Margot at the Wedding (2007)
Etter å ha blitt kjent med Noam Baumbach som filmskapar gjennom «The Squid and the Whale» tilbake i 2006 var det knytt forventingar til den nye filmen hans som gjekk an å anskaffe på DVD (sone 1) allereie i i februar. No når kjem på kino her til lands gjer eg det som eg hoppa over i februar og skriv litt omkring den.
I hovudrollen som Margot har me Nicole Kidman, som i starten av filmen kjem til huset på øya der søstra held til med den noko spesielle ektemannen sin, spelt av Jack Black. Søstra (Jennifer Jason Leigh) og Margot har ikkje det beste søskenforholdet, samtidig som dei har andre personlege problem å stri med. Baumbach viste at kunne gjere dysfunksjonell familie til film med «The Squid and the Whale» (og har også bidrege i stor grad til manuset på Wes Andersons «The Life Aquatic with Steve Zissou» som på sitt vis handlar om familie), og prøver seg igjen her. Stjernene er på plass og det meste ser bra ut på papiret.
Så har det seg sånn at «Margot at the Wedding» blir litt enkel og behandlar temaet sitt for forsiktig, humoren som eg forventa gjorde sjeldan meir enn å småboble, sjølv om filmen har sine flotte augeblikk både her og i dramaet legg den seg nærmare den anonyme middelvegen enn å trå til med sporsettande episodar - kjenslemessig. Eg mislikte ingenting ved filmen, det er ikkje problemet, problemet er enkelt og greitt at dette blir for forsiktig og det skjer for lite i lengden.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
