Filmdagbok
ness
14-mai-2008

Ricky Gervais Live 3: Fame (2007)

User Rating: 7.6/10 (250 votes)

Ricky Gervais, mest kjent for britiske «The Office», driv også på med standup. Dette er den tredje runden med nytt materiale som har funne vegen ut på video. No har eg ikkje sett dei tidlegare, så kor vidt materiale her når opp eller toppar det eldre forblir uvisst for min del.

For å ta det gode først, Gervais er flink til å komme med grove slengkommentarar som blir morsomme fordi han ikkje held tilbake den spøkefulle tonen. Han legg også ein del opplysningar inn i vitsane sine og gjer det heile personleg på ein truverdig måte ved at han brukar seg sjølv som kjendis i senter for ulike begivenheitar. Fyren er smart, men tonar det ned fordi han ser litt slask ut. Når han kjem med treffande poeng blir det naturleg morsomt og han unngår den kunstige varianten som nokre tyr til, der dei tydeleg prøver å vere morosame.

Men Gervais fell likevel ikkje heilt i smak, mange av vitsane er eviglange og har ikkje gode poeng til å vege opp for tidsbruken, dessutan bør dei små anekdotane i seg sjølv vere morsomme for å gi det ultimate standupshowet, det er ikkje berre poenget som er bra. At showet er veldig britisk er vel ingenting å klage på, så sant du ikkje er norsk og går glipp av halve moroa ved at han snakkar om folk du ikkje har peiling på. At eg ikkje får dette med meg er på sett og vis min eigen feil som ikkje har satt meg inn i miljøet, men eg synst det er ein valid grunn til å trekke ned på.

Alt i alt byr dette på nok moro til å halde det gåande, eg blei litt skuffa etter å ha hatt generelt gode erfaringar med standup siste par åra, då eg har sett namn som Jimmy Carr, Sarah Silverman og Pablo Francisco. Har du veldig sansen for Ricky Gervais tvilar eg på Live-DVDane er bortkasta tid, her fall det ikkje meir enn sånn passe i smak.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Arinbjørn har sagt:

Sjekk også ut Animals. Den er morsommare, har mindre navn-referansar og er meir heilhetleg.

ness har sagt:

Var det i GTA4 du kom til å tenke på Ricky Gervais? Han har ein smakebit frå Fame på scena der, morsomt.

Arinbjørn har sagt:

Jepp, det var i GTA4! Eg visste ikkje at han hadde stand-up shows. Klippa i GTA er fra Animals. Ellers har eg sett Extras, sesong 1 og 2, og det er her Ricky Gervais virkelig viser kva han kan!