ness
05-mai-2008

The Ultimate James Dean Collection

Ettersom eg trakk meg ei visdomstann har eg tatt det heilt med ro i dag og fullførte samlinga av James Dean filmar som eg kjøpte tidlegare i år og starta på i går. Det skal seiast, samlinga er ikkje verdens største, James Dean fekk berre tid til å spele i tre store filmrollar, alt i løpet av 16 månader før han krasja i eit tre og døydde momentant. Trist, han var eit stort talent, det er ikkje eg i tvil om etter å ha sett desse tre filmane.

East of Eden (1955, Elia Kazan)

For å ta det kronologisk etter utgivelse startar eg med gjennombrotsfilmen til James Dean, og den einaste han sjølv fekk oppleve suksessen av mens han levde.

Basert på siste tredjedel av boka til John Steinbeck («Of Mice and Men», «The Grapes of Wrath») omhandlar denne ein familie på to søner og ein far, hovudrollen er tildelt Dean som spelar den «onde» av dei to sønene, skjønt ond er ei overdrivelse, han er berre litt vill av seg. Filmen sit djupt og gjer inntrykk, Dean imponerar stort og gjer i stor grad filmen til sin. Det flottaste med filmen er at sjølv om karakterane til ei viss grad blir fortalt verbalt kva skal stå for, er dei meir tredimensjonale enn som så og lever sine eigne liv. Eit nydeleg drama, absolutt å anbefale!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Rebel Without a Cause (1955, Nicholas Ray)

Dette er meir av ein ungdomsfilm enn den forrige, og sjølv om Dean storspelar her og, når den ikkje heilt opp på topp. Likevel er den nok betre kjent blant folk flest. Eg satte pris på filmen som underholdning, på grunn av spelet til James Dean og for ikkje å gløyme nydeleg bilde i flotte WarnerColors. Men eg har litt problem med å sjå på rollen til Dean som den største rebellen, han er meir ein rotlaus ungdom i mine auger, ein ung gut med gode intensjonar som har litt vanskeleg med å finne seg tilrette i samfunnet. Difor passar den norske tittelen ganske godt, som nettopp er «Rotløs ungdom». For å vege opp til sjuaren eg har bestemt meg for å gi filmen vil eg påpeike nok ein gong at fargane er storarta, den raude jakken til Dean er ein av dei flottaste raudfargane eg har sett på film. Også å anbefale, men ikkje i så stor grad som «East of Eden».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Giant (1956, George Stevens)

Dette er mest Elizabeth Taylor og Rock Hudson sin film, sjølv om James Dean får sin del av den 3 timar og 20 minuttar lange kaka. Bli med til Texas i byrjinga av den svarte gullalderen og opplev eit livslang ekteskap og ein ung manns veg til rikdom. Det er snakk om to sider her, ekteskapet mellom Taylors og Hudsons karakterar og Deans litt ville outcast på den andre sida. Filmen går seg godt til i lengden, som er ei krevande påkjenning for sofamusklane. Men så er det igjen den type film du forventar at skal vere lang, stor, påkosta, og det går seg godt til. Ein blir trekkt inn i handlinga og blir godt kjent med karakterane og omgivelsane. For å ta Dean i betrakning, sidan innlegget her skulle handle mest om han, så hamnar han litt i skyggen reint tidsmessig her, ganske naturleg med tanke på filmens hovudhistorie, men med storarta skodespel skulle eg gjerne sett meir til han. Har du tid så ser du denne filmen også! Ikkje heilt oppe ved sidan av «East of Eden» denne heller, men hakket betre enn «Rebel Without a Cause».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
05-mai-2008

Friends sesong 1

24 episodar.

Som dei fleste har eg sett «Friends» på TV2 i løpet av åra, aldri fast, men likevel nok til å kjenne både ulike karakterar og storylines. No har eg altså starta så smått på serien i kronologisk rekkefølge, og tankane etter å ha sett første sesong er følgande.

«Friends» er morsomt. Det er stort sett noko å smile over heile vegen, og det var det eg var på jakt etter. Utan å gjere dette om til eit innlegg av den typen så kan eg vel også konstantere at eg har sett betre komediar. «Friends» har ikkje, så tidleg i fasen iallfall, det som skal til for å hekte meg og kaste meg over neste episode, her må mi eiga lyst for komedie stå åleine. For min del var det akkurat ein slik serie eg var på jakt etter, noko som ikkje trakk meg så djupt inn i tv-land som andre seriar har gjort den siste tida, eg var altså berre på jakt etter noko morsomt.

Lite trengs å bli sagt om «Friends» med tanke på handling, karakterar, oppbygging. Det er klart at serien har vore med på å danne trendar i ungdomsmiljøet eg var ein del av, for her er det lett å kjenne igjen uttrykk og måtar å uttrykke seg på, likevel om det no er amerikansk.

Planen min, for å skulle høyre litt seriøs ut, er å fortsette på serien. Eg likte altså første sesong godt nok til å få lyst til det. Likevel om eg ikkje er så nøyen på det akkurat no så reknar eg med serien blir endå betre bearbeida på dramadelen utover, då eg veit nokre av vegane historien vil gå etter kvart.

I morgon er det forresten akkurat 4 år sidan avslutningen på 10. sesong!

 
ness
03-mai-2008

The Shop Around the Corner (1940)

IMDb: 8.0/10 (5,735 votes)

Eg var ikkje klar over, men «You’ve Got Mail» frå 1998 med Tom Hanks og Meg Ryan er ei nyinnspeling av den klassiske perla, «The Shop Around the Corner» frå 1940. I originalen, som eg nyleg har sett, har me James Stewart i herrerollen som Alfred og Margaret Sullavan som Klara, viss brevkorresponderar med kvarandre utan å vere klar over at dei er kollegaer i den same butikken, som forresten ligg i Budapest. Forholdet mellom desse to i butikken er det motsatte av kva breva betyr for dei, noko som på si side gjer dette til ein film ein lett får tak på ideen til.

Samtidig handlar det ikkje berre om desse to, tittelen styrer dette inn på ein butikk som framstår som like viktig for framdrifta og handlingsforløpet i filmen som forholdet mellom Alfred og Klara. I den skapte atmosfæren får både komedie og drama godt rotfeste, i ei velporsjonert blanding som gjer dette til ein feelgood film. All handling er ikkje avgrensa til butikklokale, men det seier seg at det står på dialog og skodespelarprestasjonar i omgivelsar som me blir servert i «The Shop Around the Corner», ettersom dei er statiske og ikkje særleg spennande. Dette blir igjen kompensert med høgt tempo, orda flyg fram og tilbake i toppfart, utan å bli slitsomt takka vere små pusterom.

James Stewart gjer ei storarta rolle, om ikkje den beste så iallfall der oppe. Han var grunnen til at eg såg filmen og spelte såleis ei viktig rolle for kor vidt dette skulle lykkast å bli underhaldande for underteikna. Dette sagt, resten av persongalleriet følger tett opptil, kanskje spesielt Felix Bressart som familiemannen Pirovitch, han bidrog til stadig latter kvar gong han raskt forsvinn når det blir bedt om ærlege meiningar i butikken.

Oppsummert, ein god film, kanskje då spesielt for den som er ute etter James Stewarts betre filmar og/eller morsomme, dialogvittige romantiske komediedrama frå gammalt av.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10