ness
20-jun-2008

P.S. (2004)

IMDb: 6.4/10 (2,454 votes)

Laura Linney glødar i ein elles middelmådig film.

Som fan av «That ’70s Show» har eg av og på fulgt med dei ulike skodespelarane sine aktivitetar på storskjermen dei siste åra. Ettersom, lat oss innrømme det, fleire av dei involverte ikkje er all verdens å skryte av i andre rollar enn som ungdom anno 1970-talet, har eg over tid dreia fokuset inn på stort sett Topher Grace og Ashton Kutcher. Kutcher har spelt i mykje møl, men vist i eit par filmar at han kan trå i blant. Grace har spelt i langt færre filmar, gjerne også i mindre rollar, og sjølv om det har gått veldig seint framover trur eg han har ei større framtid i filmverda enn Kutcher.

Rollen Grace spelar mot Linney i «P.S.» er litt flat, men dette skuldast heller manus og denslags enn skodespelaren. Greia med filmen er at den tek årsakene til handlingsforløpet for gitt før det har gått altfor lenge då den går inn for å hente seg inn igjen, men då på ein klumsete måte som ikkje heilt går heim hjå meg. Fram til dette punktet var den i det minste ein grei film om ei vakker kvinne på 39 år som har hamna i ein monoton livsrytme som ser ut til å plage ho litt. Etter filmen prøver å gi møte mellom henne og den unge kunstnaren spelt av Topher Grace ei djupare meining får det meg til å stille spørsmål omkring det som har skjedd og eg synst store deler av det berre blir teit.

Så var det Laura Linney, ho er perfekt i rolla si og tilfører så mykje ekstra her at eg ikkje kan unngå å mislike filmen når ting skal vegast. Det er ingen overdrivelse å sei at Linney ER filmen her, skryt må også gå til regissøren Dylan Kidd som har klart å overføre manusforfattar og forfattar bak romanen filmen er basert på, Helen Schulman, sitt bilde av kvinna Linney portretterar. Men så var det alt det andre med filmen som ikkje heilt fungerar i lengden.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10