Romantikk og romferd
Ein aldri så liten samlepost med vekas audiovisuelle variasjonar, i foretrukke rekkefølge.
High Fidelity (2008, Stephen Frears)
John Cusack har dametrøbbel i denne musikksentrerte filmen som også innheld Jack Black og Iben Hjejle. Første først, John Cusack har eg sansen for, bortsett frå nokre mindre gode filmar innimellom kan han verkeleg leve seg godt inn i rollane som krev eit ekstra dose menneske til seg. I «High Fidelity» må han spele platebutikkeigaren som stadig møter veggen i forholda til andre kvinner. Mange av kjenslene blir uttrykkte i form av topp 5-lister tilknytta musikk og at det heile dreiar seg rundt musikk i så stor grad som det gjer er med på å gi filmen det nødvendige ekstra rundt karakterane som skal til for å skape god stemning.
Dessutan, Jack Black gjer ein av dei beste rollane sine, Iben Hjejle er akkurat passe diffus til å bli mystisk til å bli interessant. Og soundtracket kjøpte eg for mange, mange år sidan… for dette var tredje gong eg såg filmen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
You’ve Got Mail (1998, Nora Ephron)
Tom Hanks og Meg Ryan i fine «Du har fått epost» aka «You’ve Got Mail». Sjekka denne ut på bakgrunn av at det er ein adapsjon av «The Shop Around the Corner», som den andre fine filmen med James Stewart også er.
Kva skal eg sei? Var litt skeptisk til om dette holdt som rom-com i 2 timar, men må sei meg fornøgd med filmen i ettertid. Den ber godfølelsen store deler igjennom, har mange lyse, lune, humoristiske augeblikk og treff i blant godt med småtriste episodar. Meg Ryan er flink til å hente ut «noko ekte» i desse episodane og tilfører filmen mykje, Tom Hanks funka også.
Det som er sikkert er at eg koste meg, fekk lyst til å hente fram igjen andre 90-tals rom-coms. Difor «High Fidelity» i toppen av innlegget.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Blindpassasjer miniserie (1978, Stein-Roger Bull)
Norsk miniserie frå 1978, sci-fi, NRK-produsert, av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd, med Bjørn Floberg og Henny Moan, blant anna. Dette er ein både-og serie, den er både god og dårleg. God fordi det er eit potensiale i det meste, dårleg fordi det er halvt utført. Skodespelet er stivt som i norsk fjernsynsteater, dialogen er i overkant enkel og speglar tydeleg eit syn Bing og Brinsværd må ha hatt på publikum som dumme, dumme utan moglegheiter til å sjølv trekke parallellar og sjå løysingar. Men eg kjem ikkje frå at dette er eit ørliten bit spennande i blant, morsomt, har mange gode idear og like gjerne kunne ha vore ein film som ein miniserie. I blant inntilsittande romtrikot og bonderobotar er det eit snev av god historie.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Chocolate (2008, Prachya Pinkaew)
Historien fungerar dårleg her, slossinga på si side er festlege saker og gjer det til god underholdning. Samanlikna med Pinkaews Ong-Bak og Tom Yum Goong er det derimot labert, sjølv om historiane der heller ikkje var all verden.
Eg har vanskeleg for å anbefale denne, hadde det ikkje vore for Pinkaew hadde eg nok glatt latt den gå forbi i stillheit, men igjen er det slossing då, som gjer at eg flyttar denne opp frå midt på treet til ein 6-ar.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Jeg har også akkurat sett Blindpassasjer. Ja, jeg så den jo når den gikk på TV også jeg da, for jeg er jo en gammel mann. Men det var et hyggelig gjensyn. Datert så klart, men det er jo en kjempegod historie der, gjemt blant alt det fantastiske syttitallsinteriøret.
Den kaffikanna som blir brukt er jo eit av dei fortsatt eksisterande danske designerobjekta i produksjon, familien min er vel på si andre slike. ;)