Filmdagbok
ness
05-mai-2008

The Ultimate James Dean Collection

Ettersom eg trakk meg ei visdomstann har eg tatt det heilt med ro i dag og fullførte samlinga av James Dean filmar som eg kjøpte tidlegare i år og starta på i går. Det skal seiast, samlinga er ikkje verdens største, James Dean fekk berre tid til å spele i tre store filmrollar, alt i løpet av 16 månader før han krasja i eit tre og døydde momentant. Trist, han var eit stort talent, det er ikkje eg i tvil om etter å ha sett desse tre filmane.

East of Eden (1955, Elia Kazan)

For å ta det kronologisk etter utgivelse startar eg med gjennombrotsfilmen til James Dean, og den einaste han sjølv fekk oppleve suksessen av mens han levde.

Basert på siste tredjedel av boka til John Steinbeck («Of Mice and Men», «The Grapes of Wrath») omhandlar denne ein familie på to søner og ein far, hovudrollen er tildelt Dean som spelar den «onde» av dei to sønene, skjønt ond er ei overdrivelse, han er berre litt vill av seg. Filmen sit djupt og gjer inntrykk, Dean imponerar stort og gjer i stor grad filmen til sin. Det flottaste med filmen er at sjølv om karakterane til ei viss grad blir fortalt verbalt kva skal stå for, er dei meir tredimensjonale enn som så og lever sine eigne liv. Eit nydeleg drama, absolutt å anbefale!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Rebel Without a Cause (1955, Nicholas Ray)

Dette er meir av ein ungdomsfilm enn den forrige, og sjølv om Dean storspelar her og, når den ikkje heilt opp på topp. Likevel er den nok betre kjent blant folk flest. Eg satte pris på filmen som underholdning, på grunn av spelet til James Dean og for ikkje å gløyme nydeleg bilde i flotte WarnerColors. Men eg har litt problem med å sjå på rollen til Dean som den største rebellen, han er meir ein rotlaus ungdom i mine auger, ein ung gut med gode intensjonar som har litt vanskeleg med å finne seg tilrette i samfunnet. Difor passar den norske tittelen ganske godt, som nettopp er «Rotløs ungdom». For å vege opp til sjuaren eg har bestemt meg for å gi filmen vil eg påpeike nok ein gong at fargane er storarta, den raude jakken til Dean er ein av dei flottaste raudfargane eg har sett på film. Også å anbefale, men ikkje i så stor grad som «East of Eden».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Giant (1956, George Stevens)

Dette er mest Elizabeth Taylor og Rock Hudson sin film, sjølv om James Dean får sin del av den 3 timar og 20 minuttar lange kaka. Bli med til Texas i den svarte gullalderens spede begynnelse og opplev eit livslang ekteskap og ein ung manns veg til rikdom. Det er snakk om to sider her, ekteskapet mellom Taylors og Hudsons karakterar og Deans litt ville outcast på den andre sida. Filmen går seg godt til i lengden, som er ein krevande prøvelse for sofamusklane. Men så er det igjen den type film du forventar at skal vere lang, stor, påkosta, og det går seg godt til. Ein blir trekkt inn i handlinga og blir godt kjent med karakterane og omgivelsane. For å ta Dean i betrakning, sidan innlegget her skulle handle mest om han, så hamnar han litt i skyggen reint tidsmessig her, ganske naturleg med tanke på filmens hovudhistorie, men med storarta skodespel skulle eg gjerne sett meir til han. Har du tid så ser du denne filmen også! Ikkje heilt oppe ved sidan av «East of Eden» denne heller, men hakket betre enn «Rebel Without a Cause».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.