Filmdagbok
ness
16-jun-2008

Drillbit Taylor (2008)

User Rating: 6.1/10 (4,102 votes)

Gjennom tidene har grupper av skodespelarar som opptrår i same filmar gjerne blitt kalla «packs», av slike har me Rat Pack, Brat Pack og Frat Pack. Er Judd Apatow senter for den nye store «packen»? Fleire av dei populære engelskspråklege filmbloggane har fått for seg dette, eg stiller meg derimot kritisk ettersom Apatow har gått veldig mykje ut til sidene siste par åra med å produsere framfor berre å samle kameratane sine framfor kamera i komediane sine. I «Drillbit Taylor» finn me han igjen på produsentsida, Seth Rogen som har det med å dukke opp i samanheng med det Apatow gjer har vore med på manussida her, men sett bort frå dette er det ingen kjente framfor kamera anna enn Owen Wilson, som på si side høyrer eller høyrde til Frat Pack (Ben Stiller, Will Ferrell, mfl.). Siste året har det derimot vore snakk om at Frat Pack som det brukte å vere ikkje eksisterar lengre, tross at nokre av dei i gjengen har det med å spele inn i film i lag. Diskusjonen får bli usatt.

«Drillbit Taylor» skor seg på Owen Wilson sitt namn, men det er eigentleg to små ungar som står i spissen for handlinga, desse og den ubetydelege sidestykket av ein venn eg aldri ser poenget med å inkludere minnar mistenkeleg mykje om gutane i «Superbad», ein anna film som involverar Rogen på manussida og Apatow som produsent, men som også har fleire kjent ansikt frå tidlegare Apatow-arbeid på skjermen. Problemet er at gutane i «Drillbit Taylor» aldri er morsomme, dei framstår som bleike kopiar med ein feit, ein tynnare og ein übergeek, på «Superbad»-gjengen. Owen Wilson ror lett i hamn plassen som filmens skulder med sin vante, avslappa spelestil, utan at det gjer filmen til ein nemneverdig sterk komedie. «Drillbit Taylor» luktar gjennomsnittleg heile vegen, iallfall nesten, eit lite søkelys mot mobbing og unnastyring av dei verste stereotypane trekk det litt opp og eg finn meg sjølv i å trekke på smilebåndet eit par stader, men diverre altfor få.

Det «Drillbit Taylor» manglar er karakterar med meir djubde, større talent på skjermen som kan utfordre istaden for å trekke ned Owen Wilson, den leverte historien er til dels grei nok, litt forutsigbar sett i retrospektiv, men undervegs kurant nok. Problemet mitt er kanskje at eg stadig sat og hadde trua på betre og haldt ut dei 110 minuttane på grunn av dette, for eg lot meg aldri underhalde så altfor masse, berre midt på treet.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.