ness
23-mai-2008

Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull (2008)

IMDb: 8.6/10 (3,595 votes)

«Iron Man» opna blockbustersesongen, men det ser ut til at «Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull» (heretter «Indy 4») er den første det er interesse for på skrytenivå, for det første er det ein oppfølger, for det andre er det Indiana Jones, for det tredje er det ein film folk aldri trudde ville komme før Lucas og Spielberg overraska folk med planane - dette igjen gjer det til ein film som på mange måter MÅ sjåast, føler mange. Sjølvsagt har eg ingenting å begrunne utsegnet mitt med, så la oss berre godta dette for denne gong.

Den fjerde filmen i rekka har satt handlinga til 1957, ein periode for atomprøvesprening i Nevadaørken, utfrysing av påståtte kommunistar i det amerikanske samfunnet og trusselen russarane sjølv var i den kalde krigen. Vår venn Indiana Jones er blitt gammal gubbe, like gammal som Harrison Ford omtrent, og Lucas/Spielberg har sett sitt å hente inn yngre blod i form av Shia LaBeouf som blir Fords sidekick utover.

Etter ein noko sløv start, lang også, der filmen brukar evigheiter på å introdusere oss til svært lite og der både humor og spenning blir lite moro og lite spennande, tek «Indy 4» seg etterkvart opp. Sånn ca halvveges i filmen begynnar eg å merke at dette faktisk er gøy, dette er så langt ut i filmen at den eviglange introduksjonen er ferdig og det er duka for fart og fullt køyr resten. Mykje av dette er langt over toppen av kva som eigentleg er nødvendig, eg siktar då spesielt til filmens siste parti, men eg storkosar meg og tek inn alt som skjer som den påkosta underholdninga det er meint å vere.

Dette sagt, første del av filmen har noko for seg, blant anna nokre fine referansar til ungdomsfilmen anno Marlon Brandos ungdomstid, og det heile ser ganske lekkert ut. Greia er at ingenting grip meg umiddelbart i opningen som eg hadde ønska, det mangla rett og slett magi. Men så kjem den fantastisk artige spenningsdelen etter kvart og skyv alle desse tankane lengre bak. Eg sat igjen med ei fin kjensle etter filmen var ferdig.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10