igjen med klumpen i halsen. Allereie her viste serien å ha utvikla seg i meir dramatisk og vaksen retning. Når eg no sit og reflekterar over kva eg har sett er det naturleg for meg å tillegge litt ekstra i favør av ferske erindringar, drapet på Lilly Kane som var senteret for seriens første 22 episodar i lag med andre mindre og viktige trådar, var jo vel så alvorleg, om ikkje så omfattande i folketal. Det er ikkje her det største skiljet i sesongane ligg. Vidare utover i desse 22 nye episodane vitnar me fleire mørke handlingar enn tidlegare, eg tenker på blodskalde drap og egoisme utan like.

Strukturen er som før, Veronica får stadig nye saker å løyse frå medelevar og litt kjem sjølvsagt frå farens, Keith Mars, etterforskingsbyrå. Busskrasjet er det ultimate målet som mange andre mørke historiar som står på eigne bein også bidreg til å auke detaljkunnskap rundt. Sesong 2 innheld eit hav av informasjon som krev at ein held tunga rett i munnen undervegs, denne informasjonen fører Veronica og Keith sikksakk framover, det er ikkje lett når halve byen har mørke hemmelegheiter. Samtidig har du også mindre rollefigurar som har det med å dukke opp igjen i ein eller fleire episodar etter dei fekk sitt eige problem løyst av Veronica, dette gir spesielt skulemiljøet ei ekstra djubde og framstår ikkje berre som tomme kulisser der handlinga går føre seg.

Godorda om serien er mange, balansen mellom å vere ei utfordring, stadig overraske, pirre med å gi berre ein smak av enkelte problem som seinare kan dukke opp igjen som viktig i det store bilde, nytte klassiske highschoolproblem i smart innpakking, vere alvorleg og tankevekkande, spiss på sarkasme. Eg kunne framleis, men eg vil ikkje gjenta meg sjølv for mykje frå det eg skreiv om 1. sesong.

«Veronica Mars» har det med å bruke karakterane sine som det passar seg, noko som resulterar i at enkelte blir skyvd litt i bakgrunnen når det ikkje er utvikling rundt dei. Ei samanlikning mellom dei faste på rulleteksten og kor mykje skjermtid dei får stadfestar dette, igjen er det den samla sesongen som står igjen som vinnaren, då det blir tid til å føre dei interessante historiane framover og styre serien unna den repeterande kjærestejakta i den grad mange andre ungdomsseriar dreiar seg om dette, «Veronica Mars» har dette og, det er ikkje poenget mitt. «Lost» er prakteksempelet på at for lite av kvar enkelt rollefigur kan bli frustrerande, difor blir det viktig å påpeike at «Veronica Mars» har sitt eige ensemble av kjernekarakterar som er med i større grad både på skjerm- og kjenslenivå.

Som om det var tvil her og, «Veronica Mars» er ein serie eg fullt ut anbefalar. Den gir veldig mykje tilbake for tida den brukar på å utfolde seg, mitt gjensyn med også denne sesongen bygg under bilde av serien som ettertida har vore med å forme.

Som bonus heilt på tampen vil eg nemne at Kevin Smith og Joss Whedon gjer kvar sine gjesteframsyningar i løpet av sesongen. Charisma Carpenter og Alyson Hannigan (begge frå tidl. «Buffy») gjer tilbakevendande rollar. Ja, serien er generelt stappa med synlege, verbale eller idebaserte referansar til populærkultur Rob Thomas ser ut til å sette pris på. Dette er jo spesielt gøy når ein kan snappe opp noko sjølv, og gjer gjensyn kjekkare om ein har sett noko sidan sist som kan dukke opp her.

Artificial Intelligence: AI (2001)

IMDb: 6.8/10 (65,715 votes)

«AI» låg lenge an til å bli ein god film, problemet blei at den låg så lenge ann, generelt sett. Spielberg har laga ein film om eit robotbarns jakt på mors kjærleik og streifar innom eksistensielle spørsmål 101 gjennom den eventyrlege historia me er vitne til. Det som til vanleg kunne ha blitt altfor mykje av det gode, med tanke på vesle David, robotbarnet, si emne til å elske, går seg til her ettersom det er snakk om robotar. Når David er på jakt etter å bli elska har ordet «love» ein tendens til å dukke opp stadig vekk, mange verbale forsøk på definisjonen av ordet blir gitt og det sagte er ikkje nytenking.

Det som gjer «AI» til ein potensiell 8-ar, som synk på grunn av lengden, er at Spielberg har laga ein eventyrfilm med stadig framdrift som byr på mange spennande syn og tøffe futuristiske idear. Viktigare og det som gjer at eg kan like denne tross mitt kalde forhold til både «E.T.» og «Close Encounters of the Third Kind» er at det er lagt inn ein melankolsk undertone. «AI» er aldri ein gladfilm, heilt i frå første minutt er det klart at menneskeheita har påført seg sjølv ondt. Sjølv om det heller ikkje er ein deppefilm er det ei dyster stemning over alt spetakkelet som gir filmen ein ekstra dimensjon.

7/10
2 / 3123