Filmdagbok
ness
18-jun-2008

The Lookout (2007)

User Rating: 7.3/10 (15,402 votes)

«The Lookout» har stort potensiale, men klarar berre til ei viss grad å oppnå det.

Joseph Gordon-Levitt har spelt i nok av filmar og seriar, underteikna og kanskje andre kjenner han best frå «Brick», i «The Lookout» møter me han i rolla som Chris Pratt, viss bilulykke i ung alder har ført til ei hjerneskade som hemmar kvardagen til Pratt i stor grad. Kinotraileren til denne filmen la stort vekt på krim og thriller medan store deler eigentleg er eit drama omkring emna til Pratt å komme seg gjennom kvardagen. Eg møtte filmen utan, eller med veldig få, forventingar om kva den skulle dreie seg om. Eg visste det var snakk om thriller, men med eit godt stykke tid i mellom eg såg kinotraileren og til eg såg filmen var dei fleste spesifikke inntrykka derifrå viska ut. At det tek si tid før det blir fart i sakene gjorde meg altså ingenting, eg kan likevel sjå at dei som forventar hardbarka krimfilm kan bli skuffa.

Når eg snakkar om uoppnådd potensiale tenker eg først og fremst på ei rekke unødvendige detaljar, usvarte spørsmål og halvveges gjennomførte deler av filmen. Grovt sett er «The Lookout» god underholdning med fleire ting for seg, det er dei rekke småtinga som kunne ha vore gjort betre som trekk dette ned til hakket under god, nemleg ei grei filmopplevelse. Utan denne finpusset føles ei rekke løysingar noko billeg og filmen kunne også tent seg med å fokusere meir på hovudtråden og unngå avstikkarane den gjer. Tru meg, eg set stor pris på Isla Fisher som skodespelarinne, men i «The Lookout» er rollen hennar for udefinert, ho er på veg til å spele ei større rolle, ho har ei glimrande dialogscene med Jeff Daniels, før ho nærmast brått forsvinn ut av heile historia utan å gi publikum anna enn endå fleire spørsmål til kvifor ting blir gjort som det blir.

Eg virkar i overkant negativ her, og vil avslutningsvis påpeike igjen at det er relativt små detaljar, om enn ein del, som trekk ned den totale underholdningsverdien i ein elles rimeleg grei film. Sånn for å balansere i forhold til karakteren eg gir den.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10