Kveldsprat med Kevin Smith
«An Evening with Kevin Smith» og «An Evening with Kevin Smith 2: Evening Harder» er tilsaman nesten 8 timar med Q&A med filmskaparen bak «Clerks», «Chasing Amy», m.m. For andre meir kjent som Silent Bob i opptil fleire filmar. Q&A her er for dei usikre eit konsept der publikum stiller spørsmål og Kevin Smith svarar.
Første del, «An Evening with Kevin Smith», kom i 2002 og er samansatt av materiale samla frå 5-6 ulike college som Smith besøkte, der han i høgtidleg tone svarar publikum på seriøse, mindre seriøse og useriøse spørsmål. Dei som kjenner filmane til Kevin Smith veit at det blir mykje banning og vulgært snakk i mannens nærver, og i løpet av denne videoen blir det så absolutt bekrefta. Dette betyr ikkje at det berre er kødd med opplegget, han har ein haug med gode, morsomme og interessante historiar og opplysningar å komme med, desse tenar på at han ikkje legg lokk på noko som helst i forteljingane sine. Av nemneverdige bitar som går an å gjenfortelje ideen rundt er då han i detalj fortel korleis han møtte kona si og hadde sex med ho første gong, korleis penisen hans under «gnikkinga» før dei tok av seg kleda skrapa opp på innsida av glidelåsen, men han likevel gjekk for samleie, sjølv om det etterkvart føltes som å putte pikken i batterisyre. Ein anna historie er når han brukar 10-15 minuttar på å fortelje om møtet sitt med artisten Prince som ein av dei sjukaste personane han har møtt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Andre del, «An Evening with Kevin Smith 2: Evening Harder», er stort sett same opplegget, berre ikkje samansatt av mange ulike framtredenar. Her har du del 1 frå Toronto og del 2 frå London. Han gjentek ikkje seg sjølv og held det nesten like bra gåande som i den førre videoen. Alt i alt er ikkje det så mykje interessant her som i den førre, utan at eg kjem til punktet der eg kjedar meg heller. Det er fortsatt gøy, og det held seg sikkert bra gjennom den tredje slike samlinga som kjem snart, «Kevin Smith: Sold Out». Noko som var med på å gi denne boksen ein anna dimensjon er at kona til Kevin Smith, ei dame ved namn Jennifer Schwalbach Smith som har vore med i mindre rollar i både «Clerks II» og «Jay and Silent Bob Strike Back», er tilstades blant publikum under Toronto-besøket, og mora til Kevin Smith er tilstades i London - som blir ganske drøyt når han bannar og steiker og snakkar om intime detaljar frå privatlivet sitt i så stor grad som han i blant gjer. Tolk meg ikkje feil, det er ikkje tull desse videoane, dei er berre ein uhøgtidleg tone i forhold til det f.eks. Woody Allen ville ha holdt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Nå har jeg egentlig bare sett An Evening With Kevin Smith, men det som virkelig slår meg ved den filmen er at, når jeg tenker tilbake på den, ser jeg ikke Mr. Smith som står og snakker forran et publikum, jeg ser historiene han fortalte. Han har en måte å snakke på som danner veldig klare mentale bilder underveis, noe som alltid får meg til å fnise når jeg tenker på “Dogma is dogshit” plakaten med alt glitteret.
Ikkje sant?! Det blir aldri berre personen som står og snakkar..