Olsenbanden og Data-Harry sprenger Verdensbanken (1978)
(IMDb)

Den 9. filmen om Olsenbanden vart laga i 1978 og er ein av dei store publikumsfavorittane i serien. Dette er også den filmen, saman med «Olsenbanden for full musikk», som tek flest scener frå den danske filmen og limer rett inn i den norske. To av dei danske skodespelarane som er med er til og med dubba, det gjeld Bjørn Watt-Boolsen (Smith-Nilsen) og Karl Stegger (Vaktsjef i Verdensbanken). Ove Verner Hansen (Biffen) er med i denne filmen også, han er heldigvis ikkje dubba.
Denne gongen handlar det om ein korrupt diplomat, som på ulovleg vis har erverva seg 10 millionar dollar på sal av subsidiert fjellsmør til utlandet. Desse pengane skal vaskast reine i den norske avdelinga av Verdensbanken. Egon håpar å få tak pengane før dei kjem dit, men har ikkje rekna med Dynamitt-Harry. Han har vore i USA, og med underverda si hjelp har han gått omskuleringskurs og vorten forvandla til Data-Harry. Han veit no alt om datamaskiner og ny teknologi, og meiner at stetoskop og gummihanskar ikkje trengs for å gjennomføre eit kupp. Data-Harry har greidd å overtala Benny og Kjell til å verta med på laget hans, og dei er begge svært så engasjerte. Men då Egon set ein spikar oppi pluginntaket på datamaskina går heile datasystemet i stå, og Data-Harry vert rasande på bandemedlemmane og jagar dei på dør.
Dermed har Egon fått Benny og Kjell tilbake på laget sitt, og saman gjennomfører dei ein genial plan som gjer eit dei får tak i pengane. Så enkelt skal det derimot ikkje vera. Mester Hansen (Henki Kolstad) og Biffen vert sett på sporet av Egon og pengekofferten, og greier å ta pengekofferten ifrå han. Egon må då koma med ein ny plan for å få tak i pengane igjen. Pengane er no hamna i Verdensbanken, der dei skal vaskast reine. Ifølgje Egon er det ei overkommeleg sak, for det er ingen som veit kor lett det eigentleg er å bryta seg ut av Verdensbanken, når ein først har fått låst seg inn i banken om kvelden. Han får overtalt Data-Harry til å verta med. Datakunnskapane hans kjem godt med når dei skal bryta låsen og koma seg ut av Verdensbanken. I bakgrunnen lurer Mester Hansen og Biffen, dei har ikkje tenkt å gi seg utan kamp.
Sjølv om ein merker litt slitasje på skodespelarane og Olsenbanden-handlinga, er dette framleis Olsenbandenfilm av god klasse. Den første halvtimen er ikkje særleg mykje å skryta av, det vert mykje prat og krangling, heller lite handling. Så tek det seg opp, og me får Olsenbanden etter kjent mønster. Harald Heide-Steen Jr. gjer som vanleg ein god jobb, sjølv om det er som Dynamitt-Harry ein best kjenner han i desse filmane. Samspelet mellom Henki Kolstad og Ove Verner Hansen er også svært bra. Mester Hansen er på ein måte ein Egon ovanfor Biffen, der det er han som kjem med planane og ideane, og Biffen er den feite dansken som berre har å gjera som sjefen seier. Skulle gjerne sett dei to i samspel i seinare filmar også.
Eg må også ta med dei heftige bilforfølgingsscenene mot slutten av filmen, som er gjort på ein professjonell og artig måte. Olsenbanden og bilscener heng verkeleg saman, i denne filmen tok ein det fullt ut. Så får det berre vera at ein har «stelt» frå den danske filmen her også. Å vurdera denne filmen opp mot dei andre i serien er ikkje enkelt. Det er i grunn lite som skil denne filmen mot film nr. 6-8 i serien når det gjeld humor og filmkvaliet, dei følgjer alle eit mønster utan at filmane vert altfor forutsigbare. Og så er det jo artig å sjå att gode skodespelarar som gir alt i både hovud- og biroller. Det er såpass mange artige scener og dialogar i denne filmen, noko som gjer at den vert svært høgt verdsatt av meg.
Vurdering: 8 av 10
