Velkommen til framtida var eit innlegg som eg første gong publiserte i september i 2008. No har eg oppdatert layouten, korta ned på teksten og lagt til The Book of Eli. Lista har blitt ei tidslinje, men står framleis som ein introduksjon til eit utval filmar som i ulik grad går føre seg i dystopiske framtider, post-apokalyptiske verder eller liknande.
Trudde du at verda gjekk framover, at me etterkvart har utvikla oss nok til å kunne dele på ressurar, leve i harmoni og gløyme alt som var krig og kriminalitet? Tru igjen, i følge høgst realistiske og sannsynlege framtidvisjonar i ulike filmar er det nok djevelskap å sjå fram til i løpet av dei neste ti-, hundre- og tusenåra. Eg har samla 26 slike scenario nedover.
Men først på lista, nokre ting som allereie har skjedd. For å bygge under påstanden om at alt under mest sannsynleg vil skje, trass delvis motsigande idear knytt til dei ulike årstala, har eg i starten av lista inkludert nokre hendingar. Desse er er framstilt på film, har allereie skjedd og viser at alt som er på film er sant, ekte, rett, realistisk, korrekt.
1968. The Last Man on Earth. Dr. Robert Morgan er siste gjenlevande menneske. Med huset omgjort til eit fort, må ha sloss mot zombiar for å overleve.
1977. The Omega Man. Robert Neville, M.D. er truleg siste gjenlevande menneske på jorda, og må overleve ved å sloss mot virusinfiserte, vampyrliknande, tidlegare menneske.
1984. Nineteen Eighty-Four. Samfunnet er overvaka av Tankepolitiet, og det er forbode å ha eigne tankar. Det totalitære herskande regime kjent som Oceania er leia av Storebror.
1997. Escape from New York. Drastisk auking av kriminalitet rundt 1988 har ført til at Manhattan i New York er sperra av og gjort om til eit opent fengsel for fangar på livstid, der presidenten sitt fly strytar.
1999. Strange Days. Teknologi for opptak av sanseinntrykk er mogleg, med ein hjelm som les hjernebølgene og spelar dei inn på Sony Minidiscar, som kan lesast av som eigne minner.
2000. Death Race 2000. USA er oppløyst grunna finasiell krise. Militærkupp har gjort USA til ein fascistisk politistat. For å glede folket pågår stadige dødsløp med ombygde bilar.
2005. Southland Tales. Atomangrep mot Texas har sendt USA inn i 3. verdskrig. All personleg aktivitet blir overvaka. Statsgrensene er endra, og det er ei brest i tidslinja.
2010. Banlieue 13. I ein forstad av Paris er alle bråkmakarar mura inne. Her herskar gangsterar, narkotika og vald. Myndigheitene er lei bråket og har vil kvitte seg med bydelen ved å bombe den.
2012. I Am Legend. Igjen er Robert Neville åleine på jorda, om natta lurer zombiar: virusinfiserte superskapningar av muterte menneske seg ut for å bite han.
2012. Death Race. Den amerikanske økonomien har kollapsa. Eksplosiv auke i kriminalitet har ført til fleire private fengsel. Desse skapar inntekt ved å la arrangere dødsbilløp med fangar streama på internett.
2013. The Postman. Krig har øydelagt det meste. Menneske lever i få gjenverande byar, Håpet om at myndigheitene skal samle USA byrjar å svinne hen. Det er uklart om Staten framleis finst.
2013. Escape from L.A.. Los Angeles er gjort om til fengsel etter eit jordskjelv deler byen frå land. Ei anti-amerikanske gruppe i L.A. har fått klørne på amerikansk satelittvåpenteknologi.
2019. Blade Runner. Biologisk tilnærma perfekte kopiar av menneske finst. Men grunna eit opprør blir desse forbode på jorda. Eit spesialpoliti har oppgåve å fjerne kopiar som har snike seg til jorda.
2019. Akira. Neo-Tokyo har oppstått etter Tokyo blei atombomba i 1988, under 3. verdskrig. Siviliasjonen blir gjenoppbygd, men berre på eit strukturalistisk basis. Bybildet blir prega av uro.
2022. Soylent Green. Verda er overbefolka, drivhuseffekten har auka temperaturen. Ekte mat er mangelvare, vanlege folk mÃ¥ ete sokalla «soylent — high-energy plankton».
2027. Children of Men. Grunna ein verdsomspennande pandemi har ikkje folk kunne fått barn sidan 2009. Håper er byrja å svinne hen, då ei gravid kvinne kjem til England.
2035. I, Robot. Robotar er allemannseige. Intelligensen er høg og programmerte lover hindrar dei i å gjere opprør. Men ein dag utfører ein robot eit drap og ting blir aldri som før.
2038. V for Vendetta. Krigen mot terror tok av rundt 2018 og resulterte i politisk uro. USA har borgarkrig og England er totalitært med det ultra-høgre fascistiske partiet Norsefire i styre.
2040. The Book of Eli. Eit flash har drepe ein masse menneske, og dei gjenverande, 30 å retter, kjempar om mat, reint vatn og andre luksuriøse varer.
2054. Minority Report. Tre muterte menneske kan sjå inn i framtida og blir brukt, tilkopla politiet (Precrime) sitt datasystem, for å fange kriminelle før dei føregår si kriminelle handling.
2084. Total Recall. Feriering på Mars blir mogleg. Selskapet Rekall tilbyr skreddarsydde spenningsferiar, der du får ei minnebrikke med ny personlegheit implementert i skallen.
2116. Logan’s Run. Høgste lovlege levealder er 21 Ã¥r, etter det blir folk frivillig henretta. Alle har ein krystall i hÃ¥ndflata som fortel alderen deira. Alle lever i ein og same by, beskytta av ein kuppel.
2199. The Matrix. Menneske mot intelligente maskiner. Mørke skyer dekkar jorda og maskinene brukar menneske for energisamling. Menneska er ubevisst kopla til ei simulert verd.
2505. Idiocracy. Dumme menneske har formeira seg mest og verda er prega av idioti. Presidenten i USA er tidlegare porno- og wrestlingstjerne. Den beste TV-underholdninga er promping.
3978. Planet of the Apes. Apekattar herskar på jorda, menneska har blitt slavar og kjæledyr for apekattane og blir sett på som uintelligente skapningar.
802701. The Time Machine. Blå skapningar, «morlocks», lev under jorda og livnærer seg på dumme menneske som dansar rundt paradiset på overflata, som blir hausta når dei når ein viss alder.