Top Gear ryktebørs
Mens det endå er usikkert når Top Gear kjem tilbake, nettsidene seier sommaren 2008, vil eg dele nokre rykter om kva den kommande sesongen kanskje vil tilby. Viktig er det å understreke at eg ikkje har gått for å finne bekrefelsar på desse, og at det mest sannsynleg ikkje har komme nokon bekreftelsar heller.
- Hammond, Clarkson og May vil reise til Japan for ein av dei kjente «cheap cars challenges», på grunnlaget av at Hammond vil føle seg høg blant japanarane.
- Eller blir det Nissan GT-R v.s. Bullet Train (Shinkansen) i Japan?
- Serien vil introdusere ein ny karakter, litt som The Stig, men ikkje heilt som The Stig. Ein karakter som håpefullt vil gjere spennande saker til glede for seriens publikum.
- Studio vil få nye stolar.
- Vi vil få eit «bil vs. ukjent faktor» type race. Igjen, Shikansen?
- Jeremy skal teste ein genial plan for å gjere britiske politibilar betre.
- Det vil fortsatt vere store innslag, men i litt mindre grad enn før.
- Top Gear vil gå til krig mot Tyskland. Sabine kjem tilbake! Vil dette involvere paintball?
- The Stig vil teste Veyron. Eller berre eit standard photoshoot for eit magasin?
- James vil køyre ein mini-tank.
Også eit par bilder for å stusse meir på eit par av rykta.



Hadde hørt halvparten av de ryktene (leser da bloggen til Andy jeg og), men er veldig fornøyd med å få resten. Flotte bilder og, da gitt!
*gleder seg noe helt sykt*
Det seneste ubekreftede ryktet er at Top Gear vil være tilbake på skjermene våre om tre ukers tid. *gleder seg masse*
Eg fann mesteparten på eit forum, der Andy bl.a. hadde skrive eit lengre innlegg som nok står for dei mest truverdige og på kanten til sanne rykta.
Håpe på ein lang sesong! Har du høyrt noko derifrå, såg noko om 6 få episodar, men om det var grunnlag for dei rykta hugsa eg ikkje, la ikkje merke til kor det stod - så eg kutta ut å nemne det her. Håpe på minst 10!
finalgear-forumene?
Det er en del blogger ute på topgear.com, bl.a. Andy sin (la du forresten merke til at han var “polakken” som hjalp James i Top Ground Gear Garden Force, eller hva den nå het?) Det innlegget var nok en kopi av den blogposten. Jeg har ikke hørt noe om antall episoder, men tidsfristen skulle visst ha kommet fra noe Clarkson har skrevet.
Ein subforum til alt-mogleg-foruma The Something Awful, kom over via eit Google-søk. Sikkert betre og meir oversiktleg på Finalegear-foruma.
Jeg holder ikke til på finalgear-forumene. Er ikke superglad i tonen der, men den offesielle siden til Top Gear og artiklene til gutta er ofte gode kilder. ;)
Står (ubekrefta) 22. juni på Finalgear.com ein plass!