Jim Carrey: The Un-Natural Act (1991)
Kva kan ein sei om ei standupkomikars akt anna enn at det er morosamt eller kjedeleg? Litt om stilen kan komme på bane og sette lys på kor vidt behandlinga av tema er bra?
Dei fleste som har sett 1990-talskomediane til Jim Carrey kjenner stilen hans, prega av svært mykje kroppsspråk og fakter, grimasar og eit breidt spekter av ulike stemmer. I standupsamanheng er dette gull verdt, iallfall for at det skal slå igjennom for vedkommande. Når ein komikar har både gode vitsar og i tillegg viser seg sjølv som ei energibombe som gir alt blir det skikkeleg gøy å sjå på. Det kan ikkje lukkast heile tida, men igjen, Carrey har talent. Han overdriv så det held og halve showet hans er nok fakter, men du verden kor artig det er å følge med på.
Undervegs kom eg til å tenke Pablo Francisco som også til ei viss grad brukar grimasar, kroppslege rørsler og slikt til å danne visuelle bilde knytta til historiane sine, ein utruleg morosam standupkomikar må seiast. Her virkar Jim Carrey endå meir spontan, tek det heile mange hakk lengre og hoppar i blant godt ut av boksen på kva han faktisk har snakka om, berre for å overraske publikum til å le ekstra.
Ei varm anbefaling til den som måtte sette pris på god, amerikansk standup.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
